Polare stadnamn

Norsk Polarinstitutt er det offisielle organet for vedtak om stadnamn i norske polarområde. Nærmare bestemt Svalbard (inkludert Bjørnøya) og Jan Mayen med nære havområde, og likeins i sør: Dronning Maud Land, Bouvetøya og Peter I Øy med nære havområde.

Alle norske stadnamn i polarområda er samla i ein open søkbar database. For mange av namna ligg det også opplysningar om blant anna historie og opphav til namnet.

Systematisk arbeid frå 1925

Namnehistoria på Svalbard strekk seg langt tilbake i tid, og mange ekspedisjonar og nasjonar har bidrege til namnsetting. Det vart etter kvart eit behov for å systematisere og einsrette namna, og i 1925 fekk Noreg ansvaret for stadnamn på Svalbard, først gjennom «Spitsbergenekspedisjonane» deretter «Norges Svalbard- og Ishavs-undersøkelser» (NSIU) då institusjonen blei formelt etablert i 1928. I 1948 fekk NSIU også ansvar for kartlegging og stadnamn i dei norske områda i Antarktis, samstundes som institusjonen vart omdøypt til Norsk Polarinstitutt.

Namnekomite

Det er namnekomiteen ved Norsk Polarinstitutt som vedtek stadnamn.

Komiteen har to til fire møter per år, etter behov.

Komiteen kan kontaktast på post@npolar.no eller på telefon 77 75 05 00.

Retningslinjer for stadnamn i norske polarområde

1. Retningsliner for namngjeving

  1. Norsk Polarinstitutt, ein ytre etat under Klima-og miljødepartementet, har heimelen for handsaming av stadnamn i norske polarområde:
    • Svalbard og Jan Mayen med nære havområde
    • Dronning Maud Land, Bouvetøya og Peter I Øy med nære havområde
  2. Stadnamn som alt er i bruk på norske kart, skal ikkje brigdast med mindre særlege omsyn talar for det.
  3. Reglane som er gjevne i dette skrivet, har vorte tekne i bruk av Norsk Polarinstitutt. Dei skildrar prinsippa og framgangsmåtane for namnesetting, både med omsyn til stil og definisjon av grensene for det området som namnet gjeld for.
  4. Desse reglane gjeld nye stadnamn. Namnesettinga skal halde fram etter den tidlegare innarbeidde og praktiserte norske tradisjonen for namnesetting i norske polarområde. Hovudregelen er at stadnamna skal skrivast på nynorsk. Det skal leggjast vekt på at namna er stutte, velklingande og høvelege til objektet. Det skal òg takast med i vurderinga dei stadnamna som alt er gjevne i granneområda. Nye stadnamn skal helst vere skildrande.  Personnamn, til minne eller heider for personar, har tidlegare vore mykje nytta i polarområda. Ein skal vere varsam med å bruke slike no, særleg når personen har lita tilknyting til området.
  5. Berre framlegg av stadnamn som samsvarar med desse prinsippa, kan godkjennast.

2. Namneframlegg

  1. Alle kan kome med namneframlegg. I tillegg  vil alle stadnamn på kart, inkludert satellittbildekart og andre publikasjonar som ein veit om, verte handsama som namneframlegg. Namnekomiteen ved Norsk Polarinstitutt vil prøve å gje nye namn til område der offisielle namn er naudsynte m.a. for å tene som referansar i desse områda.
  2. Namneframlegg skal, så langt råd er, innehalde informasjon om opphavet til namnet, årsaka til framlegget, den eksakte posisjonen og grenser for det geografiske området eller objektet som vert namnsett.
  3. Nye framlegg av stadnamn for sjøkart i norske polarområde, som vert utgjevne av Statens kartverk Sjøkartverket, vert handsama av Namnekomiteen etter prinsippa som er skildra i dette skrivet.

3. Godkjenning av namn

  1. Namneframlegg kan godkjennast i ubrigda eller brigda form, avvisast, eller flyttast til ein annan lokalitet.
  2. Når eit namneframlegg på eit anna språk enn norsk vert godkjent skal det handsamast slik:
    • Når eit namneframlegg er sett saman av eit særnamn pluss ein deskriptiv term, held ein på særnamnet, og omset det deskriptive til eit norsk ord. Dersom det utanlandske namnet er gjeve i eit framandt skriftalfabet (eit anna enn det latinske), held ein på førstelekken i transkribert form. Eksempel: Mühlig-Hofmann-Gebirge vert Mühlig-Hofmannfjella.
    • Eit namneframlegg som er sett saman av ein deskriptiv term eller eit abstrakt eller konkret substantiv, og ein vanleg geografisk term, omset ein til vanleg heile namnet. Unntak vert gjort når det er vanskeleg å finne norske ord som samsvarar godt med det opphavlege namnet. Eksempel: Twin Rocks vert Tvillingane eller Tvillingholmane.
  3. Dersom eit personnamn kan godkjennast, og det i namneframlegget er nytta både føre- og etternamn, skal ein til vanleg nytte berre eitt av desse i stadnamnet, og då primært etternamnet.
  4. Når namneframlegget er svært langt eller sett saman av fleire namn, skal ein prøve å stytte det.
  5. Der det ligg føre to eller fleire stadnamn på same terrengformasjon, og båe (alle) namna i prinsippet kan godkjennast etter desse retningslinene, skal til vanleg det fyrst publiserte namnet godtakast.

4. Endring av eit stadnamn

  1. Eit stadnamn kan endrast dersom det etter gransking vert funne at det nytta namnet er misvisande, feil eller forvirrande.

5. Endelege vedtak om stadnamn

  1. Norsk Polarinstitutt er det offisielle organet for vedtak om stadnamn i norske polarområde definert i 1.1. Når det er naudsynt, vert stadnamnkonsulentane for nynorsk, nytta som rådgjevande organ.
  2. Klage over namnehandsaminga som er utført av Norsk Polarinstitutt i norske polarområde, kan rettast til Klima-og miljødepartementet som har den endelege avgjerda.

6. Stadnamnregister og kjelder

  1. Hovuddelen av alle godkjende namn, namneframlegg og historisk kjeldemateriale om namn i norske polarområde er samla i eit stadnamnregister ved Norsk Polarinstitutt. Godkjende namn er knytte til dei nyaste topografiske karta der slike finst. (Godkjende namn er òg brukte i andre publikasjonar frå Norsk Polarinstitutt. Mange av dei publikasjonane er gjevne ut på engelsk.)
  2. Norsk Polarinstitutt som er ansvarleg for kartlegginga av norske polarområde har følgjande kart og andre publikasjonar som er verdfulle kjelder som stadnamnreferansar:
    • Topografiske kart: Svalbard 1:100.000
    • Jan Mayen 1:50.000
    • Dronning Maud Land 1:250.000
    • Peter I Øy 1:50.000
    • Bouvetøya 1:20.000
    • The Place Names of Svalbard. Norsk Polarinstitutt Rapportserie, Nr 122, 2003
    • Orvin, Anders K.: The Place Names of Jan Mayen, Norsk Polarinstitutt Skrifter Nr.120, 1960
    • Gjelsvik, T.: Place-names of Heimefrontfjella and Lingetoppane, Dronning Maud Land, Antarctica. Norsk Polarinstitutt Rapportserie Nr. 54, 1989
    • Hydrografiske kart i ymse målestokkar (gjevne ut av Norsk Polarinstitutt til slutten av 1983, deretter av Statens kartverk, Sjøkartverket)

Alle stadnamn i dei norske polarområda skal ha nynorsk språkdrakt. Det heiter til dømes «Skuggefjellet» og skrivemåten skal vera slik også i bokmålstekstar.

Medan namna på Svalbard skal vera norske, gjeld det andre reglar i Antarktis. Her har Noreg sidan 1974 hatt avtale med Storbritannia om å ikkje omsette kvarandre sine stadnamn i dei respektive kravområda. 

Den internasjonale vitskapelege komiteen for antarktisforsking, SCAR? arbeider blant anna for eit einskapleg namneverk i Antarktis, dvs. at kvart terrengobjekt skal ha berre eitt namn. Dei har også ein eigen database for stadnamn i Antarktis.

Og medan vår eigen database for det meste inneheld norske namn, har denne databasen som mål å innehalde alle stadnamn frå alle nasjonar sør for 60 grader sørleg bredde, både på land og til havs, og over og under sjø og is.

Historia bak nokre av namna