Skuleelevar på Svalbard

Ungdomsskulen i Åkra i Kvinnherad var i fjor med på ein konkurranse som Polarinstituttet hadde utlyst. Den flotte premien var ein tur til Svalbard.

Ei gruppe på seks elevar med lærar har opplevd Svalbard i strålande sol og 8–10 grader. Høgdepunktet var utflukta til fuglefjellet Diabas, der me fekk oppleve fugleforsking på kloss hold. Etterpå grilla me, og overnatta i telt med isbjørnbluss rundt campen, og vakt med rifle som passa på oss medan me sov.

Ein utruleg flott premie for oppgåveskrivinga me gjorde i fjor vinter. Ei oppleving av dei sjeldne! Me har lært mykje spennande på turen! Tusen takk til Polarinstituttet og Ole Anders Nøst som har teke seg så godt av oss!

Bildeserie: Skuleelevar på Svalbard