Rapporten Melting snow and ice presentert på klimamøtet i København

Tidlegare visepresident i USA, Al Gore, og utanriksminister Jonas Gahr Støre presenterte i dag ein global rapport om issmelting på eit arrangement under FNs klimatoppmøte i København (COP 15). Norsk Polarinstitutt med sitt senter for is, klima og økosystem (ICE) har leia arbeidet og gjeve ut issmeltingsrapporten.
Melting snow and ice

Tidlegare visepresident Al Gore og utanriksminister Jonas Gahr Støre gav Norsk Polarinstitutt oppdraget med å laga issmeltingsrapporten «Melting snow and ice: a call for action» då dei saman leia konferansen Melting ice: regional dramas, global wake-up call i Tromsø 28. april i år. Polarinstituttet fekk hjelp frå fleire verdsleiande forskarar innan fagfeltet i arbeidet med rapporten.

Den danske utanriksministeren Per Stig Møller og Kuupik Kleist, Grønlands regjeringsformann, deltok også på arrangementet i dag. Dei presenterte ein rapport om smeltinga av isdekket på Grønland.

Utanriksdepartementet har meir informasjon om saka.

Del denne siden:
Facebook Twitter E-post Skriv ut