Sist oppdatert: 2 oktober 2018

Dronning Maud Land utgjer ein sjettedel av Antarktiskontinentet, og det er nesten sju gonger større enn Noreg. Området grenser mot britisk sektor i vest og mot australsk sektor i aust. Dronning Maud Land vart annektert av Noreg 14. januar 1939. Det omfattar området mellom 20 °V og 45 °A. Området har fått namnet sitt etter dronning Maud av Noreg (1869–1938).

Fysisk er det liten skilnad mellom Dronning Maud Land og naboområda i Antarktis. Store deler er dekt av is som strekkjer seg ut i havet og dannar ein nesten samanhengande 30 meter høg vegg. Ilandsetting frå skip er berre mogleg på eit fåtal stader. Eitt til to hundre kilometer inne frå iskanten stikk ei fjellkjede opp gjennom den 2 000 meter tjukke iskappa. Tross den store avstanden til havet ligg det fleire fuglefjell i desse områda. Den antatt største sjøfuglkolonien i heile Antarktis ligg i Dronning Maud Land, nærare bestemt i Svarthamaren i Mühlig-Hoffmanfjella. I denne kolonien, nesten 200 km frå kysten, finn ein nesten ein million Antarktis-petrellar.

Føremålet med den norske annekteringa av Dronning Maud Land var ikkje å ekskludere andre statar, men å hindre at norsk kvalfangstindustri vart utelukka eller forfordelt som ei følgje av aktiviteten til andre statar. Dei fleste statar Noreg hadde diplomatiske samband med på det tidspunktet vart straks orienterte om annekteringa, og opplysingane vart tekne til orientering av dei fleste av dei. England godkjende norsk suverenitet over området, medan andre statar, inkludert USA og Sovjetunionen, uttrykte reservasjonar. Tyskland avviste det norske kravet.

Det norske kravet om suverenitet over området vart sett fram i ein periode då fleire andre land òg annekterte område i Antarktis. Storbritannia var det første landet som sette fram krav (i 1908), og landet presenterte seinare nye krav på vegne av New Zealand (i 1923) og Australia (i 1933). Storbritannia sitt eksempel vart følgt av Frankrike i 1924, av Chile i 1940 og av Argentina i 1942.

Fangst og vitskap

Den norske kvalfangsten i Sørishavet gjekk tilbake etter andre verdskrig, og reiarane blei etter kvart klar over at kvalfangsten ville bli ulønnsam. Med nedgangen i kvalfangsten falt det eine fundamentet for norske suverenitetskrav bort.

Den vitskapelige verksemda hang nært saman med politikken, og utgjorde det andre fundamentet for norske krav i sør. Noregs innsats i den internasjonale polarforskinga hadde sida slutten av 1800-tallet løfta landet opp i den eksklusive klubben av polarnasjonar, der land som Storbritannia, Sverige og Russland allereie var medlemmar. Noreg satsa særlig tungt på forsking om Svalbard, og Norges Svalbards- og Ishavsundersøkelser – forløparen til Norsk Polarinstitutt – hadde årlige ekspedisjonar dit.

På 1940- og 50-tallet sendte Noreg og to store vitskapelige ekspedisjonar til Dronning Maud Land, men den norske forskingsaktiviteten sank igjen ut over 1960-tallet. Først frå midten av 1970-tallet tok den seg gradvis opp igjen.

Den norske feltstasjonen Troll blei etablert som sumarstasjon under en ekspedisjon til Dronning Maud Land i 1989–90. Stasjonen ligg 1 270 meter over havet, 220 kilometer frå kysten. Troll blei i 2005 innvia som heilårsstasjon. I nærleiken av Troll er det laga ei flystripe, Troll Airfield, som er lang nok til å ta ned ein jumbojet

[products tag="DML"]