Dei seks overvintrarane på Troll i Antarktis førbur ein ny sommar på stasjonen, fylt med folk, forsking og aktivitet.

Men først skal fuglane komme.

SOLA ER TILBAKE Når det er sommar i nord, er det vinter og mørketid heilt sør på kloden. Men ved den norske forskingsstasjonen Troll i Antarktis går det no mot lysare tider. Foto: Benjamin Larsen / Norsk Polarinstitutt 

Den 29. juli viste sola seg endeleg igjen på Troll, etter fleire månader med fravær.

Men sjølv om det er vår i lufta i Antarktis held temperaturen stand. Vi snakkar trass alt om verdas kaldaste og forblåste kontinent.

–  Vêret er fint akkurat no, vi har litt trekk ned frå platået så det er godt og kaldt, minus 40 grader i dag.

– Men det er spådd kaldare til helga, fortel overvintrar og driftsteknikar Benjamin Larsen på Troll.

STILLE UTAN FUGLANE  Vi har ikkje høyrt anna ein lyden vi sjølv og vinden har laga så fuglekvitter og fleire synsinntrykk blir ei fin påminning om at lysare og varmare tider er føre oss, seier Benjamin Larsen, som er overvintrar, driftsteknikar og teamleiar av gruppa på seks personar som driftar Troll-stasjonen i den antarktiske vinteren. Foto: Norsk Polarinstitutt 

Sommar er høgsesong 

Han og dei fem andre overvintrarane er no godt i gang med å førebu ein ny sommarsesong på den norske forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land. Sidan mars, gjennom den vêrharde antarktiske vinteren, har overvintrarane drifta Troll åleine.

Men seinare i haust, i november, blir stasjonen igjen fylt opp med sommarpersonell og forskarar, når det første flyet i sommarsesongen landar på blåstripa ved Troll.

Om bord er òg dei seks nye overvintrarane som skal overta jobbane til dagens overvintrarar, som då kan reisa heim etter eit år i isødet.

Sommaren er høgsesong for forsking og logistikkaktivitet i Antarktis, og bebuartalet blir dobla mange gangar, ofte er det 30-40 personar på Troll i denne perioden.

Men før sommaren set inn, er det mykje som skal på plass.

I tillegg til at dagane går med til den daglege drifta av stasjonen, halda ved like bygningar og utstyr, å skal overvintrarane førebu storinnrykket frå nord. Det skal ryddast snø, reparera utstyr og materiell etter vinterstormane, og ikkje minst klargjera flyplassen for ein ny sesong med flygingar, og mykje meir.

  •  Vil du vita korleis det er å bu på Troll? Då kan du sjå denne saka.   

BLÅSAR I KULDA Det er vår i lufta på Troll, men dog; fredag 27. august visar gradestokken minus 40 kuldegrader. Foto: Benjamin Larsen / Norsk Polarinstitutt 

Fuglane lagar liv 

Men travle dager til trass, utanfor stasjonsbygningane blir det lysare. No går det mot den mest frodige årstida; fuglanes tilbakekomst. Det ser overvintrarane fram til.

– No har vi vore her nede utan andre liv å sjå enn oss seks i fleire månader så det skal bli godt å få fuglane tilbake.

– Vi har ikkje høyrt anna ein lyden vi sjølv og vinden har laga så fuglekvitter og fleire synsinntrykk blir ei fin påminning om at lysare og varmare tider er føre oss.

I fjor var dei første fuglane observert den femte oktober. To antarktispetrell myste mot overvintrarane frå steinrøysa bak stasjonen. Kanskje ikkje like fornøgd med gjensynet som det menneska var.

containerbygninger

TROLL  Troll forskingsstasjon i Antarktis. Foto: Sven Lindström / Norsk Polarinstitutt 

Færre antarktispetrellar

Det finst faktisk ikkje pingvinar på Troll, dei lever nær iskanten og i sjøen.

Troll ligg på innlandet, om lag 235 km frå kysten, i Jutulsessen, på eit nunatak som er fjell som stikk opp frå isen.

I fjella rundt Troll hekkar fuglane på sommarstid, hovudsakleg snøpetrell, antarktispetrell og sørjo.

Resten av året held desse tre fugleartane til ute i havet, der dei hentar all si næring, både sommar og vinter. Og sidan fuglekoloniane ligg langt frå kysten må fuglane gjera lange turar for å skaffa mat til seg sjølv og ungane, i hekketida.

Noreg forskar på fuglar i Antarktis, og ein sentral del av denne forskinga føregår på Svarthamaren, som er eit nunatak cirka 100 kilometer aust for Troll. Her finst den største kjente antarktispetrellkolonien i verda, men også snøpetrell og sørjo hekkar i same område.

Forskarane har først og fremst konsentrert seg om å studera fuglanes tilpasning til det ekstreme miljøet dei lever i. Det blir gjennomført langsiktig overvaking av sjøfuglbestandane for å auka kunnskapen om korleis dei blir påverka av endringar i miljøet, og forstå og føreseia effektar av klimaendringar.

VERHARDT Sjølv om det er sommar i Antarktis under hekkinga kan vêret variera mykje, og eit uvêr kan i verste fall ta knekken på ein heil generasjon med ungar. På bilde ein  antarktispetrell. Foto: Sebastien Descamps / Norsk Polarinstitutt

Dei siste tretti åra har det stadig vorte færre antarktispetreller i Dronning Maud Land. I 1984 var det registrert om lag 200.000 par av antarktispetrell ved Svarthamaren. I 2020 var bestanden krympa til under 50.000 par.

Forskarane arbeider for å finna årsaka til den drastiske reduksjonen.

Vi har lite konkret informasjon om årsaka, men vi trur det har å gjera med reduksjonen av tilgang til mat, som antarktisk kril, seier fuglforskar Sebastien Descamps ved Norsk Polarinstitutt.

Men  nedgangen i krilpopulasjonen er noko kontroversiell, og ikkje alle forskarar er samde. Årsaka kjem av at forskarane enno veit for lite om krilbestandane i Kong Haakons VII Hav i Sørishavet, der antarktispetrell i Dronning Maud Land hentar maten sin. 

FORSKAR PÅ FUGLAR I fjella rundt Troll hekkar det fuglar på sommaren, i hovudsak snøpetrell (bilde), antarktispetrell og sørjo. Norsk Polarinstitutt overvaker snøpetrellar på Troll, med god hjelp frå overvintrarane. Foto: Stein Tronstad / Norsk Polarinstitutt

Overvintrarane tel fuglar 

I området rundt Troll lever òg rovfuglen sørjo. Føda til sørjo er hovudsakleg fisk, men den  et òg andre sjøfuglar og egga deira.

Den mindre snøpetrellen er  med sin kvite fjærdrakt lett gjennkjennelige når det gjer entreen sin på Troll. Dei trivst i steinrøysa der reiret kan plasserast trygt i holrom under steinane.

Overvintrarane bidrar med innsamling av data om snøpetrellar, det gjer dei ved at dei gjennom sommaren tel fuglane i nærområdet. Hensikta med teljingane er å hurtig kunna oppdaga endringar i levevilkåra til snøpetrell, og i kva grad dei blir påverka av miljøendringar. Ei viktig miljøendring i dette området er nettopp Troll-stasjonen, og for å seia noko om påverknaden dens på snøpetrellane blir det gjorde teljingar i forskjellige hekkeområder nært stasjonen.

KYLLING Snøpetrellane hekkar i dei steinete liene rundt Troll-stasjonen. Kjem ein for nær reiret lagar dei lydar og spyttar raudt spytt på deg. Legg merke til «dekoren» som heng som vassdropar ned frå reiret. Dette er spytt frå fuglane som etterkvart har tørket. På bildet kikkar ein kylling fram frå steinura. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt 

På Troll har dei òg fritid, sjølv om dagane tidvis kan vera lange. 

 Nokon planar for helga? 

–  Det er ikkje så store planar for helga som eg har høyrt om, men det blir nok litt trening inne og så skal nokon av oss sjå på Formel 1. Eg høyrer òg snakk om at det skal serverast fiskegrateng og tiramisu, så det blir digg, seier Benjamin Larsen. 

SOLBOLLAR Då sola dukka opp første gong etter vinteren vart det feira med solbollar på Troll. Foto: Benjamin Larsen / Norsk Polarinstitutt