Peter I Øy

I 1928 utrusta reiaren Lars Christensen den andre «Norvegia»-ekspedisjonen, ein ekspedisjon som hadde fullmakt til å annektere alt nytt land som vart oppdaget for kongeriket Noreg. Peter I Øy vart annektert av ekspedisjonen 2. februar 1929, og vart formelt erklært som norsk bi-land i 1931.

Kart over Peter I Øy Foto: Norsk Polarinstitutt Peter I ØyPeter I Øy sett frå lufta. Foto: Trond Eiken / Norsk Polarinstitutt Frå okkupasjonen av Peter I Øy i 1929Den andre «Norvegia»-ekspedisjonens okkupasjon av Peter I Øy, 2. februar 1929. Foto: Norsk Polarinstitutt

Peter I Øy ligg 450 kilometer frå vestkysten av Antarktiskontinentet, i posisjon 68° 50' S, 90° 35' V. Øya er av vulkansk opphav med eit areal på 156 km², og ho er nesten fullstendig dekt av is. Lars Christensen-toppen (1640 moh.) er det høgste punktet på øya. Kystlinja er fullstendig dominert av ein 40 meter høg isfront eller av bratte klipper som stuper ned i havet, noko som gjer ilandstigning særs vanskeleg. I praksis er det mogleg å lande med båt berre på tre stader. Klimaet er strengt med sterke vindar, lave temperaturar og snø. Store deler av året ligg det tjukk pakk-is rundt øya.

Vegetasjonen består nesten utelukkande av mose- og lav-artar som har tilpassa seg dei ekstreme klimatiske forholda. Nokre sjøfuglarter, særleg sør-havhest, hekkar eit par stader på øya, og ein liten pingvinkoloni er òg observert. Store mengder sel (særleg krabbeetersel og leopardsel) finst både på land og i havområda rundt øya.