SEAPOP avdekkjer endringar i sjøfuglsamfunnet på Svalbard

Norsk Polarinstitutt forvaltar, saman med nabolanda våre, nokre av dei største sjøfuglbestandane i verda.

Sjøfugl i fuglefjell

Ledig plass på hekkehyllene. Dårleg overleving i vinterområda er ei viktig årsak til at bestanden av polarlomvi på Svalbard går tilbake./Room on the nesting shelves. Poor survival rates in wintering areas are a key reason for the decline in the thick-billed murre population in Svalbard. Foto: Hallvard Strøm / Norsk Polarinstitutt

Av sjøfuglforskar Hallvard Strøm

Med meir enn tre millionar par hekkande sjøfugl på Svalbard og Jan Mayen og omtrent to millionar par langs kysten av fastlandet utgjer den norske bestanden 20–25 prosent av alle sjøfugl som hekkar i Europa. Dette gjev Noreg eit stort nasjonalt og internasjonalt forvaltningsansvar, og ei oppdatert og kvalitetssikra oversikt over utbreiinga og tilstanden til fuglane er avgjerande i forvaltningsarbeidet på regionalt, nasjonalt og internasjonalt plan.

Kartlegg og overvaker sjøfuglar

I løpet av dei siste ti åra har innhentinga av sjøfuglkunnskapen vorte samordna og utvikla gjennom SEAPOP. Programmet kartlegg hekkebestandane og utbreiinga av sjøfugl langs kysten og til havs gjennom heile året, og overvaker talet på hekkande og overvintrande sjøfugl i norske farvatn. På eit utval av lokalitetar vert òg hekkesuksessen, overlevinga og kosten til fuglane overvakte for å kunna forklara nokre av dei viktigaste utviklingstrekka.

Programmet vert finansiert av den nasjonale miljøforvaltninga, oljestyresmaktene og oljeindustrien, og i tillegg gjer dei utøvande institusjonane ein svært stor eigeninnsats.

Det grunnleggjande konseptet er å samordna innhentinga av kunnskap om sjøfugl for offentlege og private aktørar på ein formålstenleg og kostnadseffektiv måte. Sjølv om desse aktørane har ulike interessar, har dei eit felles behov for relevant, kvalitetssikra og lett tilgjengeleg informasjon om sjøfugl. SEAPOP er derfor eit unikt «spleiselag» mellom offentleg forvaltning, industri og forsking. Norsk polarinstitutt er ansvarleg for overvakinga på Jan Mayen og Svalbard, som for Svalbard byggjer på tidsseriar som vart starta av instituttet tidleg på 1980-talet. Norsk institutt for naturforsking (NINA) er ansvarleg for overvakinga på fastlandet.

Nøkkelområde

Overvaking av sjøfugl er den mest ressurskrevjande oppgåva i SEAPOP og omfattar årleg registrering av bestandsstorleik, vaksenoverleving, hekkesuksess og kost for eit økologisk representativt utval av såkalla «nøkkelartar» på eit geografisk utval av lokalitetar. Av omsyn til logistikk og kostnadseffektivitet er ein stor del av denne verksemda fordelt på berre nokre få «nøkkel- lokalitetar». Jan Mayen utgjer ein «nøkkellokalitet», det same gjer Bjørnøya og Spitsbergen. På Spitsbergen går arbeidet føre seg i tre område: Isfjorden, Kongsfjorden og Hinlopen (Alkefjellet). I tillegg vert ismåke overvakt på Barentsøya. Den mest hektiske feltperioden er juni–august der meir enn 20 personar deltek i overvakingsarbeidet på desse lokalitetane. Overvakinga går føre seg etter godt etablerte, internasjonale standardar.

Sjøfuglsamfunn i endring

Bestanden av polarlomvi har gått kraftig tilbake på Svalbard sidan slutten av 1990-talet. Overvakinga som SEAPOP utfører, viser at redusert overleving gjennom vinteren truleg er årsaka til nedgangen. Tilbakegangen fell saman med ei oppvarming av havområda ved Island og Grønland, der polarlomvien overvintrar. Oppvarming i desse områda gjev truleg dårlegare næringstilhøve for polarlomvien.

Eit redusert sjøisdekke i Arktis vil spesielt påverka dei artane som er tilpassa å søkja næring i iskantsona. Overvakinga av ismåke på Svalbard har vist ein nedgang for arten dei siste åra. Færre fuglar går til hekking, og ungeproduksjonen er dårleg. Polarmåke er ein annan høgarktisk art som går kraftig tilbake. På Bjørnøya og Hopen er bestanden redusert med ca. 70 prosent sidan overvakinga starta i 1985–86. Miljøgifter er ei viktig årsak til nedgangen på Bjørnøya. Høge nivå av miljøgifter har ført til lågare ungeproduksjon og nedsett overleving for dei vaksne fuglane.

Denne artikkelen har stått på trykk i årsmeldinga for Norsk Polarinstitutt 2017