Nalân Koç blir ny forskingsdirektør

Nalân Koç er tilsett som ny forskingsdirektør ved Norsk Polarinstitutt. Ho blir den fyrste kvinnelege forskingsdirektøren ved instituttet.

Forskningsdirektør Nalân Koç

Ny forskingsdirektør ved Norsk Polarinstitutt, Nalân Koç.  Foto: Tor Ivan Karlsen / Norsk Polarinstitutt

Nalân Koç kjem frå stillinga som leiar av Senter for is, klima og økosystem (ICE) ved Norsk Polarinstitutt.

Klima har dei seinare åra blitt eit av dei viktigaste forskingstema i polarområda, med globalt fokus på oppvarminga, som no går fortast i Arktis. Nalân Koç ønskjer å vidareføra Polarinstituttet sitt arbeid innanfor klima- og effektforsking, overvaking av miljøgifter og biologisk mangfold, og geologisk kartlegging i både Arktis og Antarktis.

 – ­Behovet for kunnskap om polarområda har aldri vore større og meir akutt enn i dag. Eg ser fram til å leia den høgkompetente forskargruppa frå Norsk Polarinstitutt, som saman med andre forskarar på Framsenteret skal levera viktig kunnskap til verdssamfunnet, seier Nalân Koç.

Forskingsavdelinga ved Norsk Polarinstitutt har i dag ca. 55 tilsette, medan det totalt arbeider ca. 160 personar ved instituttet.

Nalân Koç begynte som forskar ved Norsk Polarinstitutt i 1999. Ho har spesialisert seg på fortidsklimaforsking og polarklimaforskning og vore leiar av forskingsprogrammet Polarklima. Koç er opphavleg frå Tyrkia og kom til Noreg i 1985. I 1993 fullførte ho doktorgraden i maringeologi ved Universitetet i Bergen. Koç ble i 2009 kåra til ei av dei ti mektigaste innvandrarstemmene i norsk arbeids- og samfunnsliv.