Bouvetøya og territorialfarvatnet som høyrer til øya blei freda i 1971 og blei dermed det mest avsidesliggjande naturreservatet i verda. All aktivitet og ferdsel på øya er strengt regulert. Norsk Polarinstitutt behandlar søknadar etter verneforskriftene som gjeld for Bouvetøya.

Forskrift av 17. desember 1971 nr. 9 om fredning av Bouvetøya og tilliggende territorialfarvann som naturreservat fastslår at landskapet skal vere freda mot alle tekniske inngrep som vegbygging, oppføring av alle typar bygningar og anlegg eller anna verksemd som medfører terrenginngrep og forstyrringar av naturmiljøet. Husvære som er nødvendig for oppsyn, skal likevel kunne oppførast. Dyrelivet, inkludert fuglereir og egg, er freda heile året, og det er forbode å føre i land hundar. Plantelivet er freda mot alle skadar som ikkje skriv seg frå vanleg ferdsel. Bruk av terrenggåande køyretøy og landing med luftfartøy er forbode utan særskilt løyve.

Ilandstiging

I utgangspunktet er det ingen krav til ilandstigingsløyve eller opphald på Bouvetøya. Men i praksis vil det vere nødvendig med helikoptertransport for å komme i land. Ilandstiging med båt er svært vanskeleg på grunn av dei bratte fjellveggene. Det er få stader som er eigna til å gå i land, og på grunn av dønningar vil det som regel vere risikabelt å gå i land med båt. Den mest forsvarlege måten å setje personar og materiell i land på er derfor å bruke helikopter frå båt.

På grunn av forbodet mot landing med luftfartøy må ein då søkje Norsk Polarinstitutt om løyve for å kunne bruke helikopter for å ta seg i land. Det er òg fastsett ei eiga ferdselsregulering for Nyrøysaområdet, der CCAMLR-overvakinga finn stad. I dette området skal ein unngå direkte menneskeleg påverknad for å få best mogleg overvakingsresultat.

Søknad om landing med helikopter (online)

Søknad om landing med helikopter (e-post/brev)

Personvernerklæring

Norsk Polarinstitutt er myndighetsutøver etter forskrift om miljøvern og sikkerhet i Antarktis og etter verneforskriftene som gjelder for Bouvetøya naturreservat. I forbindelse med saksbehandlingen etter disse forskriftene behandler vi personopplysninger.

Framande artar

Bouvetøya har ein unik og stort sett urørt natur. Øya er éin av svært få stader i verda der det ikkje er registrert introduserte framande artar[1]. Framande artar er ein trussel mot miljøet. Desse kan vera svært hardføre, og kan i verste fall utkonkurrera dyr og planter som har etablert seg naturleg. Det biologiske mangfaldet vil då bli redusert. Etablerte framande artar kan ofte vera umoglege å bli kvitt.

Artar frå andre subantarktiske øyer eller frå polare område har størst sjanse til å kunna etablera seg på Bouvetøya. Dei er alt tilpassa denne typen miljø. Det er såleis særleg stor fare for introduksjon av framande artar når ein tek med utstyr som er brukt i slike område. Men den globale oppvarminga kan gje levedyktige forhold for fleire artar.

[1] Sjå til dømes Stortingsmelding 33 (2014-2015) Norske interesser og politikk for Bouvetøya.

Ferdselsbegrensning i Nyrøysaområdet

Forskrift av 24. juni 2005 nr. 687 om ferdselsbegrensning i Nyrøysaområdet på Bouvetøya fastset at i perioden 1. november til 15. mars kan opphald og ferdsel berre finne stad i samband med miljøovervakingsverksemd som Norsk Polarinstitutt har godkjent. Det er òg særskilde reglar for luftfartøy i perioden 1. november til 1. mai. Norsk Polarinstitutt kan gi dispensasjon frå føresegnene i forskrifta for forskingsaktivitet som ikkje kan utførast andre stader, og som ikkje kjem i konflikt med miljøovervakingsverksemda. Besøk for andre formål er ikkje lov i Nyrøysaområdet i den perioden ferdselsforbodet varer.Norsk Polarinstitutt kan gi nærmare opplysningar om forskriftene og om korleis ein søkjer om dispensasjon frå dei. 

Sikkerheit

Bortsett frå feltstasjonen i Nyrøysaområdet er det ingen infrastruktur på øya og heller inga stadleg redningsteneste. Alle som vil reise til Bouvetøya, må derfor vere sjølvforsynte med logistikk og ha beredskap for å kunne vareta sin eigen tryggleik. Det ligg som regel tåke over Bouvetøya, og ein må derfor rekne med ventetid når helikopteret skal lande. Det er få stader på øya som er eigna for opphald, og det kan vere farleg å opphalde seg på øya. Fjellsidene er ustabile, og rasfaren er stor. Iskappa som dekkjer det aller meste av øya, er ikkje kartlagd for sprekkar.

Forskrift av 17. desember 1971 nr. 9 om fredning av Bouvetøya og tilliggende territorialfarvann som naturreservat fastslår at landskapet skal vere freda mot alle tekniske inngrep som vegbygging, oppføring av alle typar bygningar og anlegg eller anna verksemd som medfører terrenginngrep og forstyrringar av naturmiljøet. Husvære som er nødvendig for oppsyn, skal likevel kunne oppførast. Dyrelivet, inkludert fuglereir og egg, er freda heile året, og det er forbode å føre i land hundar. Plantelivet er freda mot alle skadar som ikkje skriv seg frå vanleg ferdsel. Bruk av terrenggåande køyretøy og landing med luftfartøy er forbode utan særskilt løyve.

Ilandstiging

I utgangspunktet er det ingen krav til ilandstigingsløyve eller opphald på Bouvetøya. Men i praksis vil det vere nødvendig med helikoptertransport for å komme i land. Ilandstiging med båt er svært vanskeleg på grunn av dei bratte fjellveggene. Det er få stader som er eigna til å gå i land, og på grunn av dønningar vil det som regel vere risikabelt å gå i land med båt. Den mest forsvarlege måten å setje personar og materiell i land på er derfor å bruke helikopter frå båt. På grunn av forbodet mot landing med luftfartøy må ein då søkje Norsk Polarinstitutt om løyve for å kunne bruke helikopter for å ta seg i land. Det er òg fastsett ei eiga ferdselsregulering for Nyrøysaområdet, der CCAMLR-overvakinga finn stad. I dette området skal ein unngå direkte menneskeleg påverknad for å få best mogleg overvakingsresultat.

Framande artar

Bouvetøya har ein unik og stort sett urørt natur. Øya er éin av svært få stader i verda der det ikkje er registrert introduserte framande artar[1]. Framande artar er ein trussel mot miljøet. Desse kan vera svært hardføre, og kan i verste fall utkonkurrera dyr og planter som har etablert seg naturleg. Det biologiske mangfaldet vil då bli redusert. Etablerte framande artar kan ofte vera umoglege å bli kvitt.

Artar frå andre subantarktiske øyer eller frå polare område har størst sjanse til å kunna etablera seg på Bouvetøya. Dei er alt tilpassa denne typen miljø. Det er såleis særleg stor fare for introduksjon av framande artar når ein tek med utstyr som er brukt i slike område. Men den globale oppvarminga kan gje levedyktige forhold for fleire artar.

[1] Sjå til dømes Stortingsmelding 33 (2014-2015) Norske interesser og politikk for Bouvetøya.

Ferdselsbegrensning i Nyrøysaområdet

Forskrift av 24. juni 2005 nr. 687 om ferdselsbegrensning i Nyrøysaområdet på Bouvetøya fastset at i perioden 1. november til 15. mars kan opphald og ferdsel berre finne stad i samband med miljøovervakingsverksemd som Norsk Polarinstitutt har godkjent. Det er òg særskilde reglar for luftfartøy i perioden 1. november til 1. mai. Norsk Polarinstitutt kan gi dispensasjon frå føresegnene i forskrifta for forskingsaktivitet som ikkje kan utførast andre stader, og som ikkje kjem i konflikt med miljøovervakingsverksemda. Besøk for andre formål er ikkje lov i Nyrøysaområdet i den perioden ferdselsforbodet varer.Norsk Polarinstitutt kan gi nærmare opplysningar om forskriftene og om korleis ein søkjer om dispensasjon frå dei. 

Sikkerheit

Bortsett frå feltstasjonen i Nyrøysaområdet er det ingen infrastruktur på øya og heller inga stadleg redningsteneste. Alle som vil reise til Bouvetøya, må derfor vere sjølvforsynte med logistikk og ha beredskap for å kunne vareta sin eigen tryggleik. Det ligg som regel tåke over Bouvetøya, og ein må derfor rekne med ventetid når helikopteret skal lande. Det er få stader på øya som er eigna for opphald, og det kan vere farleg å opphalde seg på øya. Fjellsidene er ustabile, og rasfaren er stor. Iskappa som dekkjer det aller meste av øya, er ikkje kartlagd for sprekkar.

[1] Se for eksempel Meld.St. 33 (2014-2015) Norske interesser på Bouvetøya for ytterligere beskrivelse.