Endeleg er tida der polarrekruttane skal ikle seg forskarrolla og boltra seg i polar natur. 

 

KLAR FOR SVALBARD I over ei veke skal polarrekruttane Malin Kvaal Bergland  (t.v.) og Øyvor Gjerde følgje i fotspora til forskarane for å læra korleis ein polarforskar arbeidar i felt. Foto: Helle Goldman / Norsk Polarinstitutt  

Øyvor Gjerde og Malin Kvaal Bergland brettar opp ermar og hoppar inn tørrdraktar og tursko, klare for båttur, telting i isbjørn-land, og plastjakt langs Svalbards strender.  

Godt førebudd

I fjor gjekk dei til topps i ein konkurranse for elevar i niande trinn i Tromsø. Hovudpremien var ei reise på plasttoktet med forskingsskipet «Kronprins Haakon» rundt Svalbard, men så slo koroanpandemien ned, og snudde om på planane. Toktet vart flytta til 2021, men hell i uhell; no vart det tid til eitt heilt år med førebuingar, i staden for eit par månader.

Den tida har skuleelevane brukt effektivt. Ikkje mindre enn tre turar til Svalbard har det vorte, i tillegg aktivitetar og arrangement i Tromsø. Men rosinen i pølsa er altså plasttoktet på Svalbard.

ARTIG JOBB Polarekruttane har ikkje noko i mot å hoppa i havet med tørrdrakt. Foto: Helle Goldman / Norsk Polarinstitutt 

Flytande lykke

No har polarrekruttane beina godt planta i Svalbards ville natur, og nokre gongar flytande. Mykje av opphaldet føregår nemleg til havs. Ein av høydarne så langt er å øva på å bruka tørrdraktar, i oppløpet til båtturar og tokt.

Det er heilt herleg å flyta rundt i vatnet i tørrdrakt, samstemmar polarrekruttane.

Denne dagen har dei vore på draktkurs med ein instruktør frå polarinstituttet  i Longyearbyen. Seinare i veka skal dei på båtkurs, før dei skal pakka og gjera seg klar til camping i felt og etter kvart tokt.

KVALROSS Nest etter isbjørn er kvalross det dyret som fasinerar oss mest på Svalbard, seier polarrekruttane, som var heldige å få sjå nokre eksemplarar av arten rett utanfor Longyearbyen denne veka. Foto: Helle Goldman / Norsk Polarinstitutt 

Isbjørn-vakt

Torsdag går ferda sjøvegen til den gamle fangsthytta Fredheim i Tempelfjorden, der skal dei setja opp telt, snubletrådar som trygging mot isbjørn, og inngå i ei vaktliste som isbjørnvakt gjennom natta.

Saman med rekruttane deltar ei lita gruppe Svalbard-kjentfolk, mellom anna Kim Holmèn og Helle Goldman frå Norsk Polarinstitutt.

—  Det er spennande å oppleva Svalbard gjennom blikket til ungdommane, entusiasmens deira smittar over på oss som er i følgje med dei. Øyvor og Malin er trivelege å vera på tur med, dei er engasjerte og nyfikne, med godt humør, seier Goldman. 

Ekstra spenning er knytt til opphaldet på Fredheim. Her overvintra fangstmannen Hilmar Nøis og familien i første del av 1900-talet. Isbjørn var eit viktig bytte.  Nøis skaut truleg så mange som 300 isbjørnar under sine 37 overvintringar på Svalbard. Polarrekruttane og følgje skal leva midt i dette isbjørn-landet.

—  Takk for at du minnar oss om det, humrar Bergland, som seier at ho likevel ser fram til dagane på Fredheim.

Å vera isbjørnvakt er noko begge ungdommane trur blir spennande. Om bjørn dukkar opp på Fredheim, er det ikkje første gong dei får sjå kjempa av Arktis. På turen til Svalbard i haust, for å  følgje forskarar i arbeid i Ny-Ålesund, fekk dei sjå isbjørn på trygg avstand frå båten.

FREDHEIM Hit til den gamle fangsthytta Fredheim i Tempelfjorden skal polarrekruttane og følgjet overnatta i telt denne veka. Herfrå skal dei besøka fuglefjell og rydde plast på stranda rett ved, for å nemna noko. No er det sommar og ikkje snø på bakken, som det var då dette bilde vart tatt ein vinterdag for nokre år sidan. Foto: Ann Kristin Balto / Norsk Polarinstitutt  

Forskingsassistentar 

I helga skal polarrekruttene bli plukka om bord i forskingsskipet Kronprins Haakon, som då er godt i gang med plasttoktet. Målet med toktet er å studera plastforureininga på Svalbard. Det blir tatt målingar av plastinnhaldet i sjøvatn, sediment, snø og havis og i dyreplankton, fisk og sjøfuglar som lever i hav og tett på isen.

Men før den tida skal rekruttane plukka plast langs strender både i Longyearbyen og ved Fredheim. Plastbitane skal vera 0, 5 cm til 6 cm i lengde, og vil bli analysert i laboratorium av forskarar for å bestemma kjeldene til plasten.

Sjå filmsnutt av at polarrekruttane plukkar plast i Longyearbyen (Film: Helle Goldman / Norsk Polarinstitutt): 

Til fuglefjell

På Fredheim skal polarrekruttene på tur til fuglefjellet Fjordnibba, for å sjå havhest og lundefugl. Lundefugl var få år sidan ein framand art på Svalbard, men har no etablert seg på øyriket på grunn av eit mildare klima.

Når gruppa blir plukka opp av «Kronprins Haakon» får dei innføring i forskinga om bord av toktleiar Katrine Husum og dei andre deltakarane. Dei får vera med å sjå korleis instrument og utstyr blir brukte på dekk og inne i laboratoria på skipet. 

ISBREFORSKING Polarrekruttanes fyrste tur til Svalbard gjekk til Ny-Ålesund i haust der dei mellom anna vart med på båttur til ein brefront i Kongsfjorden, og vidare på tur til ein isbre. På bilde er dei saman med internasjonal direktør Kim Holmén (bakerst) og isbreforskar Jack Kohler, begge frå polarinstituttet. Foto: Harald Dag Jølle / Norsk Polarinstitutt 

Meirsmak for polarområda

Målet med polarrekrutt-prosjektet er å skapa engasjement for polarforsking hos dei unge – og forståing for at denne forskinga er viktig for miljøet og klima.

  – Vi vil at ungdom skal sjå at polarforsking kan vera eit spennande yrkesval, men òg at det er mogleg å gjera noko for eiga framtid, enten du blir polarforskar eller ikkje, seier kommunikasjonsdirektør Anja Salo ved polarinstituttet.  

Så kva tenker dei om det dei har lært — og om framtida ? 

—  Det har vore heilt fantastisk og lærarrikt og få vere polarrekrutt. Eg kunne godt tenka meg å bli polarforskar, sjølv om det enno er for tidleg å seia noko sikkert om det, seier Gjerde.

—  Opplevingane vi har fått som polarrekruttar har gitt meirsmak for forsking og polarområda, seier Kvaal Bergland.

 FELTARBEID Polarrekruttane får høyre om status for sjøfuglar av fugl- og plastforskar Geir Wing Gabrielsen frå polarinstituttet. Foto: Harald Dag Jølle / Norsk Polarinstitutt 

Små handlingar —  stor nytte

Kunnskap om dei raske klimaendringane og forureining, og korleis det påverkar dyr og miljø, har vorte nyttig for polarrekruttane, og noko dei vil fortelja om til andre. 

Til hausten byrjar dei på kvar sine vidaregåande skular i Tromsø. Og uansett kva dei vel å gjera i framtida, så har dei lært mykje av å vera tett på den polare naturen, og som dei tar med seg vidare i livet.

— Vi vil fortsetja å prata om det vi har opplevd og korleis vi alle kan bidra litt til å spara naturen for forureining, seier Kvaal Bergland.

—  Ja, og at ein ikkje alltid treng å gjera så mykje for at det skal verka, som å plukka plast frå strender, det kostar ikkje mykje, men betyr masse for naturen vår, seier Gjerde.

båt på vann

FF KRONPRINS HAAKON I helga mønstrar polarrekruttane på forskingsskipet Kronprins Haakon. Foto: Helge Tore Markussen / Norsk Polarinstitutt