Internasjonalt samarbeid i Antarktis

Etter andre verdskrig vart det gjort mange forsøk på å finne gode løysningar på spørsmålet om forvaltninga av Antarktis og omkringliggande havområde. Ved slutten av andre verdskrig var det heile sju statar med suverenitetskrav i Antarktis: Argentina, Australia, Chile, Frankrike, New Zealand, Noreg og Storbritannia. Ingen av disse fekk tilslutning til krava sine.

Scientific Committee on Antarctic Research (SCAR)

Polarforskinga har sida starten hatt eit internasjonalt preg. Det første internasjonale polaråret vert gjennomført i 1882–83. Også under det internasjonale geofysiske året 1957–58 var forskingssamarbeide svært vellykka. I 1958 vart samarbeidet i Antarktis formalisert gjennom opprettinga av Scientific Committee on Antarctic Research (SCAR). Sidan den gång har det blitt gjennomført ei rekke internasjonale ekspedisjonar og samarbeid. SCAR har som oppgåve å koordinere nasjonale forskingsprogram i Antarktis og å fremme internasjonalt forskingssamarbeid i regionen. SCAR har i dag medlemmar frå 28 land.

Antarktistraktaten

Markering av 50-årsjubileet sida Sørpolen vart erobra. U.S. Antarktic expedition: Internasjonalt samarbeid har prega det vitskapelege arbeidet i Antarktis sidan andre verdskrig. Her frå ei markering av 50-årsjubileet sidan Sørpolen vart erobra i 1961. Foto: Norsk Polarinstitutt

I 1959 vert Antarktistraktat vedteken som eit overordna internasjonalt rammeverk for forvaltinga av Antarktis av dei 12 landa som hadde vært aktivt med i Antarktisforskinga i forbindelse med det internasjonale geofysiske året i 1957–58 (Argentina, Australia, Belgia, Chile, Frankrike, Japan, New Zealand, Noreg, Sør-Afrika, Sovjetunionen, Storbritannia og USA). Traktaten trådde i kraft 23. juni 1961, og alle land som er medlem av FN kan tiltre. Traktaten har pr. i dag 29 konsultative partar og 17 ikkje-konsultative partar.

Antarktistraktaten dannar grunnlaget for regelverket for miljø- og ressursforvaltning i Antarktis, sjølv om traktaten i seg sjølv ikkje inneheld nokre konkrete miljøreglar. Tiltak for å beskytte naturen har vore diskutert på kvart konsultativt møte under traktaten sidan det første møtet i 1961.

Antarktistraktatens miljøprotokoll

På byrjinga av 1990-tallet forhandla partane frem ein protokoll om miljøvern til Antarktistraktaten. Miljøprotokollen vart underskreven hausten 1991 og trådde i kraft 14. januar 1998. Protokollen utpeikar Antarktis til eit naturreservat via til fred og vitskap. Protokollen forpliktar partane til å arbeide for å bevare miljøet og framset fleire viktige miljøprinsipp:

  • avgrensing av aktivitetars ugunstige miljøpåverking
  • prioritering av vitskapeleg forsking
  • utføring av grundige konsekvensanalysar av all planlagt aktivitet
  • overvaking av pågåande aktivitetar

Miljøprotokollen forpliktar traktatlanda til å samarbeide om planlegging og gjennomføring av aktivitetar i Antarktis, og satt også forbod mot all kommersiell mineralaktivitet for 50 år framover.

Andre avtaler

Krill i AntarktisDyrelivet i Antarktis er beskytta av mange avtalar, mellom anna Krillkonvensjonen frå 1980. Foto: Norsk Polarinstitutt

I tillegg til Miljøprotokollen er det fleire avtalar som har hatt sitt utspring i Antarktistraktaten som er viktige i forhold til miljø- og naturressursforvaltning i Antarktis. Selkonvensjonen vart vedteken i 1972 og regulerer fangst og forvaltning av dei antarktiske selbestandane. Krillkonvensjonen vart vedteken i 1980 og har som mål å bevare alle levende organismar i området. Tiltaka skal ikkje berre gje beskyttelse for dei ressursane som haustast, men skal og  beskytte andre artar som er avhengig av den hausta ressursen.

Alt fiske i Antarktis regulerast av konvensjonen CCAMLR (Convention for the Conservation of Antarctic Marine Life), som vart oppretta i 1981. Noreg var eit av dei første landa som underteikna den. I konvensjonen er ordet «Conservation» definert slik at det inkluderer rasjonell utnytting av ressursane. Konvensjonen omfattar havområda sør for 45–60 °S. Avgrensinga mot nord følgjar i størst mulig grad grensa mellom kaldt antarktisk vann og det varmare vannet lenger nord.

Overvaking av miljøet

I 1985 vart overvakingsprogrammet CEMP (CCAMLR Ecosystem Monitoring Program) oppretta. Noreg deltar i overvakningsprogrammet, og Norsk Polarinstitutt rapporterar data til prosjektet.

Samarbeid om logistikk

For å kunne samordne logistikk for forsking i Antarktis betre ble operatørorganisasjonen COMNAP (Council of Operators and Managers of Antarctic Programs) etablert i 1988. Hovudoppgåva til COMNAP er å utveksle praktisk og operasjonell informasjon for å legge til rette for best mulig gjennomføring av forskingsrelaterte oppgåver i Antarktis. COMNAP består i dag av de nasjonale Antarktisorganisasjonane frå 29 land, kor Norsk Polarinstitutt representerar Noreg.