Vil du vere med å finne stadnamn til oddar, fjelltoppar og bukter på Svalbard? Då har du sjansen no!

Svalbard består av storslagen natur, nakne fjell, fjordar og isbrear, for å nemne noko av mangfaldet. Dei fleste områda har namn, men nokre har det ikkje! No kan du vera med å gje namn til dei namnlause stadane.

Kvinne viser frem et kart.

Kartograf Oddveig Øien Ørvoll viser frem eit av karta som treng fleire stadnamn. Dei aktuelle områda er merkt av med fargar på karta. Dei grøne felta viser isbrear, medan dei oransje er land- og fjellområde. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt

Manglar stadsnamn til område på nye kart  

Kvart år gir Norsk Polarinstitutt ut nye kart på Svalbard. Nokre av karta vi skal trykke seinare i år inneheld få stadnamn i enkelte område. Polarinstituttet ønskjer difor forslag til nye namn til desse områda.

Namna vi ønskjer oss bør vere relativt korte, lette å uttale og gjerne beskrivande. Dei må passe inn i området, og dei må ikkje vere i bruk på andre objekt i naboområda, seier kartograf og leiar av namnekomiteen, Oddveig Øien Ørvoll.

Det er namnekomiteen ved Polarinstituttet som er det offisielle organet som vedtar stadnamn i dei norske polarområdane i Arktis og Antarktis. Komiteen vedtar namn basert på forslag både frå interne forslagsstillarar ved instituttet og eksterne personar, og andre gonger, som no, går instituttet offentleg ut og etterlyser namneforslag.

Likskapar i naturen, hendingar, personar og fri fantasi

I dag finst det fleire tusen stadnamn på Svalbard, og alle desse namna er søkbare i databasen for polare stadnamn. Her finst namn som Paulabreen, Vaktaren, Gneisodden, Ytterdalsgubben, Newtontoppen og Rypefjellet, i tillegg til stadnamn i Antarktis.  

Oppkalling av personar skjer berre i heilt spesielle tilfelle, og då må dei ha ein spesiell relevans til staden. Dei namna som allereie finst på Svalbard er ofte oppkalla etter likskap i naturen og hendingar, i tillegg til personar.

Stadsnamn er gjerne laga ut frå noko i området. Til dømes kan dei likna på noko i naturen. Utover det er det berre å bruka fantasien, seier Ørvoll. 

Forslaget ditt kan bli det offisielle namnet

Forslag til stadnamn må innehalde informasjon om kva dette namnet tyder og korleis det skal avgrensast. Avgrensing må vere knytt til kart, og vi tar gjerne imot bilete som viser objektet  eller delar av det.

Vankar det premie for dei namna som til slutt blir brukt på kartet ?

Premien er at dei beste forslaga blir dei offisielle stadnamna, og det er vel ein god nok gevinst?, avsluttar Ørvoll.

Det er områda i Nordenskiöldbukta, Rijpfjorden, Sjuøyane, Woodfjorden, Krossfjorden og Magdalenafjorden som Polarinstituttet særleg ønskjer namneforslag på. Dei aktuelle områda er merkt av med fargar på karta. Dei grøne felta viser isbrear, medan dei oransje felta er land- og fjellområde.  Namneforslaga treng ikkje dekka heile slike farga felt, men kan gjelda objekt innanfor desse, slik som oddar, fjelltoppar, bukter osv. Om du klikkar på bilda/kartane får du sjå dei i større versjonar.

Forslag på namn kan sendast til postmottak@npolar.no, og merkast «Namnekomiteen». Frist for å komma med forslag er 15. august i år.  Lukke til!