Som unger i godtebutikken

I dag er tredje dag på Fimbulisen. Vi køyrer vestover mot Skjærsona ved Jutulstraumen i strålande vær. Bak oss følgjer to djupgåande radarar. Isen er trygg, den er rundt 300 meter.

Tore med småkaker

Tores entusiasme begrensar seg ikkje til forsking. Foto: Stein Tronstad / Norsk Polarinstitutt

Kirsty framfor ei isheving

Kirsty framfor ei isheving. Foto: Stein Tronstad / Norsk Polarinstitutt

Landskapet er flatt, men vi passerar område der isen glir over havbotnen. Desse ishevingane minner om langstrakte åsar, men det er vanskeleg å bedømme om dei ligg ein eller ti kilometer unna, det er for få haldepunkt til det.

For ein lekmann er det artig å sjå forskarane Kirsty og Tore i sving. Dei viser stort engasjement og er godt forberedt. Den utilgjengelege Fimbulisen er som ein godtebutikk for glasiologar, oseanografar og klimaforskarar. Då forstår ein godt spenninga ved å hente data frå ein loggar som vart seinka ned under isbremmen i fjor, eller ved å samanlikne istjukta med kva den var for ti kilometer sidan.