Kart

Norsk Polarinstitutt er hovudansvarlig for den topografiske kartleggjinga av Svalbard, Jan Mayen og dei norske bilanda og territorialkrav i Antarktis. Som Noregs autoritet på kartleggjing av norske områder i Arktis og Antarktis publiserer instituttet både digitale kart og trykte kart, og er Noregs hovudprodusent av topografiske og geologiske kart som dekker dei norske polarområda.

Interaktive kart

  • Svalbard

    TopoSvalbard er eit interaktivt topografisk kart over Svalbard. Portalen har hovudfokus på topografi, men viser i tillegg stadnamn, kartbladinndeling i S100-serien, oppdaterte brefrontar frå nyare satellittbilde, samt naturverngrenser.
  • Svalbard (tema)

    Svalbardkartet er eit interaktivt temaatlas over Svalbard som tilbyr visning av et rikt tilfang av miljødatasett på toppen av et detaljert topografisk grunnkart, tilsvarande den topografiske hovudkartserien Svalbard 1:100 000.
  • Jan Mayen

    TopoJanMayen er eit interaktivt topografisk kart over Jan Mayen.

Trykte kart

Du kan kjøpe våre trykte kart direkte frå oss og hos bokhandlarar. På Svalbard finner du våre kart hos Museumsbutikken, Svalbardbutikken og andre butikkar.

Kart over Nordenskiöld Land på SvalbardKart over Nordenskiöld Land på Svalbard. Kart: Norsk Polarinstitutt
Del denne siden: