Geografiske namn i Arktis og Antarktis

Visste du at opphavet til namnet Antarktis eigentleg er «anti-Arktis»? Eller at Svalbard er namnet på heile øygruppa, inklusive Bjørnøya, Hopen og Kvitøya. Norsk Polarinstitutts namnekomité fastset stadnamn i dei norske polarområda. Her finn du fleire opplysningar om dette saksfeltet.

Bjørnøya

Bjørnøya. Foto: H. Strøm / Norsk Polarinstitutt

Peter I øy

Peter I Øy er oppkalla etter tsar Peter den store. Øya har formell status som norsk biland sia 1931. Foto: Trond Eiken / Norsk Polarinstitutt

Norsk Polarinstitutt er det offisielle organet for vedtak om stadnamn i norske polarområde. Nærmare bestemt Svalbard (inkl. Bjørnøya) og Jan Mayen med nære havområde, og likeins i sør: Dronning Maud Land, Bouvetøya og Peter I Øy med nære havområde.

Aktuelle geografiske namn

Svalbard er namnet på heile øygruppa, inklusive Bjørnøya, Hopen og Kvitøya. Spitsbergen er namnet på den største, vestlege øya på Svalbard.

Wijdefjorden (merk skrivemåten) ligg nord på Spitsbergen. Namnet har nederlandsk opphav og betyr rett og slett den breie fjorden (uttale: veidefjorden).

Dronning Maud Land er namnet på den delen av Antarktis, langs kysten, som Noreg annekterte i januar 1939. Området strekkjer seg frå 20° vest til 45° aust. Grensene mot sør og i havet utanfor kontinentet er ikkje definerte.

Framstretet er det vanleg brukte namnet på havområdet mellom Grønland og Svalbard (bokmål: Framstredet).

Bruken av Nordishavet og Polhavet er ofte forvirrande. Komiteen tilrår å bruka Polhavet om det store (is)havområdet rundt Nordpolen (sør til bl.a. Svalbard). Vi vurderer Nordishavet som eit meir historisk namn, særleg knytt til den tradisjonelle fangstverksemda i farvatna rundt Svalbard, opp til iskanten.

Sørpolen kan vera både eit geografisk namn og eit meir allment substantiv: «Den magnetiske sørpolen ligg ikkje på Sørpolen». På nynorsk har vi berre éi form, mens på bokmål tillèt dagens rettskriving både syd og sør. Namnekomiteen anbefaler Sørpolen som geografisk namn også på bokmål.

Peter I Øy er oppkalla etter tsar Peter den store (også kalla Peter den første). Øya vart fyrst oppdaga (på avstand) av ein russisk ekspedisjon i 1821, og har formell status som norsk biland sia 1931. Skrivemåten er ikkje heilt i tråd med dagens rettskrivingsreglar, men Norsk Polarinstitutt har valt å halda på tradisjonell namneform.

Opphavet til namnet Antarktis er eigentleg «anti-Arktis». Og det stemmer jo med at kontinentet ligg på motsett side av Arktis. Polarinstituttet tilrår å bruka forma Antarktis, ikkje «Antarktika» på norsk. (Det er også mogeleg å skriva Det antarktiske kontinentet når ein spesielt omtaler sjølve landområdet.)

Heerodden ligg ved innløpet frå Isfjorden til Grønfjorden på Svalbard. Odden ligg rett nord for Barentsburg, og russarane har hatt sin helikopterbase her sia 1960-talet. Dessverre vert odden ofte omtalt som Kapp Heer, men namnet er altså Heerodden.

Kapp Heer ligg faktisk ikkje på Spitsbergen, men på austkysten av Bjørnøya.

Begge stadnamna er til minne om Oswald Heer (1809-83), sveitsisk paleobotanikar som bl.a. skreiv sjubindsverket Flora fossilis arctica.

Sveagruva (inst i Van Mijenfjorden) er namnet på både gruva og bygningane/nærområdet rundt sjølve gruva. Svea er innarbeid som munnleg kortform, men instituttet anbefaler å skriva Sveagruva fullt ut. Svea er namnet på den nordre toppen i fjellrekkja Tre Kroner, som ligg aust for Kongsfjorden.

London ligg på Svalbard! På Blomstrandhalvøya, ved Ny-Ålesund, vart det i åra etter 1910 utvunne marmor. Northern Exploration Co. var engelsk, og blant nordmenn på Svalbard vart denne staden med dagbrot kalla London. Dette namnet er vedteke (sjølv om mange kallar staden Ny-London). Det finst mange restar etter verksemda på staden, men lokomotivet som vart brukt, er flytta til Ny-Ålesund.

Viktige opplysningar

Alle stadnamna på Svalbard er samla i ein database. Det er verd å merka seg at stadnamna i dei norske polarområda konsekvent har nynorsk språkdrakt. Det heiter til dømes Skuggefjellet, og skrivemåten skal vera slik også i bokmålstekstar. Nærmare opplysningar om namnehistoria på Svalbard finst i boka «The Place Names of Svalbard» frå 2003 (Norsk Polarinstitutts rapportserie, nr. 122).

Antarktistraktaten av 1959 (som trådde i kraft i 1961) slår fast at ingen nasjonar eig Antarktis, dei territoriale krava er lagde på is. Mange land deltek
i det vitskaplege samarbeidet i Antarktis. Dette samarbeidet omfattar også namnesaker med komiteen Standing Committee on Antarctic Geographic Information.

Stadnamna i Dronning Maud Land/Antarktis er både nasjonale og internasjonale. For eksempel: Når British Antarctic Survey trykker kart som omfattar Dronning Maud Land (altså «norsk sektor»), skriv dei ”Kronprins Olav Kyst” og «Maudheimvidda». Same praksisen er avtalt mellom fleire av dei aktuelle nasjonale organa: Stadnamna vert ikkje oversette.


Namnekomiteen

Namnekomiteen ved Norsk Polarinstitutt består av Oddveig Øien Ørvoll (leiar), Ivar Stokkeland, Gudmund Melland, Winfried Dallmann og Per Kyrre Reymert. Komiteen har to til fire møte pr år, etter behov. Komiteen kan kontaktast på eller telefon 77 75 05 00.