Vikingtemperaturar på Svalbard

Analysar av isprøver frå breis viser at dei seinare åra på Svalbard er dei varmaste sidan slutten av vikingtida på 1200-talet.

Foto: E. Isaksson / Norsk Polarinstitutt

Forskarar frå Norsk Polarinstitutt, saman med forskarar frå fleire andre europeiske land, bora for ti år sia ein iskjerne på Lomonosovfonna. Dette er ein av dei høgaste isbreane på Svalbard. Isprøvene inneheld klimainformasjon frå dei siste 800 åra, og forskarane har no fått fram endå fleire data som aukar kunnskapen om klimautviklinga på Svalbard.

– Gjennom å samanlikna analyseresultata frå samansetninga i iskjernen med snøen oppå breen i 2000 og 2001, har vi funne at liknande varme somrar ikkje har førekome der sidan 1200-tallet, dvs. slutten av vikingtida, seier glasiolog Elisabeth Isaksson ved Norsk Polarinstitutt.

Iskjerneprøvene viser ein periode med noko høgare temperaturar rundt år 1750. I denne perioden føregjekk det blant anna kvalfangst i sjøen nord for Nordaustlandet. Dette indikerer at det var relativt lite havis i området. Iskjernen var elles dominert av den kalde perioden som vi kallar den vesle istida.

Funna samsvarer med den registrerte varmeutviklinga: Etter oppstarten av temperaturmåling på Svalbard med moderne instrument i 1911, er dei seinaste åra dei varmaste som er registrerte på øygruppa.

– Temperaturen har stige endå meir på Svalbard etter at vi gjorde denne studien, opplyser Isaksson.

Resultata frå forskinga på Lomonosovfonna er nyleg publiserte i det vitskaplege tidsskriftet Journal of Glaciology (Virkkunen, K., J. C. Moore, E. Isaksson, V. Pohjola, P. Perämäki, T. Kekonen. Warm summers and ion concentrations in snow: comparison with present day and Medieval Warm Epoch from snowpits and an ice core from Lomonosovfonna, Svalbard. Journal of Glaciology 53 (183), 623-634).