Norsk Polarinstitutts historie

Det er naturleg å rekne 7. mars i 1928 som årmålsdag til Norsk Polarinstitutt. Då vedtok eit samla Storting å opprette Norges Svalbard- og Ishavs-undersøkelser (NSIU). Løyvinga vart rett nok berre for ein femårsperiode. Men 90 år seinare lever institusjonen i beste velgåande – og er Noregs sentrale institutt for vitskapleg forsking, miljøovervaking og kartlegging av Arktis og Antarktis.

none

Adolf Hoel (til venstre) på sin fyrste ekspedisjon til Svalbard, i 1907. Foto: Norsk Polarinstitutt

none

Svalbard vart fotografert frå lufta for å lage skikkelege kart. Her frå NSIU sin ekspedisjon i 1936. Foto: Norsk Polarinstitutt

none

Under «Maudheim»-ekspedisjonen til Antarktis i 1949–1952 vart det gjennomført ei rekkje lange sledeturar inn over det ukjente kontinentet. Foto: Norsk Polarinstitutt

none

Nils Are Øritsland med ein liten fylgjesvein på ein ekspedisjon til Svalbard i 1968–1969, kor målet var å studere isbjørnens vandringar og åtferd om vinteren. Foto: Norsk Polarinstitutt

none

Norsk Polarinstitutt har hatt ein forskingsbase i Ny-Ålesund i 50 år, sidan 1968. Sverdrupstasjonen vart opna i 1999. Foto: Norsk Polarinstitutt

none

«Lance» på si tøffaste ferd. Vinteren 2015 let NP skuta fryse fast i isen nord for Svalbard, slik at ho kunne fungere som ein internasjonal forskingsbase i den arktiske drivisen. Foto: Norsk Polarinstitutt

Men NSIU hadde ei forhistorie. Faktisk var det «kun i uegentlig forstand» snakk om ein ny institusjon, skreiv Handelsdepartementet i stortingsproposisjonen, og sa instituttet måtte sjåast på som eit framhald av arbeidet som «De Norske Svalbard-ekspedisjoner» hadde gjort.

De Norske Statsunderstøttede Spitsbergen-Ekspedisjoner
Gunnar Isachsen fekk i 1909 statsstøtte til vitskapleg forsking på Spitsbergen. Isachsen hadde allereie leia ekspedisjonar hit, både i 1906 og 1907, men då hadde prins Albert av Monaco betalt rekninga. Frå 1910 overtok geologen Adolf Hoel leiinga av den stadig aukande norske spitsbergenforskinga; ei satsing som vitnar om at den unge nasjonen Noreg ønskte å setje merke på den herrelause øygruppa i nord – gjennom vitskapleg utforsking, namnsetjing og kartlegging av kolførekomstar. Denne vitskaplege innsatsen vart viktig for at Noreg fekk råderetten i Svalbardtraktaten frå 1920.

Norges Svalbard- og Ishavs-undersøkelser
Etter Noreg overtok suvereniteten av Svalbard i 1925, vart pengekrana til forsking brått skrudd att av Stortinget. Men Adolf Hoel hadde vidare ambisjonar og kom i 1925 med planar om eit permanent forskingsinstitutt som skulle ha ansvar for dei norske interessene i både Arktis og Antarktis. Og i 1928 kom altså NSIU, men – understreka politikarane – institusjonen skulle ikkje ha noko med Antarktis å gjera; her var dei folkerettslege tilhøva og kvalfangsinteressene viktigare enn dei geologiske og geofysiske.

Det var i alle høve nok av område i nord kor det polarvitskaplege miljøet rundt Hoel såg moglegheiter. Frans Josefs land vart lenge sett på som ingenmannsland, fram til Sovjetunionen proklamerte sektorprinsippet i 1926. Noreg la inn protest, og NSIU sende ein fangst- og forskingsekspedisjon austover i både 1929 og 1930. 

Det var likevel Aust-Grønland som vart det viktige området for NSIU i deira første leveår. I nært samarbeid med norske fangstfolk sende instituttet ei rekkje ekspedisjonar til denne folketomme kyststripa på Grønland. Målsetjinga var klar: Noreg skulle, og kunne med rette, krevje suverenitet over det såkalla Eirik Raudes Land. Noko som vart gjort gjennom ein okkupasjon i 1931. Danmark protesterte og trekte saka inn for den internasjonale domstolen i Haag – kor Noreg tapte i 1933.

Adolf Hoel og krigen 
Hausten 1938 fekk Adolf Hoel nyss om at ein tysk ekspedisjon var på veg til Antarktis. Målet deira var å gå i land i eit område kor dei norske «Norvegia»-ekspedisjonane hadde drive kartlegging frå 1927–31. Hoel varsla norske styresmakter – og regjeringa handla raskt. 14. januar 1939 kom det norske anneksjonskravet på det området som seinare vart heitande Dronning Maud Land. 

I 1933 hadde Adolf Hoel meldt seg inn i Nasjonal Samling og sto på stortingsvallista i Oslo. Sjølv forklarte han handlinga med at NS var det einaste politiske partiet som hadde eit forsvarleg polarpolitisk program. Under krigen såg Hoel høvet til å styrke Noregs posisjon i nord, og i samarbeid med tyske styresmakter arbeidde han for at Noreg igjen skulle krevje råderett over Aust-Grønland.

Norsk Polarinstitutt
Andre verdskrigen hadde vist kor strategisk viktig polarområda hadde vorte. Kortaste vegen mellom supermaktene USA og Sovjetunionen gjekk over Polhavet. Kunnskap om polarisen vart no også militærstrategisk viktig. Spørsmålet var korleis Noregs rolle som polarnasjon skulle oppretthaldast i eit selskap med tung satsing frå fleire land? Samstundes vart det eit ønskje frå politisk hald å markere avstand til Adolf Hoel og det NSIU han hadde leia.

Løysinga vart ein ny institusjon. Stortinget vedtok i 1947 at Norsk Polarinstitutt skulle bli «skipa frå 1. mars 1948 og at ‘Norges Svalbard- og ishavsundersøkelser’ frå nemnde dag går inn i Polarinstituttet». Det faglege programmet var ambisiøst, med fleire vitskaplege avdelingar. Målet var å få «en lederstilling i europeisk arktisk forskning». I tillegg skulle ein no også ha virkeområde i Antarktis. Til å leie instituttet vart Harald Ulrik Sverdrup kalla heim til Noreg. Havforskaren Sverdrup, som hadde vore viteskapleg leiar på Roald Amundsens «Maud»-ekspedisjon, hadde etter kvart vorte ein av verdas fremste oseanografar. Frå 1936 hadde han leia Scripps Institute of Oceanography i California.

To ekspedisjonar til Antarktis
Ei av dei første oppgåvene til det nye instituttet vart å leie ein toårig vitskapleg ekspedisjon til Dronning Maud Land, frå 1949–51. Den såkalla «Maudheim»-ekspedisjonen var eit samarbeid med svenske og britiske polarforskarar og vart den første fleirnasjonale overvintringsekspedisjonen i Antarktis. Forskarane skulle mellom anna studere om det hadde gått føre seg klimaendring på iskontinentet i sør. Ekspedisjonen vart ei pionerferd som peika framover mot det internasjonale geofysiske året (IGY) frå 1957–58, kor 12 land hadde overvintringsstasjonar i Antarktis, inklusive Noreg, med polarinstituttet sin «Norway Station» frå 1956–60. Under begge desse to antarktisekspedisjonane vart mykje nytt land kartlagt i det norske kravområdet Dronning Maud Land.

Som eit direkte resultat av det internasjonale samarbeidet i Antarktis under IGY fekk verda Antarktistraktaten. Her vart Noreg, på grunn av forskingsstasjonen sin, eitt av dei 12 landa som signerte traktaten i 1959. I følgje denne skulle alle krav om eigarskap til land leggjast på is dei neste 30 åra. I Noreg førte dette til at antarktisforsking i liten grad vart prioritert dei neste tiåra.

Svalbardforsking
Sverdrup døydde brått i 1957. Polarinstituttet hadde aldri fått dei midla som vart førespegla i samband med utvidinga i 1948. Og då nestleiaren frå NSIU-tida, Anders Orvin, tok over sjefsstolen for ein kort periode, vart det også eit symbol for kontinuiteten i instituttet, kor topografisk og geologisk forsking på Svalbard var den primære oppgåva. Denne forskingsprofilen heldt fram også etter at geologen Tore Gjelsvik vart ny direktør i 1960. Men verksemda auka.

Gjelsvik let aldri høvet gå frå seg til å minne styresmaktene om dei pliktene han meinte Noreg hadde for landområda sine i polarstroka, og for å skjøtte polartradisjonen sin. Han såg med uro på utviklinga på Svalbard, kor ei rekkje land auka forskingsverksemda si, ikkje minst Sovjetunionen. Og etter gruveulykka i Kings Bay i 1962, då Noreg mista ei fast busetjing på øygruppa, vart det Gjelsvik sin strategi å styrke både dei årlege sumartoktene, men ikkje minst å syte for at Norsk Polarinstitutt fekk ein heilårsstasjon i Ny-Ålesund. Denne kom i 1968.

Auka aktivitet
Då flyplassen opna på Svalbard i 1975, og øygruppa vart meir farbar for andre forskingsmiljø, mista polarinstituttet den dominerande rolla si som logistikkoperatør. Samstundes fekk instituttet ei rekkje nye forskings- og forvaltningsoppgåver. Miljøproblemstillingar vart langt viktigare i polarforskinga, tydeleg symbolisert ved at NP gjekk frå å liggje under Industridepartementet til å bli eit direktorat under Miljøverndepartementet i 1979. Eit naturleg skifte, meinte mange, sidan instituttet kunne vere rådgjevande organ for viltpleie og vernereglar på Svalbard, og systematisk samle inn miljødata om is, hav og atmosfæren i polarområda. Samstundes vart det vektlagt at instituttet framleis skulle vere eit «nyttig konsulentorgan for flere departement».

Då staten overtok den isforsterka skuta «Lance» i 1981, fekk polarinstituttet heilt andre moglegheiter for å gjere forsking på havbotnen og i havisen. Og då spørsmålet om oljeleiting i Barentshavet dukka opp på 1980-talet, vart NP med i ei rekkje store forskingsprogram innan maringeologi, havis, og biologi.

Også i Antarktis auka aktiviteten. I 1983 hadde styresmaktene vedteke at Noreg skulle sende ekspedisjonar sørover kvart tredje år, som eit ledd i å styrke det norske fotfestet i Antarktis fram mot traktatens utløp i 1989. Og polarinstituttet sin sumarbase «Troll» sto ferdig i sesongen 1989–90.

Flytting til Tromsø
I 1993 vedtok Stortinget at Norsk Polarinstitutt skulle flytte frå Oslo til Tromsø. På sikt førte denne flyttinga til eit tydeleg skifte i instituttets fagprofil og verkeområde, mellom anna med ei rekkje nye stillingar innan miljø- og klimaorientert forsking og forvaltning. Instituttet har òg hatt ein kraftig vekst og vore ein sentral aktør i den kraftige oppbygginga av polarforsking som Tromsø har opplevd etter den sterke politiske satsinga på nordområda frå byrjinga av 2000-talet.

Samstundes har Norsk Polarinstitutt auka innsatsen i Dronning Maud Land. I 2005 sto heilårsstasjonen «Troll» ferdig, kor instituttet sidan då har hatt heilårsdrift i. Polarinstituttet var også tydeleg til stades på kontinentet under Det internasjonale polaråret (IPY) frå 2007–2008, kor dei leia Den norsk-amerikanske IPY-traversen, som utforska store område i Aust-Antarktis.

Trass i mange ulike oppgåver og ansvarsområde er det i eit 90-årsperspektiv ikkje vanskeleg å hevde at det er Svalbard – og kunnskapen om naturmiljøet på og ved øygruppa – som har vore instituttets viktigaste interesseområde. At Norsk Polarinstitutt i 2016 fekk ansvaret for å koordinere forskingsstrategien og styrke den norske vertskapsrolla i Ny-Ålesund, forsterkar dette biletet. Samstundes markerer nok det nye isgåande fartøyet som kjem i drift i 2018 eit tidsskilje, kor rekkjevidda til instituttet blir større – og føresetnaden betre for å drive vitskapelig forsking, miljøovervaking og kartlegging av Arktis og Antarktis.