Sol, sommar og snart klår for deileg julemat på Troll

Kvit jul så langt auge kan sjå på den norske Troll-stasjonen i Antarktis. Og på kjøkkenet er kokkene i full sving med å laga julemat for kvar og ein smak.

--

I trygge hender

Kokk og overvintrar Bjørn Ove Finseth sørgjer saman med Valborg Sekse for at julematen skal smaka godt for dei 22 personane som skal vera på Troll i jula. Foto: Roger Sundkjer / Norsk Polarinstitutt

øø

julematen er klår

Menyen for jula er klår. Kjøtet til sylta er kokt i dag, og eg held på å leita etter den beste oppskrifta på krydderblandinga som skal inn i han nå. Han skal kokast ferdig i dag, fortel Finseth. Foto: Roger Sundkjer / Norsk Polarinstitutt

kk

Heim neste jul

Denne gjengen skal drifta Troll-stasjonen i neste vintersesong, frå venstre Bjørn Ove Finseth (kokk frå Vanvikan), Mats Nytun (elektriker frå Bergen), Øystein Berge (rørlegger/driftsteknikar frå Dalen), Laila Røise (lege frå Kongsberg) og Jimmy Magne Oxton (mekanikar frå Hustad). Den sjette overvintrereren, forskingsteknikaren, skal etter planen koma etter nyttår. Foto: Roger Sundkjer / Norsk Polarinstitutt

gg

Sommar på Troll

Sol, sommar og vinterlig på Troll. Foto: Roger Sundkjer / Norsk Polarinstitutt

mm

Hovudbygningen

Hovudbygningen på Troll. Foto: Roger Sundkjer / Norsk Polarinstitutt

mm

Troll flystripe

Troll flystripe opna i november og stenge i februar/mars når vinteren er i anmarsj. Foto: Roger Sundkjer / Norsk Polarinstitutt

hh

Dagligstua

Det er pynta til jul på Troll. Foto: Roger Sundkjer / Norsk Polarinstitutt

Medan nokon må sjå langt etter kvit jul og skiføre her i fastland-Noreg, kan besetninga på den norske forskingsstasjonen Troll i Antarktis nyta både sol og vinterlige tilhøve, og ikkje minst deileg julemat.

Sistnemnde sørgjer kokk og overvintrar Bjørn Ove Finseth for som saman med Valborg Sekse har planlagt og kokkelert på kjøkkenet for at julematen skal verta så smakfull som mogleg.

– Ja, menyen for jula er klår. Kjøtet til sylta er kokt i dag, og eg held på å leita etter den beste oppskrifta på krydderblandinga som skal inn i den. Sylta skal kokast ferdig i dag, fortel Finseth.

Fekk etterlengtede forsyningar av mjøl og smør 

Dei 22 personane som skal vera på Troll i jula, hovedsakelige for arbeid der, kan altså gleda seg til maten. Kokken og kjøkkenassistenten er godt i gang med julebaksten etter at dei fekk etterlengtede forsyningar av mjøl og smør til baksten.

– I tillegg får vi inn litt fersk frukt og grønt til jula, så vi skal kosa oss.

For å tilfredsstilla dei fleste sine mattradisjoner i jula har kokken sett opp ein variert middagsmeny.

– På juleaften serverer vi ribba med sprøsteikt svor, medisterkaker, julepølser, rødkål og godt tilbehøyr, med multekrem og krumkaker til dessert. Trollbakte julekaker til kaffien. Første juledag vert det pinnekjøttet, vossakorv og kålstappe med riskrem til dessert. Andre juledag vert det lutefisk med tilbehøyr og med karamellpudding til dessert. For dei som ikkje likar lutefisk, vert det servert restar av ribba og pinnekjøtt slik at alle skal verta happy.

Christmas pudding og svensk skinke

Besetninga på Troll består av sommarpersonell, dei seks overvintrarane som skal vera på Troll fram til neste jul, nokon tilsette frå logistikkavdelinga ved Polarinstituttet og forskarar/tilsette frå samarbeidande institusjonar og nasjonar, mellom dei ein engelskmann med sine juletradisjoner.

– Engelskmannen skal sjølvsagt få servert Christmas pudding! Oppskrifta er av Mary Berry frå BBCs Great British Bakeoff etter eit tips frå mora til engelskmannen. Koketiden tok 8 timar! Og han lukta veldig godt då den kom ut av kokeskapet i dag.

Men det er òg svenskar på Troll i jula og dei skal få sin juleskinke.

– Juleskinka vart kokt i dag etter å ha lege i kryddersaltlake i 14 dagar. Ingefærøl er sett etter ei oppskrift frå Hopen meteorologiske stasjon. Oppskrifta hengjer på veggen på kjøkkenet og Dronning Sonja kommenterte skinka då ho var på besøk der for 3 år sidan.

I tillegg vil det vera nokre tyske forskarar på Troll i jula, og Finseth håpar dei vil setja pris på maten. Menyen for nyttårssafta har han ikkje heilt klart enno, anna enn at det skal verta festmiddagen til ein tre rettar.

– 1. nyttårsdag vert det i kvart fall kalkun. Mest truleg med den tradisjonelle fløtesausen.

Sommar og høysesong for forsking og logistikk

Men det vert ikkje berre spising i jula. Besetninga på Troll er på stasjonen for å arbeida. No er det «sommar» i Antarktis og det tyder høgsesong for forsking og logistikkaktivitet ved Troll-stasjonen.

– Alt er bra sør, har vore utruleg hektisk så langt. Det meste handlar om drift av stasjonen, transport og ikkje minst flyoperasjonar, fortel seksjonsleiar Jon Hugo Strømseng frå Norsk Polarinstitutt.

Strømseng arbeider til dagleg ved logistikkavdelinga i Tromsø. I år vert han på Troll til over nyttår.

– Vi jobbar som vanleg i jula, vert litt kortare arbeidsdag julaftan. Gudstenesta frå Longyearbyen vert overført i samsvar med tradisjonen. Vi har òg julekalender der ein trekkjer ein pakke som inneheld julerelaterte ord, songtittel eller setning som må mimast av ho eller han som vert trekt ut.

Heim til neste jul

Vêret har vore lite ustabilt på Troll den siste tida, varmen i førre veke med opptil 4 plussgradar skapar ein del problem for flystripe og veg med mye overflatevatn. I dag viser gradestokken mellom -9 og – 12 på dagtid.

I månadsskifte februar/mars, når den antarktiske sommaren er over, forlèt dei tilsette frå logistikkavdelinga, sommarbesetninga og forskarane stasjonen, og dei seks overvintrarane, inklusiv kokken Finseth, vert åleine på Troll for å drifta stasjonen fram til november når dei nye overvintrarane og sommarpersonellet kjem.

I den perioden, under den antarktiske vinteren, vil dei berre ha kvarandre som selskap. Krevande vêrforhold, kulde og lange avstandar gjer det vanskeleg å fly ut og inn frå Troll på vinteren, og staden er difor isolert frå omverden.

Overvintrarane har alle ulike spesialfelt i botn som anten lege, elektriker, forskingsteknikar, kokk, mekanikar eller rørlegger/driftsteknikar, men på Troll må alle òg trå til på ei rekkje fellesoppgåver. Vann skal skaffast, diesel vert fylt og utstyr og bygg må sikrast mot vêr og vind. Overvintrene samlar òg inn prøver for forskarar heime i Noreg.

Om Troll på radio i jula

Vil du høyra meir om Troll kan du skru på NRK P1 før jul. Fredag 21. desember skal kokk Bjørn Ove Finseth snakka med programleiar Rune Nilsson i programmet "Kolafei" som vert sendt på ettermiddagen mellom kl 1700 og 1900. Og så vert det ein julehilsen i programmet "Are og Odin" mellom kl 2200 og midnatt vesle juleaften.

God jul!

Mer info om Troll:

Nye overvintrerer gjør seg klar for ett år i Antarktis

Troll – Noregs forskningsstasjon i Antarktis

Gjør seg klar for ett år i Antarktis    

Troll – 10 år

Mørketid på Troll, med sol i sikte

Vilkår for aktivitet på Troll