Som unger i godtebutikken
I dag er tredje dag på Fimbulisen. Vi køyrer vestover mot Skjærsona ved Jutulstraumen i strålande vær. Bak oss følgjer to djupgåande radarar. Isen er trygg, den er rundt 300 meter.
Landskapet er flatt, men vi passerar område der isen glir over havbotnen. Desse ishevingane minner om langstrakte åsar, men det er vanskeleg å bedømme om dei ligg ein eller ti kilometer unna, det er for få haldepunkt til det.
For ein lekmann er det artig å sjå forskarane Kirsty og Tore i sving. Dei viser stort engasjement og er godt forberedt. Den utilgjengelege Fimbulisen er som ein godtebutikk for glasiologar, oseanografar og klimaforskarar. Då forstår ein godt spenninga ved å hente data frå ein loggar som vart seinka ned under isbremmen i fjor, eller ved å samanlikne istjukta med kva den var for ti kilometer sidan.