Studerer kva rolle isen i Antarktis spelar for det globale havnivået
Forstå isutviklinga
Ei forskargruppe frå Norsk Polarinstitutt skal i to månader framover opphalda seg på isbremmen Fimbulisen i Dronning Maud Land i regi av eit nytt klimaprosjekt, ICE RISES. Dei åtte i ekspedisjonen skal gjennomføra ulike målingar på såkalla «iskollar» (ice rises) for å betre forstå isutviklinga langs den antarktiske kysten og effektar på havnivået.
Isbrear på kanten av innlandsisen i Antarktis renn som elvar i sakte film mot kysten. Der isbreen når havet, begynner isen å flyta. Denne flytande isen, fleire hundre meter tjukk, kallar vi for ein isbrem. Isbremmen trykkjer mot isbreen og hindrar meir is i å strømma ut i havet, mest som ein flaskekork.
– Iskollane bremser isbremmene
– Somme stader er havbotnen så grunn at isbremmen har grunnstøtt, og det synest på overflata som ei forhøgning, eller altså iskolle. Desse iskollane er med på å bremsa isbremmane og holde «flaskekorken» på plass, forklarer prosjektleiar Kenny Matsuoka frå Norsk Polarinstitutt.
Kontakt med skuleverket
Undervegs vil forskarane frå isen halda kontakt med omverda, då særleg skuleverket, via blogg og sosiale medium. Skuleelevar kan senda spørsmål til forskarane, det blir daglege vêrrapportar, ferske bilete, videoklipp og mykje anna spennande frå feltarbeidet.
– Målet er å fortelja om forskinga i Antarktis og fokusera på klimaendringar som kan få konsekvensar for menneske over heile verda, understrekar Matsuoka.
Prosjektet ICE RISES er drive av Norsk Polarinstitutt og samarbeider med yngre forskarar via Association of Polar Early Career Scientists (APECS) i formidlinga til skuleverket. Fleire institusjonar, både nasjonale og internasjonale, deltek også i prosjektet. Prosjektet skal vara i tre år.
For spørsmål, kontakt prosjektleiar Kenny Matsuoka, e-post: eller forskar/seksjonsleiar Elisabeth Isaksson, telefon 77 75 05 15 eller e-post;