Dyr og planter i Antarktis

Vegetasjonen på det Antarktiske kontinentet består i hovudsak av algar, lav og mose. Sjøfuglane i Antarktis er nært knytte til det marine miljø og hentar all si næring her. De tilbringer heile livet på havet, og er berre på land i hekketida. I Antarktis er det særlig tre artsgruppe som dominerer blant sjøfuglane. Dette er pingvinane (sju arter), albatrossene (seks arter) og petrellane (23 arter). 

På land

Antarktis har begrenset vegetasjon

Antarktis har svært lite vegetasjon, men lengst nord på Antarktis kan man finne et begrenset planteliv. Foto: Øystein Overrein / Norsk Polarinstitutt

Rundt 300 alge-artar er observert, ca. 20 av desse lever på eller i is og snø. Andre alge-artar trivst best i område som vert gjødsla av pingvinar og andre sjøfugl. I tillegg til algar er det registrert om lag 200 lav-artar, 85 mose-artar og 25 levermose-artar i Antarktis. To artar av blomstrande planter (Deschampsia antarctica og Colobanthus quitensis) er registrerte lengst nord på kontinentet.

Den antarktiske mikrofaunaen består i hovudsak av protozoar (eincella organismer), nematoder, hjuldyr og bjørnedyr (Tardigradia), og mellom mikro-leddyra midd, colemboler og lopper.

Med unnatak av sjøfuglane som hekker langs kysten eller i nunatak-område, finst det ingen virveldyr på kontinentet.

I havet

Krill

Krill er ein viktig del av det antarktiske dyrelivet, og er hovudnæringskjelda for fleire arter høgare i økosystemet. Foto: Norsk Polarinstitutt

Blekksprut

Blekksprut finns det mange av i Sørishavet, og er ein viktig del av dietten for mange av dei større pattedyrartane og sjøfuglane. Foto: Norsk Polarinstitutt

Keiserpingvin

Pingvinane utgjer 85 % av biomassen til sjøfuglane i Antarktis, og Keiserpingvinen er den største av pingvinartane. Foto: Tor Ivan Karlsen / Norsk Polarinstitutt

Adeliepingvinar

Adeliepingvinen åleine utgjer halvparten av alle pingvinane i Antarktis. Foto: Øystein Overrein / Norsk Polarinstitutt

Om lag 100 alge-artar (inkludert dei som lever i/på havisen) utgjer hovuddelen av planteplanktonet i havet rundt Antarktis-kontinentet. Saman med algane er flagellatane ein viktig del av næringsgrunnlaget i det marine økosystemet.

Dyreplanktonet vert dominert av krepsdyr som copepodar, amfipodar og euphasia-artar som krill. Krill er ein nøkkelkomponent i det Antarktiske marine økosystemet - særleg viktig er arten Euphausia superba som er hovudnæringskjelda for fleire arter høgare i økosystemet. Andre viktige byttedyr er pilormar (Chaetognata), manetar (Scyphozoa, Siphonophorida), ribbe-manetar (Ctenophora), snigler og salper (Thaliacea). Bunnfaunaen består i hovudsak av svampar (Porifera) og mosdyr (Bryozoa).

Sørishavet er òg rikt på blekksprut (Cephalopoda) som er ein viktig del av dietten for mange av dei større pattedyrartane og sjøfuglane. Vidare er det registrert om lag 200 fiskeartar sør for den antarktiske konvergensen, 80–100 av desse er botnfisk. Mange av artane, særleg dei som lever nær kysten er særeigne for Antarktis. 75 % av artane er medlemmer i fem familiar som høyrer til i ordenen Notothenidae, men det finnest og skater (Batoidei), ålebrosme (Zoarchidae) og ringbuk (Liparidae).

Ein stor andel av alle selane i verda lever i havområda rundt Antarktis. Bestanden av krabbeetersel åleine utgjer ca. halvparten av den samla selbestanden i verda. Til saman seks selartar finnest sør for den antarktiske konvergensen: antarktisk pelssel (Arctocephalus gazella), krabbeetersel (Lobodon carcinophagus), Weddell-sel (Leptonychotes weddelli), leopardsel (Hydrurga leptonyx), sørlig elefantsel (Mirounga leonina) og Ross-sel (Ommatophoca rossi).

I sommarsesongen finst det både tannkvalar og bardekvalar i det antarktiske marine miljøet. Tannkvalane spermkval (Physeter macrocephalus) og spekkhuggar (Orcinus orca) jaktar på større byttedyr som fisk, blekksprut og mindre pattedyr. Bardekvalane finnkval (Balaenoptera physalis), vågekval (Balaenoptera acutorostrata) og knølkval (Megaptera novaeangliae) beiter hovudsakeleg på dyreplankton som dei fangar ved å filtrere vatn gjennom bardane.

Alle dei ca. 45 fugleartane som har vorte observert hekkande sør for konvergensen er knytte til det marine økosystemet. Berre eit par av artane hekker på sjølve kontinentet (Antarktis-halvøya halde utanfor); keiserpingvin (Aptenodytes forsteri), Adeliepingvin (Pygoscelis adeliae), Gentoopingvin (Pygoscelis papua), snø-petrell (Pagodroma nivea), antarktis-petrell (Thalassoica antarctica) og sørlig polar-jo (Catharacta maccormicki). Pingvinane utgjer 85 % av biomassen til sjøfuglane i Antarktis, og Adeliepingvinen åleine utgjer halvparten av alle pingvinane.