Kronprinsparet besøker forskingsskipet Lance i den arktiske drivisen

Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit skal saman med klima- og miljøminister Tine Sundtoft besøke Svalbard og forskingsskipet Lance, som ligg innfrossen i isen, 21.–23. april i år.

Forskingsskipet Lance i isen

INNFROSSEN I ISEN I 6 månader vil forskingsskipet Lance huse forskare frå Noreg og utlandet. Forskarane samlar inn data om endringane i isen som vil hjelpe oss til å forstå kva som vil skje i framtida. Foto: Paul Dodd / Norsk Polarinstitutt

Under besøket på Lance vil dei få ei innføring i forskningsprosjektet Norwegian Young Sea Ice Cruise 2015 (N-ICE 2015) og ei oppleving av det praktiske feltarbeidet i isen. 

Dei vil også ha ei overnatting under besøket på Lance.

Les meir om besøket på regjeringas nettside.