Miljø og klima i Antarktis
Vêr og klima
Hovuddelen av Antarktis-kontinentet ligg sør for 70°S, sjølv om den antarktiske halvøya strekkjer seg nordover til ca. 60°S. Omkring kontinentet ligg Sørishavet, eit havområde som isolerer Antarktis frå dei andre kontinenta.
Temperaturen i Antarktis er generelt svært låg. Fleire faktorar medverkar til dette, mellom anna den låge solinnstrålinga om vinteren, evnen isen har til å reflektere solstrålinga, kjøle-effekten av langbølgestråling frå kontinentet og høgda til kontinentet over havet. Gjennomsnittstemperaturen varierer frå om lag -60°C i dei høgtliggande områda (-70°C om vinteren og -40°C om sommaren) til ca. -10°C i kystområda (-25°C om vinteren og -2°C om sommaren). I 1983 vart det målt -89.6°C ved den sovjetiske stasjonen Vostok i Vest-Antarktis. Dette er den lågaste temperaturen som er registrert nokon stad på jorda.
Det meste av nedbøren i Antarktis kjem i samband med dei sykliske stormane som er karakteristiske for kystområda om vinteren. I desse områda er det vanleg med 600-1500 mm snø i løpet av eit år, medan det sjeldan kjem meir enn 50 mm på innlandsisen.
Tyngdekrafta gjer at kald, tung luft som ligg over kontinentet strøymer ut mot kysten. Dei vindane som oppstår på grunn av dette, kan ha ei fart på opp mot 90 m/s (320 km/t), medan farta til vinden på Sørpolen sjeldan blir større enn 9 m/s (30 km/t).
Terrestriske omgivnader
Antarktis har ein særs spennande geologi. For 200 millionar år sidan var Antarktis ein del av superkontinentet Gondwanaland, som i tillegg til det noverande Antarktis inkluderte Afrika, Australia, New Zealand, India og Sør-Amerika.
Indre spenninger gjorde at Gondwanaland delte seg, og landmassane kom i drift. Antarktis fekk si noverande form og plassering for ca. 30 millioner år sidan. Fossiler av bregner, ferskvannsfisk, amfibium og krypdyr syner at Antarktis ikkje alltid har vore dekt av is.
I dag er nær 99% av Antarktis dekt av ei permanent iskappe som i gjennomsnitt er ca. 2000 m tjukk. (Den tjukkaste isen som er målt, er ca. 4700 meter.) Fleire stader stikk fjelltoppar (nunatakar) opp gjennom isen. Vinson Massif i Vest-Antarktis, med sine 5140 m.o.h., er det høgste fjellet i Antarktis. I tillegg til nunatakane finst det større isfrie område, såkalla oasar, som har oppstått der isen har trekt seg attende, og der smeltinga skjer raskare enn akkumuleringa av snø. Andre område, såkalla tørre dalar, er isfrie fordi det fell ekstremt lite nedbør der.
Isdekket er i konstant rørsle frå dei sentrale delene av kontinentet og utover mot kysten. Der isdekket flyt ut over havet danner den såkalla isbremmen seg.
Når isbremmen brekker, vert det danna massive isfjell som kan ha eit flatemål på opp mot 5000 km2. I enkelte område vert ismassane frå det indre av kontinentet kanaliserte gjennom store dalsystem, og det vert danna hurtigstrømmande isbrear. Den største isbreen i verda, Lambert Glacier, ligg i Aust-Antarktis. Når desse breane kalver ute ved kysten vert det danna mindre, irregulært forma isfjell.
Isdekket i Antarktis utgjer ca. 91% av den totale ismengden i verda, og ca. 86% av alt ferskvatnet er bunde opp i form av is i Antarktis. Dersom all isen her skulle smelte, ville vassnivået i verdshava stige med meir enn 60 meter!
Marine omgivnader
Den antarktiske konvergensen (lokalisert ved ca. 58°S) og divergensen (lokalisert ved ca. 65°S) er dei to mest iaugefallande fysiske særtrekka ved havområda som omgir kontinentet. Mellom konvergensen og divergensen strøymer vatnet austover, medan ein motstraum vestover vert driven av austlege vindar sør for divergensen.
Den antarktiske konvergensen er eit frontsystem der kaldt overflatevatn frå Sørishavet møter og søkkjer under det varmare og dermed lettare vatnet frå dei sørlege delane av Atlanterhavet, Stillehavet og det Indiske havet. I denne frontsona har ein målt variasjonar i overflatevatnet sin temperatur på 3°C over ei strekning på berre 30 km. Den eksakte posisjonen til frontsonen varierer både gjennom året og frå år til år.
Havis vert danna når vatn ned til ei djupn på 10-40 meter vert kjølt ned mot -1.9°C (eksakt temperatur vert bestemt av saltinnhaldet). Isdanninga skjer i fleire trinn frå utviklinga av enkelte iskrystallar via sørpe til isflak. Havisdekket varierer gjennom året, frå eit minimum på ca 4 millioner km2 om sommaren (i hovedsak i Weddell-havet, Bellinghausen-havet og Amundsen-havet) til eit maksimum på ca. 20 millioner km2 om vinteren.