Heiloa er ein mellomstor vadar med kort nebb. Ho har ei grå overside tett overstrødd med grøne, beigegule og nokre kvite flekkar. Undersida er mørk. 

Innhold

Artsbeskrivelse

Utbredelse

Heiloa hekkar i boreale og arktiske delar av Island, Storbritannia og Skandinavia til dei vestlege delane av Sibir (Russland).

På Svalbard er heiloa funnen hekkande på Bjørnøya og enkelte stader på den vestlege delen av Spitsbergen.

Enkeltindivid, par og mindre flokkar blir årleg observerte på Spitsbergen, og det er grunn til å tru at arten hekkar årleg eller gjer årlege hekkeforsøk her. Hekkebestanden er truleg på 1–10 par.

Økologi

Heiloa livnærer seg hovudsakleg av virvellause dyr og noko plantemateriale. Ho er ein trekkfugl og overvintrar langs kysten av Vest-Europa og Nord-Afrika.

Forvaltning og overvåkning

Heiloa hekkar uregelmessig og/eller fåtalig på Svalbard, og gjerne innafor geografisk begrensede områdar.

Svalbard ligg på grensa av deira utbreiing, og at dei opptrer der kan variere som følgje av endringar i artenes kjerneområder. Heiloa kan likevel observerast årleg på øygruppa eller i havområda rundt.