Kartlegginga på Svalbard

Den detaljerte kartlegginga av Svalbard tok til ved sekelskiftet. I denne perioden gjorde svenske og russiske vitskapsmenn eit omfattande trianguleringsarbeide frå Storfjorden, langs vestsida av Nordaustlandet og opp til øyane lengst i nord. Dette var ein del av arbeidet med å fastlegge størrelsen og forma til jordkloden. Den norske kartlegginga av Svalbard tok til nokre år seinare, i 1906/07, under leiing av major Gunnar Isachsen. Området som vart kartlagt då var landet mellom Kongsfjorden og Raudfjorden. Fleire ekspedisjonar vart gjennomførde i åra etter.

Kartlegging frå flybilete

Frå Gunnar Isachsens ekspedisjon til Svalbard i 1909

Frå Gunnar Isachsens ekspedisjon til Svalbard i 1909. Isachsen og hans medarbeidarars arbeid danna grunnlaget for seinare norsk verksemd på øygruppa. Foto: Norsk Polarinstitutt

Store delar av Svalbard var allereie kartlagt før Norges Svalbard- og Ishavsundersøkelser (NISU) vart skipa i 1928. Nye og betre metodar, samt eit uttalt ønske ifrå gruveindustrien gjorde det aktuelt å utarbeide kart av betre kvalitet.

Sommaren 1936 vart store delar av Svalbard fotografert frå fly ved hjelp av eit skråstilt kamera. Det same året kjøpte NSIU ein Zeiss Stereoplanigraf for å nytte desse bileta i kartproduksjon. Gamle kart vart gradvis erstatta av nye. Til midten av 1950-åra bruka Polarinstituttet skråbilete for å konstruere kart, men frå 1960 vart berre vertikalbilete nytta. Dette gav kart av ein endå betre kvalitet. Eit nytt instrument for produksjonen av kart, ein Wild A7 autograf, vart kjøpt inn i 1968. Då var store delar av Svalbard fotografert i biletmålestokk 1 : 30000 til 1 : 50000.

I 1990 var bortimot heile Svalbard dekt av flybilete i biletmålestokk 1 : 50000. I tillegg er nokre område dekt i skala 1 : 15000. Ein digital fotogrammetrisk arbeidsstasjon vart kjøpt inn i 1993.

Geodesi-arbeid

GPS-måling på Hopen, Svalbard

I dag vert GPS nytta i kartleggingarbete på Svalbard. Her frå ei måling på Hopen. Foto: Harald Faste Aas / Norsk Polarinstitutt

Nøyaktige grunnlagspunkt er naudsynt for produksjon av kart. Det trigonometriske nettverket på Svalbard har ei lang historie. I byrjinga vart punkta fastlagde ved triangulering etter klassiske metodar. Det vart nytta teodolittar og etterkvart avstandsmålarar. I dag vert nye punkt bestemt ved hjelp av GPS-målingar. Det trigonometriske nettet inneheld over 1000 punkt, og for einkvar stad på Svalbard kan ein bestemme ein eintydig koordinat i samme system. Tidevatnsmålingar har ein sentral plass i geodesien. Det er slik ein får fastlagt høgdene på dei trigonometriske punkta. Målingar for å slå fast den magnetiske misvisninga er òg ein del av geodesiarbeidet.

Kartografi

Tidlegare vart kart teikna for hand, med penn og blekk. Frå 1965 vart alle nye kart rissa på lagdelte, målholdige foliar som danna grunnlaget for produksjonen av trykkfilmar. I siste del av 1980-tallet vart digitale teknikkar tekne i bruk i det kartografiske arbeidet. Gamle foilar vart digitaliserte og konstruksjonsutstyret vart modifisert og tilpassa digital kartproduksjon. Kraftigare datamaskiner og ny programvare gjer at vi no kan produsere kart raskare enn før. Det er likevel eit omfattande arbeid å etablere og halde ved like digitale kart-databaser. Ved hjelp av geografiske informasjonssystem (GIS) kan vi no lagre, halde ved like og utnytte kart-data på ein særs effektiv måte.

Sjøkartlegging

Undersøkingane og kartlegginga av farvatna rundt Svalbard tok til i 1906/07 i Raudfjorden og Krossfjorden. Allereie frå starten var hydrografiske undersøkingar ein viktig del av feltarbeidet om somrane. I 1928-32 vart farvatnet rundt Bjørnøya opplodda. Området utanfor Aust-Grønland vart opplodda i samband med ekspedisjonane dit på byrjinga av 1930-talet. Frå 1937 og til starten på 2. verdskrigen gjennomførte NSIU stadig meir moderne og systematisk opplodding. Dette arbeidet vart teke opp att i 1947. I 1963 tok Norsk Polarinstitutt i bruk eit elektronisk system (Hi-Fix) som gjorde det mogleg å slå fast nøyaktige posisjonar uavhengig av veret, og eit eige fartøy vart innleigd for å gjere opplodding. Eit nytt system for posisjonsmålingar (Motorola) vart kjøpt inn i 1972.

I 1984 vart ansvaret for sjøkartlegging overført til Statens Kartverk. Svalbard er eit stort område og det er enno store område kor det ikkje fins sjøkart.