Havforsking og lokaliseringsstrid

I år er det 100 år sidan Det Geofysiske Institutt i Bergen vart skipa. Men bergensarane hadde lenge kjempa for å styrke avansert hav- og vêrforsking på Vestlandet - til stor frustrasjon for professorane ved universitetet i hovudstaden.

Fridtjof Nansen

Fridtjof Nansen

Fridtjof Nansen hadde gjort observasjonar som han saman med Vilhelm Bjerknes, Vagn Walfrid Ekman og Bjørn Helland-Hansen formulerte til problemstillingar som la grunnen for vår kunnskap om havets fysikk, og som var opptakten til moderne klimaforståing. Foto: Norsk Polarinstitutt

Jølle

Harald Dag Jølle

Med opprettinga av Geofysisk institutt i 1917, under leiing av Helland-Hansen, fekk Noreg i mellomkrigstida eit internasjonalt kraftsenter innan havforsking og meteorologi. Nansens visjon om eit sterkt norsk geofysisk miljø vart realisert - på Vestlandet, skriv Jølle. Foto: Ann Kristin Balto / Norsk Polarinstitutt

Av polarhistoriker Harald Dag Jølle, Norsk Polarinstitutt

Fridtjof Nansens ekspedisjon med Fram over Polhavet frå 1893-96 gav eit veldig løft for norsk havforsking. I kjølvatnet av polarskuta voks det opp eit framifrå skandinavisk miljø innanfor oseanografi og meteorologi. Nansen hadde gjort observasjonar som han saman med Vilhelm Bjerknes, Vagn Walfrid Ekman og Bjørn Helland-Hansen formulerte til problemstillingar som la grunnen for vår kunnskap om havets fysikk, og som var opptakten til moderne klimaforståing.

Helland-Hansen - saken

Bjørn Helland-Hansen vart Nansens viktigaste medarbeidar. Problemet var at Nansen var tilknytt Universitetet, som jo låg i Kristiania, medan Helland-Hansen sat på Vestlandet og var styrar for Bergen Museums Biologiske Station: «Det er bare saa forbistret at skulde sidde alene herborte», skreiv Helland-Hansen oppgjeven til Nansen og klaga over at «hanseatenes 'munkevælde'» var «uforstående, dels apatisk og dels uvillig, overfor den videnskapelige havforskning». Det einaste bergensarane interesserte seg for, var at Bergen gjennom forskinga kunne få åtgaum i utlandet - og «derved kan de lægge det ind under et handelssynspunkt».

Nansen foreslo i 1909 at Universitetet skulle skipe eit personleg professorat til Helland-Hansen. Nordmenn hadde markert seg internasjonalt innan fysisk geografi, og med Helland-Hansen ved Universitetet ville norske forskarar «erobre og hævde denne førerstilling».

Bergensarane mobiliserer

Kyrkjedepartementet støtta forslaget frå Universitetet, men då tok bergensarane til motmæle. Stortingsmann Johan Lothe forlangte at statsråden kom med ei grunngjeving for kvifor han ville sende byens dyktigaste vitskapsmann over fjellet og «løsrive en saadan mand fra den stilling, som trænger ham saa sterkt». Bergensarane hadde dessutan eit godt argument: Byen hadde det beste utgangspunktet for havforsking, med nærleik til fjordar og hav. Og var verkeleg avstanden Bergen-Kristiania ei hindring for godt samarbeid? Nansen og Helland-Hansen hadde arbeidd godt i lag til no, og det ville bli uendeleg mykje lettare no som Bergensbanen opna. Meldinga frå Bergen til landets folkevalde var tydeleg: Dersom «centralisationsprincipet paa det videnskabelige omraadet drives saa vidt», vil det til sjuande og sist vere til skade for vitskapen her til lands.

Dessutan klarte Bergen Museum å så tvil om osloguten Helland-Hansen eigentleg ønskte å flytte attende til Austlandet. Han kunne ikkje sjølv svare på det, sidan han hadde reist på ein fleire månaders havforskingsekspedisjon då Stortinget skulle handsame saka i 1910. Resultatet vart at dei folkevalde utsette handsaminga av saka eitt år.

Lokaliseringsstrid

Tydeleg provosert av at saka hadde vorte eit Bergen-Kristiania-spørsmål, prøvde Nansen å få fram kor viktig det var for utviklinga av norsk vitskap at Helland-Hansen kom til Universitetet. Påstanden om at Bergen hadde spesielt gode føresetnader for havforsking, røpte ifølge Nansen ein «mangel paa forstaaelse av hvilke maal den norske fysiske havforskningen stiler mot». Det at byen låg nær dei vestlandske fjordane, hadde lite å seie, sidan fjordundersøkingar var mindre interessante i den store samanhengen. Det som no galdt, var å studere «de fysiske forhold i det store aapne hav».

Nansen ville undersøke og analysere «havstrømmenes gang og vekslinger i klimaet». Bergen hadde ingenting å stille opp med her: «Det er av liten betydning fra hvilken havn undersøkelses-fartøiet gaar ut». Det som var viktig, var kor handsaminga av resultata skjedde. Helland-Hansen mangla enkelt og greitt eit vitskapleg miljø i Bergen. Det fanst berre ved Universitetet. Dessutan var Nansen kritisk til at bergensarane såg denne saka som eit ledd i å realisere universitetstanken på Vestlandet. Først måtte det eksisterande universitetet rustast opp: «At holde flere anden eller tredie Rangs, naar vi endnu ikke har Raad til at holde et førsterangs er meget daarlig Økonomi. »

Vilhelm Bjerknes gjorde eit siste forsøk på å overtyde politikarane i ein artikkelserie i Morgenbladet. Han ønskte å få fram kor viktig det var med fri sirkulasjon innan vitskapen, og advarte sterkt mot den proteksjonistiske Bergens-tenkinga som ville føre til at forskarar vart stadbundne til éin institusjon.

Men korkje Nansen eller Bjerknes nådde langt med appellane sine. Før Stortinget endeleg skulle handsame saka våren 1911, skreiv Haaken Gran nedstemt til Helland-Hansen at «bergenserne har mobilisert hele kristianiahadet imot os [ ... ] Det er 'principspörsmaalet' Kristiania-Bergen, som er avgjørende, og derimot hjelper ingen argumenter».

Bergensrepresentanten Lothe uttalte at han var provosert av mobiliseringa som hadde vore for å få tak i Helland-Hansen: «Lad os faa lov til at være i fred, og la professor Nansen avholde sig fra at søke at sætte by op mot by. » Kristianiarepresentanten M. N. Leegaard, derimot, ville vite om ein vitskapsmann skulle «brukes som flytebøie for et institut, om hvilket det er sagt, at det uten ham ikke kan holde sig oppe? »

Representantane frå hovudstaden var tydelege på at dei, i motsetning til vestlendingane, ikkje var styrde av lokale omsyn. For Throne Holst var spørsmålet enkelt og greitt: «Hvor kan denne fremragende videnskapsmand tjene norsk videnskap bedst, hvor er stedet? » For bergensarane var svaret enkelt: «Helland-Hansen vil tjene den norske videnskap bedst ved i dette øieblikket ikke at ødelægge videnskabelig virksomhet i Bergen. »

På Stortinget fekk bergensarane støttespelarar frå heile landet, og nasjonalforsamlinga landa til slutt - med 90 mot 17 stemmer - på at Helland-Hansen skulle få auka løn og auka annuumsmidlar i Bergen. I same vedtaket bestemte politikarane at ein av dei absolutt leiande havforskarane i verda ikkje skulle få ei stilling ved det einaste universitetet i landet. Ifølge Bjerknes var dette «en Principavgjørelse av den mest skjæbnesvangre Betydning for vort fremtidige videnskabelige Liv. »

Bergensskolen innan geofysikk

Her tok Bjerknes skammeleg feil, og han hadde neppe førestilt seg at han seks år seinare skulle flytte til Bergen. Med opprettinga av Geofysisk institutt i 1917, under leiing av Helland-Hansen, fekk Noreg i mellomkrigstida eit internasjonalt kraftsenter innan havforsking og meteorologi. Nansens visjon om eit sterkt norsk geofysisk miljø vart realisert - på Vestlandet - men utan han sjølv i førarsetet. "Påstanden om at Bergen hadde spesielt gode føresetnader for havforsking, røpte ifølge Nansen ein «mangel paa forstaaelse av hvilke maal den norske fysiske havforskningen stiler mot»." "La professor Nansen avholde sig fra at søke at sætte by op mot by. "

Denne artikkelen er også publisert i Dag og Tid.