Polarinstituttet er involvert i ekspedisjonen som går ut på å frysa fast det tyske forskingsskipet og isbrytaren Polarstern i isen i Arktis og la den driven med isen i eit heilt år, for på den måten samla inn data om prosessane til havisen.

sd

Polarstern til kai i Tromsø. Foto: Sebastian Gerland / Norsk Polarinstitutt

Rundt 600 personar er involverte i ekspedisjonen, herunder fleire hundre forskarar frå 19 land, inklusiv forskingsinstitusjonar frå Noreg.

Polarstern speler ei sentral rolle i innfrysningen, men òg andre forskingsskip, i tillegg til at fleire fly og helikoptere er involvert i ekspedisjonen som saman skal etablera ein «landsby» på isen rundt isbrytaren.

Den globale oppvarminga gjer at havisen i Arktis smeltar i eit urovekkande høgt tempo. MOSAiC-forskarane skal samla inn data som kan bidra til å auka kunnskapen om klimaendringar og dei konsekvensane det får for havisen.

Ekspedisjonen har fem fokusområde:

  • Biogeokjemi
  • Atmosfæren
  • Havisen
  • Havet
  • Økosystemet

 

Mats Granskog blir filma av NRK-reporteren i samband med MOSAiC-ekspedisjonen. Foto: Stig Mathisen / Norsk Polarinstitutt

Granskog leier Norsk Polarinstitutt sitt arbeid i MOSAiC. Han skal ikkje sjølv fysisk delta på ekspedisjonen, men forskarkollegaer frå instituttet vil delta på delar av ekspedisjonen. Sjølv deltok Granskog då Polarinstituttets førre skip «Lance» vart frosi fast i Polisen nord for Svalbard i 2015 og drifta med isen i 6 månader for å samla klimadata.

MOSAiC-ekspedisjonen skal vara i eitt år. Det gir ei unik innsikt i dei ulike prosessane, frå havisen smeltar til den legg på seg.

Havisen i Arktis opplever store endringar. Det er viktig å forstå prosessane som føregår for å få best mogleg bilde av kva som skjer med isen, seier Granskog.

Sjå intervjuet i NRK med Granskog her (spol deg fram til 00:35 sekund ut i sendinga): https://tv.nrk.no/…/distrikts…/201909/DKTR99091719/avspiller