Isispynten er blitt ei øy

Iskappa ved Isispynten heilt aust på Nordaustlandet har trekt seg tilbake. Den siste reduksjonen i ismengda viser no at denne pynten faktisk er ei øy. Binnevågen har såleis vorte eit sund mellom den nye øya og Nordaustlandet.

Kart Isispynten

Kartutsnittet syner korleis området såg ut då det blei fotografert for kartlegging i 1977. Kart: O. Ø. Ørvoll / Norsk Polarinstitutt

Isispynten

Biletet er teke sommaren 2008 og syner folk frå Sysselmannen på Svalbard som står på ­«Isispyntøya» og ser vestover mot brefronten av Austfonna på Nordaustlandet. Foto: R. Hilde / Sysselmannen på Svalbard

Namnet Isispynten stammar frå Sir George Binney og medlemmane av ­«The Oxford University Arctic Expedition», som gjorde topografiske observasjonar i området 4. august 1924.

Binney skreiv i eit brev til Norges Svalbard- og Ishavsundersøkelser 17. september 1937:

- Vi ga dette namnet (Isis Point) av to grunnar:

  1. Isis er namnet til elva i Oxford og er brukt for å gje eit namn som har samanheng med Oxford universitet.
  2. Isis vert uttala på liknande måte som det engelske ordet ice, og passa til å gje inntrykk av ei isete kystline.