Bouvetøya

Bouvetøya er ei norsk øy i SørAtlanteren, i ein del av det havområdet som ofte vert omtalt som Sørishavet. Øya ligg 2200 kilometer sør for Sør-Afrika og 1600 kilometer frå Gough Island. Bouvetøya er ei av de mest isolerte øyane i verda, og 93 % av øya er dekt av isbrear. Bouvetøya er det territoriet i sør vi har mest kunnskap om, og er og ein del av norsk territorium som ikkje er omstridt. Norsk Polarinstitutt har regelmessige ekspedisjonar dit.

Fakta om Bouvetøya

Kart over Bouvetøya Foto: Norsk Polarinstitutt BouvetøyaBouvetøya er nesten heilt dekt av isbrear. Foto: Martin Biuw / Norsk Polarinstitutt Bouvetøya i Sørishavet.Bouvetøya ligg på 54° 25' S, 3° 21' A i Sørishavet, 2200 kilometer sør for Sør-Afrika og 1 600 kilometer frå Gough Island. Foto: Norsk Polarinstitutt

Antarktis er definert som området sør for 60 °S. Bouvetøya, som ligg på 54° 25' S, 3° 21' A, er såleis ikkje ein del av Antarktis. Øya er av vulkansk opphav, i og med at ho er toppen av ein vulkan som stikk opp av Sør-Atlanteren, i ein del av havområdet som ofte vert omtalen som Sørishavet, nær enden av den midt-atlantiske ryggen. Det siste vulkanutbrotet på Bouvetøya skjedde for lenge sidan, men utslepp av vulkanske gassar har vorte registrert i nyare tid òg. I 1978 vart det målt ein temperatur på 25 °C 30 cm nede i bakken.

Øya har eit areal på berre 49 kvadratkilometer, og er nesten heilt dekt av is. Bratte klipper på alle sider av øya gjer det ekstremt vanskeleg å gå i land. Olavstoppen er med sine 780 meter over havet det høgste punktet på øya.

Bouvetøya vart oppdaga av franskmannen Jean-Baptiste Lozier Bouvet så tidleg som i 1739, men det gjekk mange år før ho vart gjenfunnen. I 1927/28 blei den fyrste i ein serie av norske ekspedisjonar til Antarktis gjennomført. Lars Christensen var ekspedisjonsleiar. Dei brukte fartyet «Norvegia», og ekspedisjonane er sidan kjende som «Norvegia»-ekspedisjonane. 1. desember 1927 gjekk dei i land på Bouvetøya, planta det norske flagget og erklærte øya for norsk territorium. Britane var ikkje samde i dette, sidan dei hadde lagt inn krav om suverenitet så tidleg som i 1825. Etter ein del diplomatiske aktivitetar ga britane opp sitt krav i 1929. Ein norsk lov vart så vedteken i 1930, som definerte Bouvetøya som norsk biland. Territoriet er på grunnlag av langvarig statspraksis anerkjent av det internasjonale samfunnet som ein del av norsk territorium som ikkje er omstridt. Territoriet ligg nord for og faller utfor det geografiske anvendelsesområdet til Antarktistraktaten.

Bouvetøya har eit maritimt antarktisk klima. Vestlige vinder dominerer ved Bouvetøya, men vindstyrken er ikkje spesielt høg. Gjennomsnittstemperaturen ved havnivået ligger rundt -1 °C, med et månadsgjennomsnitt på rundt 1 °C i januar og -3 °C i september. Øya er til vanleg innhylla i skyer eller tjukk tåke. Ved eit lukketreff opplevde ein norsk ekspedisjon i 1985 heilt skyfrie tilhøve så lenge at dei fekk fotografert heile øya med sikte på seinare kartproduksjon.

Mose og lav dominerer den beskjedne vegetasjonen på Bouvetøya, sopp og algar finst også. Dyrelivet på øya er dominert av sel, pingvinar og andre sjøfugl som hekkar i koloniar. Det finst store koloniar med antarktispelssel på øya, og ein del elefantsel. Tolv fuglearter hekker på øya. Fangst av pelssel vart forbode på Bouvetøya i 1929, og i 1935 vart alle selartane i området erklært freda. Bouvetøya og havområda rundt øya fekk status som naturreservat i 1972, noko som sikra fullt vern av det rike og særmerkte plante- og dyrelivet på øya.

Forskingsaktivitet på øya

Elefantseler utstyrt med satellittsendere skaffet unike klimadata som forskerne bygger på, bl.a havets temperatur, saltinhold og dybde under MEOP (Marine Mammals Exploring the Oceans Pole to Pole), et prosjekt i det internasjonale polaråret 2007–2008. Video: Norsk Polarinstitutt / YouTube Teltcampen på Bouvetøya under polaråret 2007–2008Teltcampen på Bouvetøya under polaråret 2007–2008. Foto: Martin Biuw / Norsk Polarinstitutt

Bouvetøya inngår i et internasjonalt miljøovervakingsnettverk, og Norsk Polarinstitutt har regelmessige ekspedisjonar til øya.

I samband med ein forskingsekspedisjon i 1979 vart det sett opp tre hytter på øya. Desse hyttene har seinare gått tapt. Ein ny bygning (eigentleg ein container utstyrt som forskingsstasjon) vart sett opp i 1996 for å brukast av forskarar som vitjar øya. Då forskarar frå Norsk Polarinstitutt kom til Bouvetøya på seinhausten 2007, var området der forskingsstasjonen og ein vêrstasjon stod, rast ut i havet. Ekspedisjonsgruppa måtte då etablera ny leir i eit anna område på øya. I januar 2014 blei ein ny og godt utrusta stasjon satt opp, og Polarinstituttet kan igjen gjennomføre sin forskings- og overvakingsaktivitet på øya.

Naturreservat

Bouvetøya og dei nærliggjande territorialfarvatn blei freda i 1972, og vart med det verdas mest avsidesliggjande naturreservat. All aktivitet og ferdsel på øya er strengt regulert. Forskrifta forbyr blant anna tekniske inngrep og stadfesta vern av flora og fauna, og handtering av avfall og ferdsel i området.

Det er òg fastsett eigen ferdselregulering for Nyrøysa-området, der CCAMLR-overvakinga finn stad. I dette området skal direkte menneskelig påverknad unngåast for å få best mogleg overvakingsresultat.

Sel- og pingvinbestandane

Pelssel på BouvetøyaEin av pelsselfamiliane på Bouvetøya. Foto: Martin Biuw / Norsk Polarinstitutt

Pelsselkolonien i overvakningsområdet i Nyrøysa auka frå 7 900 individ til heile 65 000 individ mellom 1990 og 1997. Etter dette synes bestanden å ha stabilisert seg, truleg på grunn av mangel på høvelege areal.

I same periode var det ein monaleg nedgang i bestandane i pingvinkoloniane. Spesielt ringpingvinen er utsett. I 1990 blei det registrert høvesvis 2700 og 5900 ring- og gulltopp-pingvin. I 1997 var dei redusert til 422 og 4700. Også her synest det å være mindre endringar etter 2000.

Endringane i pingvinbestandane heng truleg saman med den store auken i pelsselbestanden; selen har teke over territorium frå pingvinane. Det blir fleire pelssel i heile Antarktis, og bestanden ser ut til å ha kome seg etter at det blei slutt på fangst av arten.

Fleire av dei raudlista artane som inngår i ACAP-avtalen (Agreement on the Conservation of Albatrosses and Petrels) finst rundt Bouvetøya. Bare éin av dei, kjempestormfugl (Macronectes geganteus) er registrert hekkande på øya.