Spørjeundersøking om jakt på svalbardrype

Svalbardrypa er ein viktig småviltart som menneske har jakta på i fleire hundreår. Vi veit ikkje kor mange ryper som totalt finst på Svalbard, men overvåkingsprogrammet som vart etablert i år 2000, viser små, men stabile bestandar.

Rype

Registerer jaktuttaket

Registreringa av jaktuttaket på svalbardrypa starta i 1997. Årleg vert det teke ut mellom 500 og 2300 svalbardryper. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt

rype

Rype i vinterdrakt

Målet med spørjeundersøkinga er å finna ut kva som påverkar kor mange ryper som vert felte, og om jaktpraksis har endra seg over tid. Foto: Siri Uldal / Norsk Polarinstitutt

..

Ryper i sommardrakt

Prosjektet ynskjer å koma i kontakt med jegerar som har løyst jaktkort for småvilt i 2017, og som er interesserte i å intervjuast, eller som har spørsmål til undersøkinga. Foto: Stein Ø. Nilsen / Norsk Polarinstitutt

Norsk Polarinstitutt, NIKU (Norsk institutt for kulturminneforsking) og NINA (Norsk institutt for naturforsking) gjennomfører no ei spørjeundersøking for å skaffa informasjon frå jegerane om rypejakta på Svalbard i regi av prosjektet Svalbardrypenes jaktstatistikk.

Målet er å finna ut kva som påverkar kor mange ryper som vert felte, og om jaktpraksis har endra seg over tid.

Overvaker rypebestanden

I 1997 starta registreringa av jaktuttaket, og det vert årleg teke ut mellom 500 og 2000 svalbardryper. Dette ser ikkje ut til å trua bestanden.

Kvart år er 250–300 jegerar på rypejakt. I tillegg inngår fangstmenns uttak. Jakttida er frå 10. september til 23. desember. Enkelte jegerar skyt mange, men dei fleste skyt berre nokre få ryper i året.

Det er Norsk Polarinstitutt som overvaker rypebestanden på Svalbard. Bakgrunnen er å sikra at jakta ikkje skal ha negative effektar på bestanden. Dei årlege overvåkingsdata viser så langt ingen negativ trend i talet på steggar (hannar) som går til hekking om våren.

Ei samanstilling av overvåkingsdata og jaktstatistikk viser at dei ulike typane data ikkje samsvarer heilt. Overvåkingsdata viser ein nokså stabil bestand, medan jaktstatistikken indikerer nedgang.

Delta på spørjeundersøking!

Prosjektet ynskjer å koma i kontakt med jegerar som har løyst jaktkort for småvilt i 2017, og som er interesserte i å intervjuast, eller som har spørsmål til undersøkinga.

Det er sendt ut invitasjon til deltaking i elektronisk spørreundersøking til alle som har løyst jaktkort for småvilt. Om du har løyst jaktkort for småvilt i 2017, men ikkje har motteke epost, eller har spørsmål om undersøkinga, ta kontakt med:

Sanne Bech Holmgaard (/mobil: 403 00 339) eller Eva Fuglei (/mobil: 915 70 729)