Namnekomiteen ved Norsk Polarinstitutt har vedtatt å kalle ei gruppe nunatakar i Dronning Maud Land for Rønnebergskjera. Det er den siste gruppa med bert fjell i Lingtoppane per i dag som no har fått namn.

Lingetoppane er ei gruppe fjelltoppar som stikk opp av isen i eit område som heiter Prinsesse Astrid Kyst, i den midtre og ytre delen av Dronning Maud Land. Området har fått namnet sitt etter Martin Linge og motstandsgruppa som han ga namn til under andre verdskrigen  – Kompani Linge.

Martin Linge og Kompani Linge

Martin Linge var ein norsk offiser, flygar og skodespelar, fødd i 1894 i Norddal i Møre og Romsdal. Det var helst skodespelar Linge ønskte å vere, og han hadde roller både i film og på teater. Då Tyskland gjekk til åtak i 1940, blei Martin Linge kalla inn til teneste som løytnant. Etter nokre veker i kamp fekk han skadar i ein fot, og vart evakuert til Storbritannia. Her var han med og bygde opp eit nettverk av aksjonsgrupper saman med britane, med hensikt å drive sabotasje mot okkupasjonsmakta i Noreg. Linge blei sjef for Norwegian Independence Company 1, som var ei grein av den britiske militærorganisasjonen under verdskrigen.

Ein del av operasjonane var såkalla «nålestikkangrep» mot anlegg på norskekysten, kor taktikken var å komme overraskande på fienden, øydelegge anleggsmål og deretter trekkje seg raskt ut igjen. Slik ville dei forstyrre tyskarane og også styrke mostanden i det norske folket.

Linge leia ein slik aksjon i Lofoten i mars 1941. Ei lita gruppe av norske og britiske soldatar gjekk i land og øydela tankanlegg og sildoljefabrikkar, og skip blei senka. Tyskarane blei tekne på senga, aksjonistane møtte ingen motstand, og ingen av dei allierte mista livet. Operasjonen blei med andre ord rekna som særs vellukka.

Den neste sabotasjeaksjonen Linge deltok i, det såkalla Måløy-raidet, blei ikkje like vellukka for Martin Linge personleg.  Det var i romjula 1941 at ein alliert landgangsstyrke angreip Måløy for å øydelegge tyske anlegg. Både skip og fabrikkar blei sette ut av drift, men motstanden frå okkupasjonsmakta var større enn venta. Det blei harde kampar, og Linge var mellom dei som fall.

Nettverket som Linge hadde vore med på å bygga opp, blei ført vidare gjennom heile verdskrigen, og  dei samarbeidde også med dei norske heimestyrkane om aksjonar rundt i landet. Mellom anna sytte kompaniet for våpenleveransar og radiosendarar til heimestyrkane.

Medlemmar av Kompani Linge med namn i Dronning Maud Land

Innanfor Lingetoppane har fleire medlemmar av nettverket fått fjelltoppar kalla opp etter seg:

Tallaksenvarden. Edvard Tallaksen fekk militær opplæring i Storbritannia i dei første krigsåra, og han deltok i fleire sabotasjeoppdrag, mellom anna som ein av «Oslogjengen». Hausten 1944 blei han lurt inn i eit bakhaldsangrep, såra av eit skott, og arrestert av tyskarane. Han tok livet sitt i fengselet av frykt for å røpe namna på andre i motstandsgruppa.

Stenersenknatten. Tor Stenersen fekk trening som spesialagent av kompani Linge i Storbritannia. Han var med på Måløy-raidet, og seinare på aksjonar som mellom anna sytte for våpen til den norske heimefronten. Stenersen blei arrestert og døydde på Akershus fengsel i 1944.

Hauglandtoppen. Knut Haugland var offiser og tok del i kampane om Narvik under invasjonen i 1940. Seinare drog han til Storbritannia og fekk opplæring der, og han var med som radiotelegrafist under tungvassaksjonen på Vemork ved Rjukan i 1942. Haugland overlevde krigen, og seinare var han ein av deltakarane på Kon-Tiki-ekspedisjonen. Han var også leiar av Heimefrontmuseet.

Andersensåta. Ein annan telegrafist i Kompani Linge var Sverre K. Andersen. Han etablerte ein illegal radiostasjon på Sørvestlandet i 1942 og sende meldingar til dei allierte om luft- og sjøtrafikk langs norskekysten. Tyskarane klarte aldri å lokalisere radiosendaren, og han fortsette å sende heilt til krigen tok slutt.

Baalsrudfjellet. Jan Baalsrud tok del i krigen på alliert side som sersjant frå krigen starta i 1940. Hausten 1941 kom han seg til London og fekk kontakt med Kompani Linge. I mars 1942 var Baalsrud saman med fleire andre på veg med ei fiskeskøyte mot Troms for å etablere sabotasjegrupper, då dei blei overraska av tyske styrkar. Det var berre Baalsrud som kom seg unna, og han hadde ei strabasiøs ferd frå Rebbenesøya i Troms der han kom i land, til han via Lyngen kom seg i tryggleik i Sverige. Resten av krigen var han våpeninstruktør i Kompani Linge i Storbritannia.

Pevikhornet. Dette stadnamnet er oppkalling av to brør frå Trondheim som begge var knytt til kompaniet. Den eldste av dei, Johnny Pevik, var mellom anna med på å smugle våpen og ammunisjon via Shetland til motstandsgrupper i Trondheim. Broren, Arthur Pevik, var mellom anna med på å etablere motstandsgruppe i Trondheim, og han var med «Oslogjengen» på fleire sabotasjeoppdrag.

Johnny Pevik blei arrestert og avretta av tyskarane hausten 1944. Arthur Pevik overlevde krigen og fekk æra av å vere sjåfør for bilen med Kronprins Olav då han kom tilbake til Oslo etter frigjeringa i mai 1945.

Starheimtind. Odd Kjeld Starheim var radiotelegrafist. Han var med på oppbygginga av ein etterretningsorganisasjon på Sørvestlandet som kommuniserte med Storbritannia ved hjelp av radiosendarar. Starheim var også med på to skipskapringar, kor kystruteskip i tysk fart blei overtekne av dei allierte. Den første slike kapringa Starheim deltok i var vellukka, men den andre gongen, vinteren 1943, blei skipet bomba av tyskarane og alle om bord omkom.

Sønstebynuten. Gunnar Sønsteby var aktiv i motstandsrørsla frå andre verdskrigen starta i Noreg i 1940. I 1943 blei han del av Kompani Linge, og seinare var han leiar for «Oslogjengen», som gjennomførde mange spektakulære sabotasjeaksjonar mot tyske anlegg i Oslo.

Utanfor Lingetoppane, men geografisk nært knytt til området, ligg Tronstadhallet og Larsenbrekka. Opphavet til desse namna er også menn knytt til det same kompaniet. Leif Tronstad var vitskapsmann innan kjemi, og han var med på utvikling og oppbygging av tungvassanlegget på Vemork. Såleis hadde han god kjennskap til korleis ein kunne gjere sabotasje på anlegget då tyskarane hadde tatt over fabrikken og ville nytte tungvatnet til våpenproduksjon. Tronstad sin sabotasjeplan blei vellukka utført i 1943. Tronstad sjølv blei drepen under ein fallskjermekspedisjon i Telemark berre eit par månader før krigen tok slutt. Larsenbrekka er kalla opp etter Leif A. Larsen, også kjent som Shetlands-Larsen. Larsen kryssa Nordsjøen fleire titals gonger i løpet av andre verdskrig, med motstandsfolk og våpen om bord i små skøyter.

Kart som viser fjelltopper

Lingetoppane, Dronning Maud Land, Antarktis.

Joachim Rønneberg har no fått namn i Lingetoppane

Namnekomiteen vedtok i vår, etter eit innkome forslag, å gje namnet Rønnebergskjera  til dei siste synlege nunatakane som stikk opp av isen i Lingetoppane-området i Dronning Maud Land. I nyare tid er det svært sjeldan at personnamn blir brukte til stadnamn i polare område, men i dette høvet meinte namnekomiteen at namnet passa inn.

Joachim Rønneberg blei med i Kompani Linge i 1941. Her steig han fort i gradene og blei instruktør for grupper som trena på sabotasje og sprengingsteknikk. Tidleg på året i 1943 kom Rønneberg til Noreg som leiar for ei sabotasjegruppe med oppdrag å sprenge tungvassanlegget på Vemork ved Rjukan. Aksjonen var vellukka og hindra tyskarane sin produksjon av tungvatn i fleire månader. Seinare var Rønneberg også leiar for ei sabotasjegruppe som sprengde Stuguflåten bru på Raumabanen. Joachim Rønneberg døydde i 2018, 99 år gamal.

Kjelder:

Kompani Linge.(2018, 7. februar). I Store norske leksikon. Henta 27. mars 2019 frå https://snl.no/Kompani_Linge

Haavardsholm, Espen. (2009, 13. februar). Martin Linge. I Norsk biografisk leksikon. Henta 3. mai 2019 frå https://nbl.snl.no/Martin_Linge

Edvard Tallaksen. (20. juli 2017). Wikipedia. Henta, 3. mai 2019 frå https://no.wikipedia.org/w/index.php?title=Edvard_Tallaksen&oldid=17591223.

Tor Stenersen. (25. februar 2019). Wikipedia. Henta 25. februar 2019 frå https://no.wikipedia.org/w/index.php?title=Tor_Stenersen&oldid=19210852.

Kraglund, Ivar. (2009, 29. desember). Knut M Haugland. I Norsk biografisk leksikon. Henta 3. mai 2019 frå https://nbl.snl.no/Knut_M_Haugland

Sverre K. Andersen. (10. september 2018). Wikipedia. Henta 3. mai 2019 frå https://no.wikipedia.org/w/index.php?title=Sverre_K._Andersen&oldid=18818277.

Nøkleby, Berit. (2009, 13. februar). Jan Baalsrud. I Norsk biografisk leksikon. Henta 3. mai 2019 frå https://nbl.snl.no/Jan_Baalsrud

Johnny Pevik. (8. april 2018). Wikipedia. Henta 3. mai 2019 frå https://no.wikipedia.org/w/index.php?title=Johnny_Pevik&oldid=18403077.

Arthur Pevik. (18. august 2018). Wikipedia. Henta 3. mai 2019 frå https://no.wikipedia.org/w/index.php?title=Arthur_Pevik&oldid=18765280.

Moland, Arnfinn. (2012, 10. mai). Gunnar Sønsteby. I Norsk biografisk leksikon. Henta 3. mai 2019 frå https://nbl.snl.no/Gunnar_S%C3%B8nsteby

Risnes, Birger. (2009, 13. februar). Odd Kjeld Starheim. I Norsk biografisk leksikon. Henta 3. mai 2019 frå https://nbl.snl.no/Odd_Kjeld_Starheim

Thorsen, Gunnar. (2009, 13. februar). Leif Tronstad. I Norsk biografisk leksikon. Henta 3. mai 2019 frå https://nbl.snl.no/Leif_Tronstad

Kraglund, Ivar. (2017, 23. januar). Leif «Shetlands-Larsen». I Norsk biografisk leksikon. Henta 3. mai 2019 frå https://nbl.snl.no/Leif_%C2%ABShetlands-Larsen%C2%BB

Kraglund, Ivar. (2018, 21. oktober). Joachim Rønneberg. I Norsk biografisk leksikon. Henta 3. mai 2019 frå https://nbl.snl.no/Joachim_R%C3%B8nneberg