Norsk Polarinstitutts boksamling inneheld meir enn 15 000 bind, for det meste spesialisert litteratur om dei polare områda. Biblioteket er open for alle interesserte.

Ein monaleg del av samlinga består av polarhistorisk litteratur om ekspedisjonar og utforsking i Arktis og Antarktis, frå pionertida og opp til i dag. Vitskapeleg litteratur, knytt til både dei polare områda og meir generelt, utgjer det andre hovudfokuset i samlinga.

Lån

Du kan låne dei fleste bøkene våre anten ved å besøke biblioteket i Tromsø eller du kan bestille fjernlån gjennom eit anna fagbibliotek eller folkebibliotek.

Vi låner ikkje ut:

  • bøker som er utgjevne før år 1900
  • småskrifter, dagbøker, arkivmateriale eller sjeldne, sårbare dokument, men du kan kjøpe kopiar.

Avisklipp

sacsaa

Nobile-samlinga

sacsaa

Dagbøker

sacsaa

Skipsregister og loggbøker

sacsaa

Diverse

sacsaa

Polar bokkafe

Vi inviterer til litterært påfyll frå kalde strøk! Med jamne mellomrom utfordrar vi ulike gjestar til å fortelje om ei utvald bok frå vår store polarsamling.