Feltstasjonen Tor

Feltstasjonen Tor er i bruk deler av året til ornitologiske studium. Stasjonen ligg 1700 m.o.h. i nunataket Svarthamaren som ligg ca. 100 kilometer aust for Troll.

Feltstasjonen Tor

Feltstasjonen Tor blir nytta til fugleobservasjonar. Foto: Stein Tronstad / Norsk Polarinstitutt

Stasjonen blei i 1992 etablert ved foten av fjellet som base for arbeidet. Her har forskarane framfor alt konsentrert seg om fuglanes tilpassing til det ekstreme miljøet dei lever i, og kva hekkestrategiar dei har utvikla for å overleve i dette barske miljøet.

Det blir òg gjennomført langsiktig overvaking av sjøfuglbestandane i Svarthamaren for å auke kunnskapen om korleis endringar i miljøet verkar inn på dei. Slike lange tidsseriar er òg viktige for å kunne forstå og forutseie effekter av klimaendringar. 

Svarthamaren har den største kjente kolonien av antarktispetrell i verda. Kolonien tel nærare 250 000 hekkande par. I tillegg hekkar mange par av snøpetrell og sørjo i same område.