Eit stort steg for forskingssamarbeidet på Svalbard

I januar vart SIOS-avtala mellom ni land og 24 institusjonar underteikna. Avtala skal sikra eit sterkare samarbeid om forsking på Svalbard.

En rekke personer står i trapp

SIOS-generalforsamling 2018. Foto: Christiane Hübner/SIOS Knowledge Centre

SIOS-samarbeidet går no inn i ein operasjonell fase etter ti år med førebuingar og pilotprosjekt

Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System (SIOS) skal styrkja infrastrukturen for forsking på Svalbard. Det skal verta betre samarbeid mellom nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar og forskingsresultat skal delast.

Kunnskapssenter

– Gjennom SIOS er det oppretta eit kunnskapssenter på Svalbard der det no jobbar fem personar på heiltid. Dei tek seg av infrastrukturen og samordnar forskingsdata, og skal stimulera institusjonane til å gjera forsking saman i staden for kvar for seg. Å investera i infrastruktur, til dømes, er lettare når ein er fleire om det, seier Kim Holmén, internasjonal direktør ved Norsk Polarinstitutt, og styreleiar i SIOS.

Han nemner òg deling av forskingsresultat, slik at forskarane ikkje gjentek forsking som allereie er gjort. Det bidreg både til effektivisering, og dessutan ein mindre inngripen i eit sårbart Svalbard-miljø.

Klimaendringar

Føremålet er å få ei betre forståing av klimaendringane i Arktis. Globale klimamodellar viser at polare regionar spelar ei avgjerande rolle for klimasystemet til jorda. På verdsbasis vil den arktiske regionen oppleva den raskaste og meste alvorlege oppvarminga, med ein berekna auke av årsmiddeltemperaturen på 4-8 gradar og betydeleg auke i nedbør i scenariosimuleringer for slutten av det 21. århundret. Dette vil få konsekvensar for menneske og miljø lokalt, men òg globalt. Svalbard har difor stor interesse frå forskarar frå heile verda.

– Vi har hatt ein prosess i ti år med å etablera den permanente strukturen. Det er eit stort steg at alle institusjonane no har bunde seg til avtala, og at vi no går over i driftsfasen, seier Holmén.

Under generalforsamlinga for SIOS, poengterte statssekretær Rebekka Borsch frå Kunnskapsdepartementet, at SIOS har høg prioritering hos regjeringa.

SIOS-konsortiet (23 medlemmer og 1 observatør):