Norsk Polarinstitutt – 90 år

I dag er det 90 år sidan eit samla Storting oppretta Norges Svalbard- og Ishavsundersøkelser (NSIU), som i 1948 gjekk inn i det nyoppretta Norsk Polarinstitutt.  

..

Framsenteret

Norsk Polarinstitutt held i dag til ved Framsenteret (bilete) i Tromsø, og har i tillegg medarbeidere i Longyearbyen og i Ny-Ålesund på Svalbard og på Troll-stasjonen i Antarktis. I kveld markerer vi årdagen for Polarinstituttet. Foto: Andrea Taurisano / Norsk Polarinstitutt

Den første direktøren: Adolf Hoel

Adolf Hoel

Den første direktøren ved Norsk Polarinstitutt (tidlegare NSIU) var geologen Adolf Hoel. Hoel leidde instituttet frå 1928 til 1945. Her slår Hoel (til høgre) opp telt ved Lilliehöökbreen på Svalbard i 1907, som var den første vitskaplege ekspedisjonen til Krossfjorden på Svalbard. Foto: Norsk Polarinstitutt

Dagens direktør Ole Arve Misund

Dagens direktør

Ole Arve Misund er direktør ved Norsk Polarinstitutt. Foto: Malin Alette Hansen / Norsk Polarinstitutt

..

Første kvinnelege forskar

Botanikeren Hanna Resvoll vart den første kvinnelegen norske forskaren på Svalbard. Her står ho på dekk på fartøyet "Holmengraa" saman med geologen Gunnar Holmsen. Året er 1908 og dei to forskarane er på veg nordover, i samband med den etter kvart så viktige Svalbardekspedisjonen. På biletet seglar skipet forbi Amsterdamøya ved nordvestspissen av Spitsbergen. Foto: Adolf Hoel / Norsk Polarinstitutt

..

Kvinnesterke

Det arbeider i dag omlag 165 personar ved Polarinstituttet, og cirka 40 prosent av desse er kvinner. Her ser vi nokon av dei. Biletet er teke utanfor Framsenteret på sjølveste kvinnedagen 8. mars i fjor. Foto: Helge Markusson / Framsenteret

Troll i Antarktis

Troll i Antarktis

Norsk Polarinstitutt har ansvar for norsk forskings- og miljøovervåking i Antarktis, og driftar forskingsstasjonen Troll. Instituttet er òg Noregs utøvande miljøstyresmakt i Antarktis. Troll-stasjonen vart opna som helårsstasjon i 2005. Foto: Stein Tronstad / Norsk Polarinstitutt

Longyearbyen i vinterdrakt

Longyearbyen i vinterdrakt

Longyerabyen ein vinterdag for nokre år sidan. Foto: Siri Uldal / Norsk Polarinstitutt

Ny-Ålesund med Amundsenbysta

Ny-Ålesund med Amundsenbysta

I år er det 50 år sidan Norsk Polarinstitutt etablerte det som vart den første heilårige forskingsstasjonen i forskingslandsbyen Ny-Ålesund. Ny-Ålesund er forbeholdt forsking og har med åra utvikla seg til ein moderne internasjonal arktisk, naturvitskapleg forskings- og miljøovervåkingsbase. Dette er òg ein av dei nordlegaste busetjingane i verda. Foto: Max König / Norsk Polarinstitutt

Isbreforskning Antarktis

Isbreforsking Antarktis

ICE Fimbulisen - frå topp til tå var eit stort forskingsprosjekt om klimaet i Antarktis, og kva for verknader klimaet der kan få for resten av kloden. I november 2009 drog ein ekspedisjon til isbremmen Fimbulisen i regi av Polarinstituttet. Oseanografar og glasiologar skulle observera isbremmen Fimbulisen frå topp til tå. Foto: Helgard Anschütz / Norsk Polarinstitutt

Forsking på dyreliv

Forsking på dyreliv

Forsking på reinsdyr og svalbardryper er viktige oppgåver ved Polarinstituttet. Dette bilete viser ryper og reinsdyr i Adventdalen. Ryper finn mat ved å blant anna leita i fotsporet til reinsdyra. Foto: Siri Uldal /Norsk Polarinstitutt

..

Innfrysningen av forskingsskipet RV Lance

Under forskingsprosjektet N-ICE2015, som gjekk frå januar til juni 2015, blei forskingsskipet «Lance» drive med isen i Arktis, og brukt det som feltstasjon. Foto: Tor Ivan Karlsen / Norsk Polarinstitutt

Den 7. mars 1928 var løyvinga til NSIU berre for ein femårsperiode. Men 90 år seinare lever institusjonen i beste velgåande – og er Noregs sentrale institutt for vitskapleg forsking, miljøovervaking og kartlegging av Arktis og Antarktis.

I 1993 vedtok Stortinget at Norsk Polarinstitutt skulle flytte frå Oslo til Tromsø. På sikt førde denne flyttinga til eit tydeleg skifte i instituttet sitt fagprofil og verkeområde, mellom anna med ei rekkje nye stillingar innan miljø- og klimaorientert forsking og forvalting.

I kveld markerer vi årdagen med eit arrangement på Framsenteret, der vi held til i Tromsø. Gjester og tilsette vil blant anna få høyra meir om Polarinstituttet si historie når vår eigen polarhistorikar, Harald Dag Jølle, skal forelesa om Noregs polarhistorie gjennom 90 år. Professor emeritus i historie, Einar-Arne Drivenes, vil så resymera om kva flyttinga av Norsk Polarinstitutt har tydd for Tromsø, etterfulgt av spørsmål og diskusjon.

Polarhistorikar Harald Dag Jølle har oppsummert vår 90 år lange historie: http://www.npolar.no/no/om-oss/historie.html