Reglar for reisande til Antarktis
Krav om varsling av aktivitet i området
Norske statsborgarar som planlegg aktivitet i Antarktis, må gje varsel om dette til Norsk Polarinstitutt minst eitt år før oppstart. Varslet skal innehalde informasjon om kven som er ansvarleg for aktiviteten og kva som er målet med han. Inkludert i varslet skal òg vere ei vurdering av moglege miljøeffektar av aktiviteten, og ein plan for å avgrense eventuell skadeleg påverknad. Det krevst i tillegg garantiar/forsikring som dekkjer eventuelle søk og redningsoperasjonar.
Norsk Polarinstitutt har skjema som skal nyttast ved innsending av varsel. Ved å fylle ut skjemaet har personar som skal vitje Antarktis, oppfylt krava til førehandsvarsel slik dei er spesifiserte i §9 i antarktisforskrifta. For aktivitetar som ikkje passar i kategoriane over, må det lagast eiga melding og konsekvensvurdering. Vi anbefaler at dei ansvarlege i slike tilfelle kontaktar Norsk Polarinstitutt på førehand for nærare rettleiing.
Antarktistraktatens miljøvernprotokoll
Protokollen er den mest omfattande internasjonale miljøvernavtalen som har vorte sett i verk, og partane har her forplikta seg til å verne om miljøet i Antarktis. Protokollen definerer fleire viktige målsetjingar:
- Minimalisere menneskeleg påverknad av miljøet i Antarktis
- Prioritere vitskapelege undersøkingar
- Gjennomføre grundige miljøundersøkingar i forkant av all planlagd aktivitet
- Overvake menneskeleg påverknad av miljøet
Noreg har forplikta seg til å setje i verk åtgjerder for å nå målsettjingane i miljøprotokollen gjennom innføringa av "Norwegian Regulations Pertaining to the Protection of the Environment in Antarctica" (5 mai 1995). Reglane gjeld for all norsk aktivitet i Antarktis og gjev retningsliner for mellom anna varsling av aktivitet i området, vern av flora og fauna, handsaming av avfall og forureining, og forsikringsordningar dersom det vert naudsynt å setje i verk søk og redningsaksjonar.