Antarktis
Norsk Polarinstitutt er Noregs utøvande miljømyndigheit i Antarktis. Instituttet har òg ansvar for norsk forskings- og miljøovervakingsverksemd i Antarktis, og driftar den heilårlege forskingsstasjonen Troll og dessutanTroll Airfield som er open frå oktober til februar. Vårt kontor i Cape Town hjelper til med planlegging og gjennomføring av ekspedisjonar til kontinentet.

Antarktis er det kaldaste, mest forblåste og tørraste kontinentet på jorda. Kontinentet har eit areal på ca. 14 millionar km2, som vert utvida til det dobbelte om vinteren når havisen strekkjer seg innpå 1000 km ut frå kysten. Introduksjon av framandartar, konsekvensar av økt turisme og endringar i klima er alle problemstillingar knytt til verksemd på kontinentet. Isen på kontinentet kan og gje svar på korleis klima har utvikla seg over fleire hundre tusen år, og er derfor eit viktig referanseområde for internasjonal miljøforsking.
Vis/skjul kjappe fakta om Antarktis
- 14 millionar kvadratkilometer stort eller 40 gangar større enn Noreg
- 98 % av kontinentet er dekket av is og snø
- Inneheld 90 prosent av all is i verden
- På det største er isen målt til å være 4776 meter tjukk
- Viss all is i Antarktis smelta, ville havnivået på jorda auke med ca. 70 meter
- Kulderekord: - 89,2 C
- Har et unikt og sårbart dyreliv
- Her er lite vegetasjon, og bare to blomstrande arter
- 45 fuglearter hekker i området
- Gjennom Antarktistraktaten er kontinentet via fred, miljøvern og forsking
- Norsk Polarinstitutt har nasjonal forvaltingsmyndigheit over miljøforskriften for Antarktis og fredingsforskriften for Bouvetøya
- Sida 1976/77 har norske forskarar jamleg gjennomført ekspedisjonar til det norske kravområdet Dronning Maud Land
Artar i Antarktis
Planlegg du aktivitet i Antarktis?
For deg som planlegg besøk eller aktivitet på kontinentet har vi laga eit samandrag av dei gjeldande krav og bestemmelsar i Antarktis. Hugs at du må sende melding til Polarinstituttet seinast eitt år i førevegen.
Polare operasjonar i Antarktis
Forsking i polare strøk er krevande. Ikkje minst frå eit logistikksynspunkt. Store avstandar, kaldt klima og generell mangel på infrastruktur set store krav til transportapparat, utstyr og sikkerheit. Ingen stader er dette meir synleg enn i Antarktis: Avstandane er enorme, klimaet ekstremt og infrastrukturen svært spreidd. Parallelt med oppbygginga av Troll som heilårsstasjon i Dronning Maud Land har Norsk Polarinstitutt bygd opp eit betydeleg støtteapparat for innkjøp, transport, bemanning, opplæring og operativ og teknisk drift knytta til stasjonen. Les meir om polare operasjoner i Antarktis.
Foto: Winfried Dallmann /Norsk Polarinstitutt
Miljø og klima i Antarktis
Antarktis har til no ikkje blitt påverka av klimaendringane i like stor grad som Arktis, og temperaturen i Antarktis er generelt svært låg. Fleire faktorar medverker til dette, mellom anna den lave solinnstrålinga om vinteren, evnen isen har til å reflektere solstrålinga, kjøle-effekten av langbølgestråling frå kontinentet og høgda til kontinentet over havet.