Kartlegginga av Antarktis

Mange nordmenn har sett namn etter seg i Antarktis. Roald Amundsen sin sørpolekspedisjon i 1910–1912 gav mange norske namn langs ruta dei følgde mot polpunktet. Den store norske kvalfangstaktiviteten fram til midten av det førre hundreåret har også resultert i mange norske stadnamn rundt heile det antarktiske kontinentet. Norsk kartlegging av Dronning Maud Land tok til før området vart annektert av Noreg i 1939.

Norske stadnamn i Antarktis

Annekteringa av Peter I ØyDen norske annekteringa av Peter I Øy med kvalfangstskipet «Norvegia». Foto: Norsk Polarinstitutt

Namnehistoria i Antarktis er mykje kortare enn i dei nordlege polarområda. Norsk namnehistorie i Antarktis startar med kvalfangaren «Jason» av Sandefjord. I 1893 kom skipet inn til kysten av Den antarktiske halvøya, og folk gav namn til det dei først såg. Blant anna Foyn Land, som i dag heiter Foyn Coast, og Mount Jason. Dette viste seg å vera ei halvøy, som i dag heiter Jason Peninsula.

Det var den norske kvalfangstnæringa som både teknisk og økonomisk stod bak kartleggjing og namnsetjing i Antarktis. Næringa pressa også på politisk sånn at Noreg etter kvart annekterte område i sør: først Bouvetøya i 1928, så Peter I Øy i 1929, og til slutt Dronning Maud Land i 1939.

Nokre tal kan illustrera kor mykje den norske kvalfangsten i sør hadde å seia for landet. Tala er frå éin fangstsesong: 1930–31.

  • 6 landstasjonar
  • 41 flytande kokeri
  • 232 kvalbåtar
  • 11 000 manns besetning
  • 40 201 drepte kvalar
  • 3,6 millionar fat kvalolje produsert

Kartleggingsekspedisjonar

Kartlegging av Dronning Maud Land under Maudheim-ekspedisjonen i 1949–52Kartlegging av Dronning Maud Land under Maudheim-ekspedisjonen i 1949–52. Foto: Norsk Polarinstitutt Kartlegging i Antarktis med hjelp av GPS.Dagens kartlegging av Antarktis skjer med hjelp av GPS. Foto: Norsk Polarinstitutt

Kvalfangstfartyet «Norvegia» vart i perioden 1927 til 1931 nytta til å kartleggja land langs den antarktiske kysten. Fly blei sendt inn over isen, dei planta flagg og fotograferte område. Kartlegging og flaggplanting var nøkkelen til førsterett på områda, og det galdt å kunna dokumentera kven som var der først.

Den første Norvegia-ekspedisjonen i 1927–28 utforska og kartla mellom anna på Bouvetøya. I 1928–29 gjekk den andre Norvegia-ekspedisjonen i land på Peter I Øy. Den tredje Norvegia-ekspedisjonen, 1929–30, var den første som brukte fly til vitskapelege føremål. Bouvetøya vart fotografert frå lufta, og seinare drog flya innover det antarktiske kontinentet og utforska og kartla nytt land. Den fjerde Norvegia-ekspedisjonen segla i 1930–31 rundt heile Antarktis-kontinentet, og fleire område vart kartlagde og namnsette.

Lars Christensen finansierte ein ekspedisjon til Antarktis i 1936–37. Ekspedisjonen fotograferte store område ifrå lufta. Sør-Rondane og dei austlege kystområda i Dronning Maud Land vart kartlagde basert på desse flybileta. Ti kart som dekker delar av den australske sektoren vart òg konstruerte frå desse fotografia. Dette arbeidet vart for ein stor del drive fram av kaptein H. E. Hansen. Eit nytt og betre kart over Sør-Rondane i målestokk 1:250000 vart konstruert frå flybilete tekne under operasjon «Highjump» i regi av den amerikanske marinen i 1946–47.

Den norske staten var svært atterhalden med å gjera krav på det området vi i dag kallar Dronning Maud Land. Andre nasjonar hadde etter kvart gjort krav på store sektorar, men dei norske styresmaktene var skeptiske til sektorprinsippet. Då anneksjonsvedtaket kom, i siste liten, var det etter at regjeringa fekk nyss om at ein tysk ekspedisjon var på veg til Antarktis for å gjera krav på denne sektoren for Tyskland. Det var Adolf Hoel som ganske tilfeldig på ei reise i Tyskland fekk vita at skipet «Schwabenland» skulle til Antarktis. Han skunde seg heim for å informera den norske regjeringa om at no hasta det!

I den kongelege resolusjonen av 14.1.39 heiter det at «… det landet som ligg innafor denne stranda og det havet som ligg innåt, blir dregen inn under norsk statsvelde.» Anneksjonen er altså ikkje konkret definert i verken nordleg eller sørleg retning.

Dronning Maud Land var det første norske namnet innanfor det som i 1939 blei den norske sektoren. Etter at anneksjonen var gjort, blei det nedsett eit navneutval for fastsetjing av norske stadnamn i området. Dette utvalet gjekk gjennom mange namn og vedtok eit sett av stadnamn til bruk på norske kart basert på norsk og utanlandsk namnsetjing fram til då. NSIU fekk ansvaret for kartleggjing og forvaltning av stadnamn i dei norske bilanda i Antarktis i 1948, og blei samtidig omgjort/omdøypt til Norsk Polarinstitutt.

Etter dette gjennomførte instituttet to store kartleggjingssekspedisjonar i Dronning Maud Land. Maudheim-ekspedisjonen 1949–52 i samarbeid med Storbritannia og Sverige, og Norway Station-ekspedisjonen i 1956–60 resulterte m.a. i nye detaljerte kart og mange nye stadnamn. Omfattande flyfotografering og trianguleringsarbeid resulterte i åtte kartblad i målestokk 1:250 000. Karta dekker fjellområda på Maudheimsvidda mellom 6 °V og 3 °A. To kartblad over Vestfjella og to over Heimefrontfjella har òg vorte konstruert frå desse flybileta. Feltarbeidet som ligg til grunn er gjort av nordmenn og britar.

Den tyske Schwabenland-ekspedisjonen kartla store område i Dronning Maud Land i 1939 frå lufta, og sette namn på mange fjell og fjellrekkjer. Dette blei seinare problematisk: Det skulle visa seg vanskeleg å nøyaktig identifisera mange av namneobjekta. Men norske styresmakter var redde for å underkjenna for mykje av den tyske namnsetjinga – dette kunne få negative følgjer for den norske namnsetjinga andre stader. Vi ser også døme på at andre land har akseptert fleire tyske namn enn det Noreg har: I området som vi kallar Jutulsessen, der forskingsstasjonen Troll ligg, har USA og Russland vedteke å bruka det tyske navnet Bundermann Ketten (USA har i tillegg omsett namnet til Bundermann Range).

Under den norske Antarktis-ekspedisjonen 1956–60 vart kartleggingsområdet utvida austover. Feltarbeid i Fimbulheimen og nye flyfoto austover til Sør-Rondane har til no resultert i tolv kartblad over Fimbulheimen. I tillegg har åtte kartblad over Sør-Rondane vorte konstruert basert på belgisk feltarbeid. Med desse karta i målestokk 1:250 000 er den første fullstendige kartlegginga av fjellområda i Dronning Maud Land til 30 °A fullført.

Internasjonale avtalar

Kart over Antarktis Kart: Norsk Polarinstitutt Plakett på den geografiske SørpolenRoald Amundsen sin sørpolekspedisjon i 1910–1912 gav mange norske namn langs ruta dei følgde mot polpunktet. Foto: Stein Tronstad / Norsk Polarinstitutt

I 1974 inngjekk Noreg og Storbritannia avtale om å ikkje omsetja kvarandres stadnamn i dei respektive kravområda. Utan at det er formalisert har vi tilsvarande samarbeid med Australia, New Zealand og Frankrike. Derfor finn vi norske namn i Dronning Maud Land-sektoren på mange utanlandske kart.

Den internasjonale vitskapelege komiteen for antarktisforsking, Scientific Committee on Antarctic Research (SCAR), vart oppretta i 1958. SCAR har ein eigen komité for geografisk informasjon og stadnamn, Standing Committee on Antarctic Geographic Information (SC-AGI). Denne komiteen arbeider blant anna for eit einskapleg namneverk i Antarktis, dvs. at kvart terrengobjekt skal ha berre eitt namn. Dette av omsyn til både tryggleik og internasjonal forskingsformidling.

Medlemslanda under Antarktistraktaten blir derfor oppmoda om å ikkje omsetja namn (anna enn ved transkripsjon), men velja dei først sette.

Dette er ei ambisiøs målsetjing fordi ulike namenformer no er innarbeidde i dei ulike nasjonane sine kartverk. Det er heller ikkje alltid slik at eit namn dekkjer eit geografisk objekt med identisk utstrekning hos ulike kartverk. Eit godt eksempel på dette kan vi hente frå tidlegare nemnte Jutulsessen, der USA bruker namnet Bundermann Range på heile fjellpartiet. I tillegg har dei godkjent namnet Jutulsessen Mountain på den høgaste fjelltoppen (2370 meter), som på norsk heiter Brugda.

Mange nordmenn har sett namn etter seg i Antarktis. Roald Amundsen sin sørpolekspedisjon i 1910–1912 gav mange norske namn langs ruta dei følgde mot polpunktet. Den store norske kvalfangstaktiviteten fram til midten av det førre hundreåret har også resultert i mange norske stadnamn rundt heile Det antarktiske kontinentet. Vi finn såleis namn på mange utanlandske Antarktis-kart der hovudleddet er norsk, medan den beskrivande delen gjerne er omsett til det aktuelle språket.