Biblioteket

Norsk Polarinstitutts bibliotek er offentleg. I tillegg til å vera eit forskingsbibliotek for tilsette i Polarinstituttet og Framsenteret, er vi opne for alle interesserte. Stikk gjerne innom og studer samlingane eller lån bøker. Eller ta kontakt på epost/telefon.

Biblioteket til Norsk Polarinstitutt

Biblioteket til Norsk Polarinstitutt Foto: Fred Inge Presteng / Norsk Polarinstitutt

Boksamlinga inneheld meir enn 15 000 bind, for det meste spesialisert litteratur om dei polare områda.

Ein monaleg del av samlinga består av polarhistorisk litteratur om ekspedisjonar og utforsking i Arktis og Antarktis, frå pionertida og opp til i dag. Vitskapeleg litteratur, knytt til både dei polare områda og meir generelt, utgjer det andre hovudfokuset i samlinga.

Polarinstituttet abonnerer på om lag 5000 tidsskrift. Dei fleste er berre tilgjengelege elektronisk.

Historiske arkiv og samlinger

Søk i publikasjonsarkiv

Lån og fjernlån

Du kan låne dei fleste bøkene våre anten ved å besøke biblioteket i Tromsø eller du kan bestille fjernlån gjennom eit anna fagbibliotek eller folkebibliotek.

Nokre avgrensingar gjeld:

  • Vi låner ikkje ut bøker som er utgjevne før år 1900.
  • Vi låner ikkje ut småskrifter, dagbøker, arkivmateriale eller sjeldne, sårbare dokument. Men du kan kjøpe kopiar.
  • Fjernlån må bestillast via ditt lokale bibliotek.

Søk i Oria.no

Polar bokkafe

Vi inviterer til litterært påfyll frå kalde strøk! Med jamne mellomrom utfordrar vi ulike gjestar til å fortelje om ei utvald bok frå vår store polarsamling.