Kunsten å gjera kunnskap nyttig

 Vinteren og våren 2015 dreiv forskingsfartøyet «Lance» med isen nord av Svalbard. Føremålet med Norwegian Young Sea ICE Cruise (N-ICE) var å forstå det «tynne sjøissystemet», korleis det vert påverka av ytre krefter og tilbakemeldingane til vêrsystema og i siste instans klimaet.

Skip i isen

Forskingsfartøyet "Lance". Foto: Paul Dodd / Norsk Polarinstitutt

Av leiar for ICE Harald Steen og forskar Mats Granskog, Norsk Polarinstitutt

På det fem og ein halv månader lange toktet samla vi inn mykje data. Basert på desse dataa publiserte vi 37 fagfellevurderte artiklar berre i 2017. I alt kom vi opp i 52 artiklar frå toktet. Dette er eit imponerande tal. Men dei 52 artiklane presenterer berre om lag 52 ulike perspektiv på dataa, og det er truleg mange, mange fleire måtar å kombinera og analysera dataa på eller trekkja konklusjonar baserte på dataa. For å maksimera den potensielle kunnskapen i dataa må dei gjerast tilgjengelege for det vidare forskarmiljøet, slik at så mange som mogleg kan nytte dataa.

N-ICE-teamet har teke utfordringa og produsert 35 datasett som kan lastast ned. Dette er like imponerande som talet på artiklar. Å gjera datasett tilgjengelege skjer ikkje av seg sjølv – det krev planlegging, oppmuntring og anerkjenning. Heilt frå starten av har vi vore klar over at etter teppefall for mediekjøret er det dei skrivne artiklane og dei publiserte dataa som vi sit igjen med frå prosjektet. Tidleg i planleggingsprosessen, før toktet, planla forskarane og dei IT-ansvarlege korleis dataa skulle lagrast, presenterast og formaterast for å sikra maksimal nytte for framtida.

Motivasjon er nøkkelen til suksess. Vi veit at forskarar er avhengige av å kunna dokumentera arbeidet sitt til CV-ane sine. Det er derfor nødvendig å referera til datasatt akkurat som til ein artikkel. Dette er særleg viktig for forskarar tidleg i karrieren, ettersom dei treng gode CV-ar til jobbsøknader. Med hjelp av DOI-adresser knytte til datasetta sørgde vi for at dei unge forskarane er kopla til datasetta for alltid. Når vi følgjer DOI-en, kjem vi til når dataa er lagra. Her finn vi ein omtale av dataa og ein streng vi kan referere til dataa med. Referansestrengen er akkurat som einkvan annan artikkelreferanse med forfattarar, datoar, tittel og DOI. Vi sørgde òg for at alle publikasjonane frå N-ICE-prosjektet refererte korrekt til datasettet kvar gong dataa vart brukte.

Under toktet, mens vi var på båten, delte vi òg data internt i gruppa. Vi hadde ein felles tenar der alle dataa vart lagra, og han vart gjord tilgjengeleg for alle forskarane om bord. Vi kalla tenaren «Tellus». Og då vi kom tilbake, vart Tellus løfta av skipet og montert igjen ved Polarinstituttet, slik at alle dataa vart tilgjengelege for N-ICE-teamet. Eit ope system er sjølvsagt utsett på den måten at nokre forskarar kan finna på å bruka andre sine data utan å be om lov eller inkludera dei i arbeidet sitt. Ved å fokusera på teamet og dei felles måla våre vart vi heldigvis sparte for slike hendingar!

Denne artikkelen stod på trykk i årsmeldinga for Norsk Polarinstitutt for 2017.