Takk for meg
Onsdag for tre dagar sidan sette Stein og Kjetil oss av ved skjærsona. Det virka som gråvêret ga seg der, etter ein time på skuter kasta vi lange skuggar i kveldssola. Torsdag blåste det godt, men når vinden står rett imot får vindskjermen gjere jobben sin samtidig som snøfokket gir ein falsk, men likevel god fartsfølelse.
Vi køyrde først aust, og så nordover til kanten av isbremmen, der vi skulle gjere sjøismålingar. Undervegs stoppa vi for å skifte batteri og montere solcellepanel på ein vêrstasjon som døde i vinter. Jobben gjekk greitt, og med lading frå solcellene det meste av året bør stasjonen overleve neste mørketid.
I dag, fredag, vakna vi til strålande sol, og etter litt leiting fann vi ei snøfonn som tok oss forbi isstupet ved fronten av isbremmen og ned på havisen. Det var stille då vi etablerte oss ved sjøkanten, men det gjekk ikkje lenge før vi fekk selskap. Motorduren hørtes nok under vatn, for snart plaska det ved iskanten og ein flokk keisarpingvinar buklanda på isen og sklei mot oss. Denne største, og sikkert flottaste av pingvinane har ingen fiendar på land, og kvidde seg derfor ikkje for å inspisere arbeidet vårt, som den kommenterte med snadring og trompetstøyt.
Arbeidet gikk lett, sola steikte og pingvinane kom stadig nærmare. Det vart ein fantastisk dag, men alt har ein ende. No er sprekkene i hengslingssona passerte, og forhåpentlegvis går dei siste 20 mila til Troll greitt. Etter 60 mil på harde skavlar skal det bli godt å parkere og ta ein varm dusj.
Takk til resten av gjengen for ein flott tur!