Antarktis, her er ideelle forhold for overvaking av klimagassar i atmosfæren.

TROLLHAUGEN Trollhaugenobservatoriet overvaker globale atmosfæriske endringar og langtransportert forureining, og ligg ca 1 kilometer frå hovudstasjonen Troll. Foto: Sven Lidström / Norsk Polarinstitutt

I Antarktis er det no sommar og høgsesong for forskings- og logistikkaktivitet ved den norske Troll-stasjonen i Dronning Maud Land.

Orkan på sommaren

Vel, sommar og sommar. Temperaturen på denne årstida, i januar, ligg i gjennomsnitt rundt minus 9 grader, sjølv om det er sol og vindstille. Men vêret kan snu fort. Ein orkan kan slå inn sjølv om det er sommar, og då er det null sikt og så sterk vind at det er farleg å gå ut. Køyretøy, cargo og andre store gjenstandar må sikrast så det ikkje flyg av gårde og i verste fall gjer skade. 

TROLL  I Antarktis er det sommar frå november til februar, då er det og høgsesong for forskings- og logistikkaktivitet på Troll. Dette bildet er tatt på veg ned frå Trollhaugenobservatoriet. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt 

Toler 60 minusgrader 

Dei fleste sommardagene går det likevel greitt å arbeida utandørs. Men sommarvekene er få, og det gjeld å utnytta dei lyse og  varmare dagane best mogleg. Driftspersonell og forskarar jobbar lange dagar. Allereie i februar byrjar hausten å krypa innpå, og den antarktiske vinteren står for tur.  

Om vinteren er det kaldt, men Troll-stasjonen er laga for å tola låge temperaturar heilt ned til -60 grader og vindfartar over 80 m/s.

LUFTOVERVAKING Det er NILU som er vitskapleg ansvarleg for luftobservatoriet på Trollhaugen, medan teknisk personell frå Troll står for dagleg tilsyn. Foto: Sven Lidström / Norsk Polarinstitut

Målingar heile året 

Men sjølv i den vêrharde vinteren blir det gjord målingar. Troll er base for kontinuerlege, langtidsovervakingsserier innanfor både meteorologi, stråling, atmosfære, øvre atmosfære, miljøgiftar og seismologi, heile året. Det er overvintrarane som driftar forskingsutstyr og tar målingar i den antarktiske vinteren. 

På sommaren føregår det i tillegg biologisk, glasiologisk og geologisk feltarbeid i regi av ulike institusjonar, med Troll som base . 

OBSERVATORIUM NILU har hatt observatorium i Antarktis sidan vinteren 2007. Foto: Sven Lidström / Norsk Polarinstitut

Reinaste lufta på kloden

Norsk Polarinstitutt driftar Troll, i tillegg til at instituttet utfører forsking i Antarktis, men andre land og institusjonar drar og nytte av ressursane ved stasjonen. NILU – Norsk institutt for luftforsking, er ein av dei som har langvarig forskningsaktivitet på Troll. Dei har eit observatorium her, Trollhaugen, omlag 1 km frå hovudstasjonen, som overvaker globale atmosfæriske endringar og langtransportert forureining.

Antarktis blir rekna som den reinaste plassen på kloden. Luftprøvar tekne på Troll gir forskarane frå NILU god føresetnad for å seia noko om partikkeldanninga i lufta. På NILU sin nettside kan du lesa meir om kvifor lufta i Antarktis er rein. 

Det er NILU som er vitskapleg ansvarleg for observatoriet, medan teknisk personell frå Troll står for dagleg tilsyn.

Sjå film frå Trollhaugen  

LUFTPRØVAR Forskingsteknikar og overvintrar Mads Risberg tar ein luftprøve som skal brukast for å måla hydrokarbon og klimagassar i lufta. Luftprøvane blir samla i ein behaldar, som er den runde kulen vi ser på bilde. Foto: Sven Lidström / Norsk Polarinstitutt  

Målar klimagassar

Nyleg var forskingsteknikar og overvintrar Mads Risberg ved Norsk Polarinstitutt ute for å ta luftprøvar. Ingeniør og sommarpersonell Sven Lidström vart med, og fotograferte.

Kva gjer du på bildet ?

Eg tar ein luftprøve som skal brukast for å måla hydrokarboner og ein rekke klimagassar i lufta, til sammen over 40 ulike koblingar, forklarer Risberg.

Han fortel at luftprøvane blir tatt ein gong i veka heile året på Troll, og samla i ein behaldar før det blir sendt til Noreg og NILU for analyse. Luftprøvane kan lagrast over fleire månader i behaldaren. Det er forskingsteknikaren som i hovudsak gjer luftmålingane.

Driftar stasjonen åleine

Forskningsteknikeren er ein av seks i overvintringsteamet som elles består av mekanikar, kokk, elektrikar, lege og røyrleggar. Dei alle har spesialfeltet sitt i botn, men må og trå til på ei rekke fellesoppgåver, som å gjere målingar og samlar inn prøvar for forskarar og samarbeidande institusjonar, i tillegg til andre oppgåver som å henta vatn, fylla diesel, laga mat og sikra køyretøy, utstyr og bygg mot vêr og vind.

BRANNØVING På sjølvaste julaftan vart det halde brannøving på Troll.  Foto: Sven Lidström / Norsk Polarinstitutt  

Enn så lenge er sommarpersonell og forskarane på stasjonen, totalt 26 personar. Men frå 26. februar, når vinteren er i anmarsj og siste fly lettar frå flystripa for denne gongen, blir dei seks overvintrarane igjen på Troll. Då skal dei drifta stasjonen åleine fram til i november når ny sommar står for tur og flya igjen kan landa på blåisen ved Troll, lasta med folk og forsyningar. 

Men framleis er det sommar på Troll. Her kan du følgja gongen til vêret på Troll.

SOMMAREN PÅ HELL Mekanikar og overvintrar Tomas Furulund nyt solstrålane på Troll før vinteren set inn. Det siste flyet i sesongen forlèt flystripa ved Troll den 26. februar, og frå den datoen er dei seks overvintrarane åleine på stasjonen fram til i november. Foto: Sven Lidström / Norsk Polarinstitutt