Trendar for miljøgifter i Antarktis

Med få lokale kjelder, speglar nivåa av miljøgifter i Antarktis til ei viss grad globale forurensningstrender.

Glasiolog i snøsjakt som tar snøprøver

Glasiolog Carmen Vega i ei snøsjakt, kvar ho tek snøprøver for analyse av kjemisk innhold.  Foto: Gerit Rotschky / Norsk Polarinstitutt

Analysar av snø- og iskjernar fra Coats Land, Victoria Land og Law Dome har vist at Antarktis blei forureina av bly allereie i 1880, og at opphavet til blyforureininga var metallurgisk industri i Sør-Amerika, Sør-Afrika og Australia. Andre kjelder kan ha vore kullfyrt skipsfart. Blynivåa sank på 1920-tallet. Nokre spekulerer i at nedgangen kan vere relatert til åpninga av Panamakanalen i 1914, noko som igjen resulterte i lavare skipstrafikk. Blyforureininga økte betrakteleg under andre verdskrig (1939–1945), på grunn av aukt aktivitet innan metallurgisk industri og høgt blyinnhald i bensin. Analysane av snøprøvene viste ein nedgang frå 1980-talet og fram mot notida, det er sannsynleg at det skyldast innføring av blyfritt drivstoff.

Ein studie av ei rekke organiske miljøgifter (HCB, heptaklor, HCH, heptaklorepoksid) i luft, havvann, havis og snø frå den antarktiske halvøya har vist at nivåane av fleire av stoffane har gått ned. Imidlertid har ikkje nivåane av heptaklorepoksid gått ned det siste tiåret, noko som tyder på at det framleis er i aktiv bruk på den sørlige halvkula. Forbindelsen ble mykje brukt på 1960- og 70-tallet mot termitter. USA innførte forbod i 1988.