Nytt namn på Svalbard

Namnekomiteen ved Norsk Polarinstitutt bestemte i møte 15. september 2013 at ein del av Austfonna på Nordaustlandet skal ha namnet Harald V Land.

HARALD V LAND Harald V Land er eit område på om lag 6500 km2. Det er i all hovudsak dekka av ei stor iskappe, og omfattar størstedelen av Austfonna, som er den største breen på Svalbard, og ein av dei største i Europa. Kart: Norsk Polarinstitutt

TRADISJON Kong Haakon VII fekk namnet sitt på eit område nordvest på Spitsbergen allereie i 1915, og Olav V Land er namnet på det austlegaste området på den same øya. No har den tredje norske regenten fått namnet sitt på den norske øygruppa i Arktis. Kart: Norsk Polarinstitutt

Harald V Land er eit område på om lag 6500 km2. Det er i all hovudsak dekka av ei stor iskappe, og omfattar størstedelen av Austfonna, som er den største breen på Svalbard, og ein av dei største i Europa.
Største høgda på breen er 770 meter. På austsida ender iskappa i havet, og langs heile denne kanten kalvar breen. Fleire stader har brekanten trekt seg tilbake slik at det dei seinare åra har kome fram nye holmar og skjer.

Denne namnsettinga passar godt inn i tradisjonen for namn på Svalbard. Kong Haakon VII fekk namnet sitt på eit område nordvest på Spitsbergen allereie i 1915, og Olav V Land er namnet på det austlegaste området på den same øya. No har den tredje norske regenten fått namnet sitt på den norske øygruppa i Arktis.

På Svalbard har vi ingen kommunale eller andre administrative grenser som kan nyttast til å avgrense og definere eit stadnamn. Vi bruker i staden ei tradisjonell inndeling i «land» som utgangspunkt for å avgrense dei ulike delane av øygruppa. No går desse grensene òg ut i fjordområda, slik at også småøyene blir innplasserte i eit landområde.

Til dømes høyrer no Tusenøyane med i Edgeøyområdet, og Akseløya inngår i Nathorst Land.