Troll – Noregs forskingsstasjon i Antarktis

Troll er Noregs forskingsstasjon i Antarktis. Det blir gjort meteorologiske observasjoner, målinger (UV-stråling) og glasiologisk og biologisk forskning. Stasjonen er i drift heile året.

Forskningsstasjonen Troll

Foto: Sven Lidström / Norsk Polarinstitutt

Troll er lokalisert om lag 235 km frå kysten, i Jutulsessen i Dronning Maud Land – eit område som er sentralt for norske forskingsinteresser i Antarktis.

Troll er i drift heile året og kan huse åtte personar i den antarktiske vinteren, og mange fleire om sommaren.

Informasjon for dei som planlegger aktivitet på/omkring Troll

Stasjonen skal klare temperaturar ned til -60 °C og vindhastigheter opp til 60 meter i sekundet.

Stasjonsbygninga er på omtrent 300 kvadratmeter og har åtte soverom, trimrom, badstue, et stort kjøkken, kommunikasjonssentral og kontorplassar til rådighet for overvintrerne. Vidare er det satt opp fleire separate bygningar som huser laboratorium, proviantlagre, aggregatanlegg og garasje, i tillegg til ei sikringsbu med rom for åtte personar som er oppført i trygg avstand til basen i tilfelle brann eller andre uhell. Den gamle stasjonen på 100 kvadratmeter fungerar som lager og lokale for sommerovernatting.

Den norske stasjonen Troll sett frå Nonshøgda.

Den norske stasjonen Troll sett frå Nonshøgda. Foto: Stein Tronstad / Norsk Polarinstitutt

Flystripa Troll Airfield

fly parkert på sne med beltevogn ved siden av

Foto: Sven Lidström / Norsk Polarinstitutt

Transport til og frå Troll blir gjort på den 3000 meter lange flystripa Troll Airfield som liggjer på blåisen eit par kilometer frå forskingsstasjonen. Flystripa er i drift i den antarktiske sumarsesongen (oktober–februar). Rullebanen er reservert vitskapleg aktivitet og kan ikkje brukast av kommersielle operatørar.

Personell frå forskingsstasjonen ivaretek sikkerheit og drift av rullebanen som er del av Dronning Maud Land Air Network Project – eit samarbeidsprosjekt mellom elleve nasjonar med aktivitet i Dronning Maud Land.

Miljø i fokus

Den opphavlige forskingsstasjonen Troll ble bygd før Antarktistraktatens miljøprotokoll av 1991, men fokus på miljø har nå blitt integrert i all aktivitet.

Nokre av miljøtiltaka er

  • Avgrensing av arealbruken slik at utviklinga av stasjonen skjer innanfor eit avgrensa område.
  • Senking av energiforbruket, blant anna slik at ekstra varme ikkje sleppes ut i miljøet, men brukast til å smelte snø og is til drikkevatn og sentralvarmesystemet.
  • Energieffektiv konstruksjon av stasjonsmodulane.
  • God innkjøpsplanlegging og gjenbruk gjer mindre avfall.
  • Avfallet sorterast og komprimerast før det fraktast ut av Antarktis
  • Drivstoff oppbevarast og behandlast på en slik måte at muligheitene for sjølv de minste veskesøl er minimalisert. Det er utstyr og beredskapsplanar for å handtere eventuelle utslipp skulle dei likevel skje.

I tillegg til alle disse forhandsreglane gjennomfører instituttet ei grundig overvaking og registreringsarbeid for å følgje opp målsetjinga om at forskingsstasjonen Troll skal være ein miljømessig pionerstasjon i Antarktis.