Offline-kart over Svalbard

Kartseksjonen ved Norsk Polarinstitutt har produsert eit detaljert kart over Svalbard som kan lastast ned for bruk på PC, nettbrett og mobil utan nettilgang.

kart og mobiltelefon som viser kartutsnitt

Detaljeringa i kartet. Foto: Norsk Polarinstitutt

Produktet er basert på data frå hovudkartserien Svalbard 1 : 100 000 (S100). Det er delt opp i 150 ruter, der kvar rute er omlag 50x50 km, og lagra som rasterdata på JPEG 2000-filformatet. Desse kartrutene kan brukast direkte i GIS-system på PC, mens for bruk på nettbrett og mobil anbefaler vi gratis-appen Geoviewer fra Lizardtech.

Karta ligg klare for nedlasting i Polarinstituttets datasenter. Etter å ha lasta ned til PC og pakka opp zip-filene, kan du overføre karta til din eining. For Android-einingar kan du nytte USB-kabel og for iOS-einingar kan ein t.d. bruke nettenesta Dropbox som kanal fra PC til einhet. Når karta er lagra på eininga, kan du leggje til kartruter frå menyen i Geoviewer.

Karta blir oppdaterte i takt med produksjonen av nye kartdata i S100-databasen.

Deler av databasen har gamle kartdata som ikkje er eigna til navigasjon.

Last ned kart