Geologiske kart utgitt i 2013

I 2013 gav Norsk Polarinstitutt ut to nye geologiske kartblad frå Svalbard: Hopen (1 : 100 000) med integrert kartbeskriving og Nordaustlandet SW (1 : 200 000).

G14G Hopen

G14G Hopen

 G14G Hopen. Kart: Norsk Polarinstitutt

Hopen var opphavleg ikkje tenkt å bli eit eige geologisk kart i 1 : 100 000-serien på grunn av den vesle utstrekninga og den relativt einsforma geologien på øya. Kartet over Hopen skulle takast med som eit sidekart på karta over Edgeøya i 1 : 200 000-målestokk. Men samarbeidet mellom Norsk Polarinstitutt, Oljedirektoratet og SINTEF om geologien i området klarla at eit eige geologisk kart, med integrert kartbeskriving, er av stor interesse som grunnlag for det geologiske arbeidet i det nordvestlege Barentshavet. Polarinstituttet har tidlegare (2004) gitt ut eit tilsvarande kart over Billefjorden, som òg er eit område av særskild geologisk interesse.

Russiske, norske og engelske geologar studerte geologien til Hopen i 1970-åra. Fina-gruppa bora òg to leitebrønnar for petroleum – éin i 1971 (Hopen 1 sør på øya, 908 m djup) og éin i 1973 (Hopen 2 nord på øya, 2840 m djup). Ny forskingsaktivitet dei siste åra skriv seg frå at geologien på øya gir eit godt bilete på korleis sedimenta er under Barentshavet, der det går for seg aktiv leiting etter hydrokarbon.

Hopen-kartet inneheld som tilleggsinformasjon ein beskrivande tekst, eit paneldiagram med sedimentloggar, eit paleogeografisk kart, eit vertikalprofil, eit stratigrafisk skjema for trias på Svalbard og ei rekkje fotografi. Dataa blei hovudsakleg utarbeidde av SINTEF og stilte til disposisjon for kartserien til Norsk Polarinstitutt.

På Hopen finn vi tre meir eller mindre horisontalt liggjande geologiske formasjonar, alle av sentrias alder. Det meste av øya består av De Geerdals-formasjonen. Den består av elvedeltaslettesediment og deltafrontsediment som oppover går over i marine sediment. Fleire deltakanalar av sandstein opptrer i fjellsidene, og dei er like tjukke og opptrer på same måte som tilsvarande kanalar av same alder i det søre Barentshavet. Slike kanalar er av særleg interesse, for dei kan fungere som reservoarbergartar for petroleum.

DE45G Nordaustlandet SW

DE45G Nordaustlandet SW

 DE45G Nordaustlandet SW. Kart: Norsk Polarinstitutt

Nordaustlandet SW (sørvest) er det første kartet i 1 : 200 000-serien som skal dekkje dei austlege øyane på Svalbard. Ytterlegare to kart som dekkjer dei resterande delane av Nordaustlandet, skal etter planen bli gitt ut i 2014. Målestokken 1 : 200 000 blei vald som alternativ til 1 : 100 000-målestokken på Spitsbergen for å spare logistiske ressursar i dei vanskeleg tilgjengelege austlege områda.

Den sørlege halvdelen av kartbladet Nordaustlandet SW overlappar med kartblada D5G Lomfjordhalvøya 1 : 100 000 (utgitt i 2009) og E5G Gustav Adolf Land 1 : 100 000 (utgitt i 2010). Dette området er kartlagt av geologane til Norsk Polarinstitutt, mens den nordlege delen av kartblad Nordaustlandet SW hovudsakleg er kartlagd av geologar frå russiske PMGRE (Poljarnaja Morskaja Geologorazvedočnaja Ėkspedicija = Polar maringeologisk ekspedisjon). PMGRE har bidrege med kartdata til kartserien til Norsk Polarinstitutt i ramma av ein samarbeidsavtale. I tillegg er det innarbeidd meir detaljerte kartdata frå G.P. Halverson (Harvard University, MA, USA) frå Gotiahalvøya mellom Wahlenbergfjorden og Murchisonfjorden.

Geologien i kartområdet er todelt. På Lomfjordhalvøya og i Gustav Adolf Land (Nordaustlandet sør for Wahlenbergfjorden) består berggrunnen av horisontalt liggjande sedimentbergartar av karbonsk og permisk alder, mens dei andre områda består av folda grunnfjell som ligg stratigrafisk under sedimentbergartane. Dette grunnfjellet utgjer mesteparten av Ny-Friesland og Nordaustlandet. Vinkeldiskordansen mellom eldre, falda grunnfjell og yngre, flattliggjande sedimentære bergartar er blotta fleire stader rundt Lomfjorden og Wahlenbergfjorden.

Sedimentbergartane frå karbon- og permtida består for det meste av kalksteinar, med kiselrike bergartar (chert) og sandstein i den øvre delen. Dei blei avsette på ein stabil kontinentalsokkel (Aust-Svalbard-plattforma). På nokre stader i Gustav Adolf Land ligg leirskifer frå trias på toppen. Sedimentlagrekkja er intrudert av horisontale, magmatiske gangbergartar, som består av den basalt-liknande bergarten doleritt. Desse intruderte i tidlegkritt i store delar av dei arktiske sedimentbassenga.

Grunnfjellet består av to ulike kompleks. Det yngste finst i vestlege og sentrale delar av kartområdet, rundt Lomfjorden, Hinlopenstretet, Murchisonfjorden og Wahlenbergfjorden. Det har neoproterozoisk alder og består av klastiske og karbonatiske sedimentbergartar. Det inneheld mellom anna tillittar – isbreavsetnader frå dei neoproterozoiske istidene, som nokre forskarar trur var verdsomspennande til tider. Det andre grunnfjellskomplekset finst nordaust i kartområdet og består av meso- og neoproterozoiske, låggrads omdanna bergartar av sedimentær og vulkansk opphav og granitt som intruderte under den kaledonske fjellkjededanninga i silurtida.

Sjå våre geologiske kart over Svalbard