Islom (Gavia immer)

Islomen er ein stor og kraftig bygd lom. Han overlappar i storleik med gulnebblommen G. arctica. Islommen hekkar helst i Nord-Amerika, på Grønland, på Island og i Skottland. På Svalbard hekkar arten uregelmessig på Bjørnøya. 

Islom (Gavia immer).

Islom (Gavia immer). Foto: Jed Sheenan / Creative Commons

Utbredelse

På Svalbard hekkar arten uregelmessig på Bjørnøya. Det er det austlegaste hekkeområdet som er kjent i verda. Det siste stadfesta hekkefunnet blei gjort i 2012. Enkeltfuglar og par blir òg observerte jamleg langs vestkysten av Spitsbergen om sommaren, og det er grunn til å tru at arten òg prøver å hekke her frå tid til anna. 

Økologi

Islommen plasserer reiret ved kanten av større vatn. Islommen livnærer seg hovudsakleg av fisk på opp til om lag 30 cm, men tek òg krepsdyr, ulike blautdyr, insekt og amfibium. Islom frå Svalbard overvintrar truleg langs Norskekysten og i Nordsjøen.

MOSJ-indikatorer (Miljøovervåking Svalbard og Jan Mayen):

Venter på resultater fra MOSJ…