Stortingsmelding om Antarktis

For fyrste gong på 76 år er det lagt fram ei eiga stortingsmelding om norske interesser og politikk i Antarktis (Meld. St. 32 (2014-2015)).

Adeliepingviner

Føremålet med denne stortingsmeldinga er å dokumentere norsk engasjement i Antarktis, og å auke medvitet om at Norge òg er ein polarnasjon i sør, og kva det har å seie for norsk innanriks- og utanrikspolitikk. Foto: Stein Tronstad / Norsk Polarinstitutt

Den norske forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land.

Den norske forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land. Foto: Stein Tronstad / Norsk Polarinstitutt

Forsking på Fimbulisen i Dronning Maud Land.

Forsking på Fimbulisen i Dronning Maud Land. Foto: Elvar Ørn Kjartansson / Norsk Polarinstitutt

Antarktis

Antarktis Kart: Norsk Polarinstitutt

For fyrste gong på 76 år er det lagt fram ei eiga stortingsmelding om norske interesser og politikk i Antarktis, fredagen den 12. juni. Meldinga tek for seg norsk politikk og interesser innanfor Antarktistraktatsystemet sitt verkeområde, inkludert dei norske bilanda Dronning Maud Land og Peter I Øy.

Det tredje norske bilandet, Bouvetøya, som ligg nord for Antarktistraktaten sitt verkeområde, vert berre omtala i denne meldinga når det har direkte samband med Norges interesser i Antarktis. Regjeringa (ved Justisdepartementet) legg difor òg fram ei eiga melding om Bouvetøya.

Føremålet med denne stortingsmeldinga er å dokumentere norsk engasjement i Antarktis, og å auke medvitet om at Norge òg er ein polarnasjon i sør, og kva det har å seie for norsk innanriks- og utanrikspolitikk. Meldinga skal kunne tene som eit politisk styringsdokument og arbeidsverktøy for departementa og dei underliggjande etatane, og samstundes vere til nytte for eit breiare publikum (ålmenta).

Førre gongen ei eiga Antarktis-melding vart lagt fram for Stortinget, var i januar 1939, då Norge la under seg den delen av det antarktiske fastlandet som seinare skulle få namnet Dronning Maud Land. Den gongen vart meldinga skrive på nynorsk – av dåverande utanriksminister Halvdan Koht sjølve.

Norge er det einaste landet som har territorium både i Arktis og i Antarktis – vi er med andre ord ein polarnasjon i dobbelt meining. Sjølv om Arktis og dei sokalla «nordområda» ligg mykje nærare og står sterkare i fokus, har Norge ei lang historie i Antarktis. Vi har lenge hatt eit vidtfemnande engasjement i Antarktis, og det gjeld framleis den dag i dag. Vi er til stades som forskings- og kunnskapsnasjon, som miljønasjon, som havnasjon og som næringsaktør. Norge er langt den største fiskerinasjonen (krill) i Antarktis i dag.

Denne meldinga varslar inga radikale endringar eller brot med den politikken som har vorte ført tidlegare. Hovudlina i norsk antarktispolitikk – under skiftande regjeringar – har lege fast i alle år. Denne lina er tufta på ei medviten haldning om norske suverenitetskrav, kombinert med innsats for at det internasjonale samarbeidet, særleg under Antarktistraktaten, skal vera velfungerande og solid. Eit overordna mål har vore å tryggje at dei unike natur- og miljøverdia vert tekne vare på. Norge har vore sentral i utviklinga av traktatsystemet i Antarktis, og har spela – og spelar - ei viktig rolle i utviklinga av regionale forvaltingsmekanismar og –organisasjonar.

Vi er inn i ei tid der fleire aktørar syner interesse for ulike aktivitetar i Antarktis. På grunn av auka aktivitets- og aktørmangfald har dagsorden i Antarktistraktatsystemet vorte breiare og meir innfløkt. I det stor og heile stiller utviklinga større krav til korleis vi følgjer opp norsk politikk på området. St. meld. nr.32 (2014-2015) vil vonom vere ein nyttig reiskap i handsaminga av desse utfordringane.