Sammendrag av krav og føresegner for aktivitet i Antarktis
Alle aktivitetar og besøk i Antarktis må følgja føresegnene i forskrift om vern av miljøet i Antarktis (Antarktis-forskrifta frå 1995). Slike aktivitetar må også gjennomførast i tråd med Antarktistraktaten (1959), den tilhøyrande protokollen om miljøvern (1991) og relevante vedtak. Antarktisforskrifta er kort og grei. Vi har oppsummert dei viktigaste føresegnene.
Krav om melding om planlagt aktivitet
Alle som planlegg aktivitet i Antarktis, må gje varsel om dette til Norsk Polarinstitutt så tidleg som mogleg, og seinast eitt år før oppstart. Varslet skal innehalda
- informasjon om kven som er ansvarleg for aktiviteten og kva som er målet med han, m.m.
- vurdering av moglege miljøeffektar av aktiviteten
- plan for å avgrense eventuell skadeleg påverknad
- informasjon om beredskapsplanar og søk- og redningsforsikring
Utforming av meldinga
Det anbefales at de som planlegg aktivitet i eller besøk til Antarktis tek kontakt med Polarinstituttet for nærmare rettleiing om meldeplikta.
Norsk Polarinstitutt har skjema som kan nyttast til å senda inn varsel. Viss skjemaet blir for lite til å beskriva ekspedisjonen skikkeleg, kan det brukast som ei rettleiing for innhaldet i varselet.
- Skjema for private ekspedisjonar (ski, klatring, seilas, o.a.) (ODT)
- Skjema for private ekspedisjonar (ski, klatring, seilas, o.a.) (PDF)
- Skjema for forskningsaktivitet (ODT)
- Skjema for forskningsaktivitet (PDF)
For aktivitetar som ikkje passar i kategoriane over, må det lagast eiga melding og konsekvensvurdering. Vi anbefaler at dei ansvarlege i slike tilfelle kontaktar Norsk Polarinstitutt på førehand for nærmare rettleiing.
Melding krevst ikkje viss du skal vera med på:
- ein ekspedisjon som er organisert ut frå eit anna land med tilsvarende føresegner og har fått dei nødvendige godkjenningane frå dette landet.
- eit organisert cruise der turoperatøren melder inn verksemda på vegner av deltakarane.
Det er ditt ansvar å sjekka at dei nødvendige løyvene for aktiviteten finst, og at du er dekka av desse.
Krav om miljøkonsekvensvurdering
Alle meldingar må innehalda ei førebels vurdering av konsekvensar for miljøet (førebels konsekvensvurdering). Dette for å sikra at all aktivitet blir planlagt og gjennomført med minst mogleg påverknad på miljøet i Antarktis.
- Mindre aktivitetar (så som ski, klatring og segling) krev til vanleg berre utfylling av meldingsskjema for å oppfylla krava om førebels konsekvensvurdering.
- Større/tyngre aktivitetar krev ein meir utfyllande førebels konsekvensvurdering. Norsk Polarinstitutt kan rettleia i slike tilfelle.
- Aktivitetar som kan gje meir enn ubetydeleg eller kortvarig verknad på miljøet, krev ei meir fullstendig vurdering (fullstendig konsekvensvurdering). Ta kontakt med Polarinstituttet for utfyllande informasjon.
Krav om beredskapsplanar og forsikring
Viss du planlegg aktivitet i eller besøk til Antarktis, må du kunna dokumentera tilstrekkelege beredskapsplanar og –ordningar som dekkjer:
- Helse og sikkerhet. Planene bør basere seg på en risikoanalyse over tenkelige scenarier.
- Søk og redning (SAR), inkludert evakuering ut av Antarktis. SAR-plan må beskrivast i detalj i aktivitetsmeldinga.
- Medisinsk behandling og evakuering. Planene må inneholde planer for evakuering ut av Antarktis, og de bør utarbeides på basis av risikoanalyse over mulige scenarier.
Viss ein plan på nokon måte krev støtte frå andre, skal det finnast underskrivne avtalar om dette.
Den ansvarlege for verksemda må syta for tilstrekkeleg forsikring, eventuelt stilla likeverdig garanti for alle typer utgifter som andre får, i samband med søk, redningsaksjon eller sjuketransport som må gjennomførast i tilknyting til aktiviteten. Norsk Polarinstitutt fastset forsikringssummen ut frå informasjon og detaljar om den enkelte aktiviteten.
Polarinstituttet har utarbeida ein egen veileder knyttet til forsikringsplikten som vi anbefaler at den ansvarlige benytter i forbindelse med planleggingen av aktiviteten.
- Veileder for forsikringsplikten (PDF, 0,1MB)
Når det gjeld aktivitet på sjøen (frå skip/båt) må dei ansvarlege vera merksam på at det å basera seg på annan tilfeldig trafikk i området, er ikkje ei tilstrekkeleg ordning for søk og redning. Alle farty må følgja International Maritime Organization (IMO) sine retningslinjer for «beredskap for farty som er langt frå offisielle søk- og redningssenter».
Den internasjonale turoperatørorganisasjonen i Antarktis (IAATO) har medlemsorganisasjonar som kan bistå private ekspedisjonar med råd og hjelp med tanke på beredskap, utstyr osb.
For sjøbasert aktivitet :
For ekspedisjonar på land:
Erfaring og utstyr
Dei som planleggjer aktivitet i eller besøk til Antarktis, må også kunna dokumentera følgjande, gjerne som del av meldinga:
- Deltakarane skal kunna visa til tilstrekkeleg røynsle med operasjonar i polare område (eller tilsvarande). Erfaringa må vera relevant for den aktuelle aktiviteten og kan f.eks. innehalda:
- overlevingskurs for kalde/fjerne område
- flyging
- segling
- operasjon av andre framkomstmiddel over tilsvarande avstandar
- Alt utstyr, inklusive klede, kommunikasjonsutstyr, navigasjonsutstyr, fyrstehjelpsutstyr og utstyr for logistikk, skal vera i god stand. Ekspedisjonen skal ha med tilstrekkeleg med reservedelar. Det krevst også at utstyret fungerer effektivt under forhold som i Antarktis.
- Alle deltakarane skal kunna bruka utstyret.
- Alle deltakarane skal vera medisinsk, fysisk og psykisk i stand til å gjennomføra aktiviteten i Antarktis.
- Minst éin deltakar må vera kunnig i avansert fyrstehjelp. Så lenge aktiviteten pågår, skal tilstrekkeleg fyrstehjelpsutstyr alltid vera tilgjengeleg.
Verneområde og retningslinjer for spesifikke stader
For å gå inn i eller engasjera seg i verksemd innanfor spesielle verneområde (Antarctic Specially Protected Areas – ASPA), krevst det eit løyve utferda av Norsk Polarinstitutt. Løyvet vil innehalda vilkåra for opphaldet. Innehavaren av løyvet pliktar å ha med ein kopi av løyvet under opphaldet i verneområdet.
Viss du skal inn i eit spesielt forvaltningsområde (Antarctic Specially Managed Areas – ASMA) må du retta deg etter dei vedtekne reglane for området. Desse finst i eigne forvaltningsplanar.
Det er forbode å skada, fjerna eller øydeleggja historiske stader og kulturminne (Historic Sites and Monuments – HSM) som er registrerte etter Antarktistraktaten.
Partane i Antarktistraktaten har vedteke eit sett med retningslinjer for besøk til utvalte lokalitetar i Antarktis. Planlegg du besøk til ein slik lokalitet, må du kunna stadfesta at du er kjent med retningslinjene for lokaliteten og at du vil respektera dei.
Gjeldende oversikter over områder og steder:
Sluttrapport
All godkjent aktivitet pliktar å levera sluttrapport. Det finst eigne skjema for dette.